<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<skriftlige_innspill_oversikt xmlns:i="http://www.w3.org/2001/XMLSchema-instance" xmlns="http://data.stortinget.no">
  <respons_dato_tid>2026-11-23T02:29:44.6252218+01:00</respons_dato_tid>
  <versjon>1.6</versjon>
  <horing_id>10005719</horing_id>
  <horing_type>komite</horing_type>
  <komite>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T02:00:21.4192045+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <id>NÆRING</id>
    <navn>Næringskomiteen</navn>
  </komite>
  <skriftlige_innspill_liste>
    <skriftlig_innspill>
      <dato>2026-03-23T14:46:56.0636880+01:00</dato>
      <id>81220</id>
      <organisasjon>Norges Bondelag</organisasjon>
      <tekst>&lt;p&gt;Vi viser til representantforslag om naturskadeordningen; 134 S (2025-2026) med konkrete forslag.&amp;nbsp;&amp;nbsp; Norges Bondelag kjenner seg att i korleis bakgrunnen for forslaga vert skildra.&amp;nbsp; Fleire av forslaga er gode og naudsynte.&amp;nbsp; Vi ynskjer å kome med innspel til nokon av dei konkrete framlegga.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Forslag 1, 2 og 4&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Vi støttar forslaget om ein gjennomgang av ordninga.&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Dagens sakshandsamingstid i Landbruksdirektoratet er for lang. &amp;nbsp;&amp;nbsp;Dei siste tre åra har den vore på kring 1 år eller lenger.&amp;nbsp; Særleg er dette utfordrande for grunneigarar som er råka av store samansette skader. &amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Det er stor trong for å sjå på korleis sakshandsaminga kan bli betre og meir effektiv.&amp;nbsp; Det vil vere ei god løysing å samarbeide tettare med dei som sit på lokal kunnskap kring hendingane i kommunane og hos Statsforvalteren. &amp;nbsp;&amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Erfaringane frå dei råka fylka i 2023 (Hans I og II) , og tidlegare hendingar sakshandsama etter ny forskrift viser et tydeleg behov for informasjon og hjelp til den einskilde grunneigar.&lt;/p&gt;
&lt;ul&gt;
&lt;li&gt;Avstanden mellom sakshandsamar og dei råka grunneigarane blir for lang.&lt;/li&gt;
&lt;li&gt;Med dagens ordning står den enkelte grunneigar åleine i dialogen med Landbruksdirektoratet. Det kan vere vanskeleg å få klargjort saka si fullt ut på ein riktig måte.&amp;nbsp;&lt;/li&gt;
&lt;li&gt;Norges Bondelag sitt innspel i 2016, til endra lovverk, er i høgaste grad gyldig i dag: &lt;i&gt;Norges Bondelag vil på dette grunnlag be Landbruks- og matdepartementet om å ta initiativ til at det blir etablert en god kommunal beredskap som er egnet som førstelinjetjeneste for de skadelidte ved naturskade. Kommunen bør ha ansvar for å bistå ved utarbeidelse av søknad om naturskadeerstatning og være det organ som mottar, registrerer og videresender søknaden til Landbruksdirektoratet. &lt;/i&gt;&lt;/li&gt;
&lt;/ul&gt;
&lt;p&gt;Skadar etter naturhendingar vil ofte vere konsentrert kring nokon dalføre/landsdelar eller i nokon avgrensa geografiske område, der ein opplever til dømes styrtregn.&amp;nbsp; Mange av skadane er knytt til vatn på avvegar og dette råkar ulikt.&amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp;I slike tilfelle er lokalkunnskapen viktig for å kunne vurdere skade, tiltak og erstatning på ein rettmessig, rask og god måte. &amp;nbsp;Vi er samd i at sterkare involvering av lokal kunnskap i sakshandsaminga vil betre ordninga.&amp;nbsp; Å gje kommunane ei sterkare plikt til å rettleie og hjelpe grunneigarane i søknadsfasen vil vere nyttig.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Vi vil likevel understreke, at å flytte ansvar for forvaltninga til kommunane, utan at det føl økonomiske ressursar med, ikkje vil betre sakshandsaminga. Som regel er det også slik at kommunane ikkje kan ha ståande beredskap for å handsame naturskadar, på same måte som eit statleg organ som handsamar saker over heile landet.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;
&lt;/p&gt;&lt;p&gt;&lt;b&gt;Forslag 3&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Vi støttar forslaget&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Forslag 5 &amp;nbsp;&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Vi støttar forslaget &amp;nbsp;&amp;nbsp;&amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Dette er det største hòlet i tolkinga av dagens lovverk.&lt;b&gt;&amp;nbsp; &amp;nbsp;Det hastar med å få gjort noko. &amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;I Naturfareforum sin rapport, som vart utarbeidd, som ein del av førearbeidet til Meld.St.27 (2023-2024); Tryggare Framtid – førebudd på flaum og skred.&amp;nbsp;&amp;nbsp; &amp;nbsp;I NVE sin rapport nr. 21/2023 &lt;i&gt;"Forvaltningsregimet for naturfarer i Norge - statlig fagansvar" &lt;/i&gt;står det mellom annan følgande: &amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;i&gt;«Prosjektgruppa har merket seg at flomvern mot landbruksarealer verken er dekket over erstatningsordningene for naturskade eller når opp i prioriteringen over NVE sin ordning for bistand til sikringstiltak. Med de klimaendringer vi står overfor vil dette på sikt kunne ha negative konsekvenser for framtidig matproduksjon på store arealer. &lt;/i&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Forslag 6&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Vi støttar forslaget. &lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;På grunn av utilstrekkelege midlar til NVE sitt flaum- og skredsikringsarbeid, er direktoratet nøydde til å prioritere kva som skal sikrast.&amp;nbsp; Ifølge rapporten nr. 21/2023 er sikringstiltak:&amp;nbsp;&amp;nbsp; &lt;i&gt;«… primært rettet mot sikring av bebyggelse. NVE prioriterer bistand til sikring basert på samfunnsøkonomisk lønnsomhet. Sikring av landbruksarealer vil derfor bare unntaksvis bli prioritert».&lt;/i&gt; &amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Vi meiner at det er gode grunnar for at matjorda bør prioriterast høgt på denne lista grunngjeve med den samfunnsøkonomiske nytten og betydninga det har å ta vare på denne ressursen.&amp;nbsp; Saman med auka geopolitisk uro, fører klimaendringane til store konsekvensar for matproduksjonen i verda.&amp;nbsp; Norge må difor ta meir ansvar for sin eigen matproduksjon i framtida.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Auka sjølvforsyning er eit politisk vedteke mål. I NOU 2023:17 &lt;i&gt;«Nå er det alvor – rustet for en usikker fremtid»&lt;/i&gt; frå Totalberedskapskommisjonen og Riksrevisjonen sitt dokument 3:4 (2023-2024) «Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet» vert det stadig aukande behovet for å sikre Norges matproduksjon og sjølvforsyning, som ein kritisk del av landet sitt beredskapsarbeid, sterkt understreka.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Totalberedskapskommisjonen tilrår: &lt;i&gt;«… å videreføre en restriktiv jordvernpraksis for å sikre&amp;nbsp; nødvendige arealer til matproduksjon, inkludert å vurdere virkemiddelbruk».&lt;/i&gt;&amp;nbsp; Ekstremvær og naturkatastrofar truar ikkje berre hus og infrastruktur, men også matjord og dyrka areal.&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;For å sikre landet sitt produksjonsgrunnlag for landbruk og matproduksjon, må tiltak for å hindre at matjorda vert øydelagt som følge av flaum, erosjon, tørke eller ras også prioriterast. &amp;nbsp;&amp;nbsp;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Prioritering av reparasjon og gjenoppretting av sikringstiltak i landbruket vil vere kritisk for Norge sin mattryggleik, men det vil også vere samfunnsøkonomisk svært gunstig. &amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Utilstrekkeleg sikring av matjorda har også mange direkte kostnader. &amp;nbsp;Dersom det ikkje vert prioritert midlar til å reparere og gjenopprette desse sikringstiltaka, vil vi sjå vesentleg større øydeleggingar når neste ekstremvær treff – og dermed også større kostnader over mellom anna naturskadeordninga. Det vil difor vere betydeleg meir samfunnsøkonomisk gunstig for Norge å prioritere midlar til førebyggande sikring &amp;nbsp;&lt;i&gt;før&lt;/i&gt; ei hending skjer, samanlikna med gjenopprettande tiltak i etterkant.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Forslag 7&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&lt;b&gt;Vi støttar forslaget&lt;/b&gt;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;
&lt;/p&gt;&lt;p&gt;Lukke til med viktig arbeid&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;
&lt;/p&gt;&lt;p&gt;Med venleg helsing&lt;br&gt;Elektronisk godkjent, utan underskrift&lt;br&gt;Erlend Stabell Daling&amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp;Merete Støfring,&lt;br&gt;Avd. sjef/ advokat&amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; &amp;nbsp; Seniorrådgjevar&lt;/p&gt;</tekst>
      <tittel>Fråsegn Norges Bondelag - Representantforslag om naturskadeordningen</tittel>
    </skriftlig_innspill>
  </skriftlige_innspill_liste>
</skriftlige_innspill_oversikt>