<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<skriftlige_innspill_oversikt xmlns:i="http://www.w3.org/2001/XMLSchema-instance" xmlns="http://data.stortinget.no">
  <respons_dato_tid>2026-11-23T02:29:30.5145+01:00</respons_dato_tid>
  <versjon>1.6</versjon>
  <horing_id>10005710</horing_id>
  <horing_type>komite</horing_type>
  <komite>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T02:00:21.4192045+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <id>TRANSKOM</id>
    <navn>Transport- og kommunikasjonskomiteen</navn>
  </komite>
  <skriftlige_innspill_liste>
    <skriftlig_innspill>
      <dato>2026-03-17T20:43:32.5905430+01:00</dato>
      <id>80120</id>
      <organisasjon>Haram Senterparti</organisasjon>
      <tekst>&lt;p&gt;Haram Senterparti meiner at det er heilt naudsynt å gjere noko med den store bompengebelastninga på Nordøyvegen. Vi meiner at å senke taket frå 40 passeringar kan gi ei stor positiv effekt.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Vi har fleire innspel til tiltak som det bør opnast for at fylkeskommunen kan gjere. Vi meiner at det burde gå an å ha ein timesregel eller likande, slik mange bomringar har. Då ville det vere mogleg å skysse folk til kolletivknutepunktet som ligg på andre sida av bommen utan å bli belasta dobbelt.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Kostnaden for å køyre eit barn/ungdom til trening eller anna er svært høg. Det er sjølvsagt også ønskeleg at prisen per passering vert redusert frå den høge prisen som er no. Men for lokalbefolkninga er ein reduksjon i taket, og eventuelt andre tiltak som kan redusere kvardagskostnaden det aller viktigaste. Intensjonen med Nordøyvegen var, i tillegg til fastlandsforbindelse, å skape bulyst og attraksjon. Vi ser tilflytting, men potensialet ville vere mykje høgare med lågare kostnader.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Det aller viktigaste er at Stortinget endrar bompengeproposisjonen slik at fylket som vegeigar får moglegheit til å gjere slike justeringar tilpassa utviklinga og behovet lokalt i fylket. Kostnaden i dag gjer det svært kostbart for pendlarar, og kan også hindre ny busetting.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Det rammar hardt dei som har berre ei inntekt og framleis må pendle, spesielt dei som har bensin- eller dieselbil. Vi håper at regjeringa kan gå i dialog med fylket, og at Stortinget vedtek ei løysing som gjer det praktisk mogleg å gjere kvardagen til øyingane betre.&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;&amp;nbsp;&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Helsing&lt;/p&gt;
&lt;p&gt;Haram Senterparti&lt;/p&gt;</tekst>
      <tittel>Høyringssvar frå Haram Senterparti om forslaget om reduksjon i bompengebelastninga for Nordøyvegen</tittel>
    </skriftlig_innspill>
  </skriftlige_innspill_liste>
</skriftlige_innspill_oversikt>