<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 492
S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
fra kontroll- og konstitusjonskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Dokument 2 (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens
årsrapport for 2024</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon Id="i1000455">
<Kapittel Num="Ja">
<Tittel>Sammendrag</Tittel>
<Seksjon2>
<Tittel>Kort om Riksrevisjonen</Tittel>
<Seksjon3 Id="i1000457">
<Tittel>Samfunnsoppdraget</Tittel>
Riksrevisjonen er Stortingets revisjons- og
kontrollorgan og skal bidra til den demokratiske kontrollen med
at ressursane til staten blir forvalta forsvarleg og effektivt og
i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.
</Seksjon3>
<Seksjon3 Id="i1000459">
<Tittel>Kva Riksrevisjonen undersøkjer</Tittel>
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Er statlege rekneskapar
korrekte?
</Pkt>
<Pkt>
Blir det Stortinget har bestemt, gjennomført
på ein effektiv måte?
</Pkt>
<Pkt>
Korleis blir pengane Stortinget har løyvd,
brukte?
</Pkt>
<Pkt>
Jobbar statsforvaltninga i tråd med lover
og reglar?
</Pkt>
</Liste>
</Seksjon3>
<Seksjon3 Id="i1000461">
<Tittel>Kven Riksrevisjonen undersøkjer</Tittel>
<Subsek4>
<Tittel>Regjeringa</Tittel>
Den utøvande styresmakta i Noreg. Har ansvar
for å utføre det Stortinget bestemmer. Har òg initiativrett og føreslår
saker som blir behandla av Stortinget.
</Subsek4>
<Subsek4>
<Tittel>Statsforvaltninga</Tittel>
Det administrative apparatet til regjeringa.
Inkluderer departement, direktorat, tilsyn og andre statlege verksemder.
</Subsek4>
<Subsek4>
<Tittel>Statlege selskap</Tittel>
Staten eig mange ulike selskap, både heilt og
delvis. Gjennom selskapskontroll undersøkjer vi om regjeringa tek
vare på eigarinteressene til staten slik Stortinget har bestemt.
</Subsek4>
</Seksjon3>
</Seksjon2>
<Seksjon2 Id="i1000463">
<Tittel>Aktivitetar og resultat i 2024</Tittel>
<Seksjon3 Id="i1000465">
<Tittel>Revisjonar og undersøkingar</Tittel>
<Seksjon4>
<Tittel>Revisjon av årsrekneskapane og revisjon av statsrekneskapen</Tittel>
Riksrevisjonen har revidert statsrekneskapen
og 235 årsrekneskapar for departement, statlege verksemder og fond
for 2023. Dette inkluderer årsrekneskapen for Sametinget.
Kontrollen av statsrekneskapen byggjer på den
finansielle revisjonen av departementa og dei underliggjande verksemdene
og dessutan revisjonshandlingar retta mot sjølve statsrekneskapen.
Dokument 1 (2024–2025) viser at rekneskapane
til staten i all hovudsak er rette og i samsvar med lover og reglar.
Riksrevisjonen fann i årsrekneskapane for 2023
at Statistisk sentralbyrå, Forsvaret, Forsvarsbygg, Helsedirektoratet,
Kriminalomsorgsdirektoratet, Norsk polarinstitutt og Havforskingsinstituttet
hadde vesentlege feil og manglar. Riksrevisjonen avdekte òg brot
på administrativt regelverk hos sju verksemder. Dette inneber at verksemda
har disponert løyvingane på ein måte som i vesentleg grad strir
mot administrative regelverk om økonomistyring i staten.
Statsrekneskapen er ei samanstilling av alle
statlege rekneskapar. Kontrollen av statsrekneskapen byggjer på
den finansielle revisjonen av departementa og dei underliggjande
verksemdene og dessutan revisjonshandlingar retta mot sjølve statsrekneskapen.
Riksrevisjonen meiner at statsrekneskapen for 2023 i det vesentlege
er rett avlagd og presentert.
Revisjon av disposisjonar knytte til årsrekneskapen handlar
om å kontrollere at statlege verksemder brukar pengane slik Stortinget
har bestemt, og at dei følgjer lover og reglar. I 2024 rapporterte
Riksrevisjonen fem revisjonar av disposisjonane til Stortinget i
Dokument 1 (2024–2025).
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Årleg selskapskontroll</Tittel>
Riksrevisjonen har kontrollert selskap der staten har
ein stor eigardel. Riksrevisjonens kontroll for 2023 har omfatta
forvaltninga av staten sine interesser under 13 departement og gjeld
42 heileigde aksjeselskap, 24 deleigde aksjeselskap, eitt ansvarleg
selskap med delt ansvar, seks allmennaksjeselskap (ASA), åtte statsføretak,
fire regionale helseføretak, 15 studentsamskipnader og ytterlegare
seks selskap som er organiserte ved særskild lov. Mange av selskapa
utfører samfunnskritiske oppgåver eller utgjer ein stor del av verdiskapinga
i landet.
Kontrollen for rekneskapsåret 2023 har ikkje
påvist større manglar ved eigarskapsutøvinga.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Forvaltningsrevisjon</Tittel>
Det nye riksrevisorkollegiet fastsette i 2022
eit rammeverk for strategiske prioriteringar av revisjonsoppgåver.
Føremålet med overordna styringssignal er å bidra til at sakene
som vert fremja for Stortinget, tek opp dei aller viktigaste temaa
for det norske samfunnet. Dei følgjande tema skal prioriterast:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Omstillinga i samfunnet
for å takle klimautfordringane
</Pkt>
<Pkt>
Samfunnstryggleik og beredskap, inkludert
IKT-tryggleik
</Pkt>
<Pkt>
Forbetring av offentleg sektor, inkludert
digitalisering
</Pkt>
<Pkt>
Forhold som har særleg betydning for ressurstilgangen
i samfunnet
</Pkt>
<Pkt>
Forhold som har særleg betydning for ressursbruken
i samfunnet
</Pkt>
<Pkt>
Varetaking av sårbare grupper
</Pkt>
</Liste>
Dei seks temaa er ikkje rangerte. Det kan òg
vere nødvendig å undersøkje andre tema på bakgrunn av risiko og
vesentlegheit.
I 2024 rapporterte Riksrevisjonen 13 forvaltningsrevisjonar
til Stortinget.
<Subsek5>
<Tittel>Grader av kritikk</Tittel>
Riksrevisjonen nyttar tre ulike kritikkformer
for dei sakene som vert rapporterte til Stortinget. Kritikken blir kategorisert
som anten sterkt kritikkverdig, kritikkverdig eller ikkje tilfredsstillande.
Det er kollegiet som vedtek alvorsgraden i kvar enkelt sak.

<Uth Type="Kursiv">Sterkt kritikkverdig</Uth>

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når
dei finn alvorlege svakheiter, feil og manglar som ofte kan få svært
store konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.

<Uth Type="Kursiv">Kritikkverdig</Uth>

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når
dei finn betydelege svakheiter, feil og manglar som ofte vil kunne
få moderate til store konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.

<Uth Type="Kursiv">Ikkje tilfredsstillande</Uth>

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når
dei finn svakheiter, feil og manglar, men som i mindre grad får
direkte konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.
Stortinget har understreka kor viktig
det er at Riksrevisjonen vurderer vesentlegheit og risiko på tvers
av departementa og gjennomfører sektorovergripande undersøkingar.
Fire av dei rapporterte undersøkingane i 2024 involverte fleire
departement. Talet på slike undersøkingar vil variere noko frå år
til år.
Ved inngangen til 2025 arbeidde Riksrevisjonen med
ytterlegare 18 forvaltningsrevisjonar. Åtte av desse involverer
fleire departement. Vidare er ni av dei pågåande forvaltningsrevisjonane
retta mot statlege selskap eller område der statlege selskap er
eit vesentleg verkemiddel.
</Subsek5>
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Riksrevisjonens arbeid med misferd</Tittel>
Grunnlaget for Riksrevisjonens ansvar for å
bidra til å førebyggje og avdekkje mislege handlingar byggjer på lov
om Riksrevisjonen § 1-2. Omfanget av ansvar og den praktiske gjennomføringa
byggjer på krava i INTOSAI sine standardar for dei tre revisjonstypane
og Riksrevisjonens retningslinjer. Avdekking av mislege handlingar
er ikkje hovudmålet med revisjonen, men revisoren tek med risikoen
for mislege handlingar ved oppstarten av alle revisjonar. Revisoren
er òg merksam på indikasjonar på mislege handlingar ved gjennomføringa
av revisjonen. Rutinane gjeld for alle revisjonstypane. Dersom revisoren
identifiserer lovbrot eller indikasjonar på dette, må revisoren
følgje dette opp i samsvar med lov om Riksrevisjonen og ISSAI 2240.
I 2024 blei det gjennomført ein forvaltningsrevisjon med
mislege handlingar som tema: Risikoen for økonomiske misligheter
i forvaltningen av bistanden. Riksrevisjonen vurderte det som kritikkverdig
at Utanriksdepartementet og Norad sitt arbeid med å førebyggje,
avdekkje og følgje opp økonomisk mislege handlingar ikkje er i samsvar
med kva eigenarten, risikoen og vesentlegheita til bistandsforvaltninga
skulle tilseie. Samla sett er forvaltninga si handtering av risikoen
for økonomisk mislege handlingar i bistanden ikkje så effektiv som
han kunne og burde ha vore. Svakheitene aukar risikoen for økonomisk
mislege handlingar i tilknyting til norske bistandsmidlar og for
at desse handlingane ikkje blir avdekte eller stoppa på eit tidleg
tidspunkt.
Riksrevisjonen har ein kryptert elektronisk
tipskanal der dei får tips om mislege handlingar, opplysningar som
gir grunn til mistankar om mislege handlingar, og andre kritikkverdige
handlingar i statsforvaltninga. Riksrevisjonen fekk 84 tips i 2024
(82 i 2023). Tipsa fører sjeldan til eigne revisjonar, men er med
på å gi relevant sektorinformasjon.
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
17 av tipsa var frå
tilsette som tipsa om forhold i eiga verksemd.
</Pkt>
<Pkt>
15 av tipsa handla om offentlege anskaffingar.
</Pkt>
<Pkt>
50 prosent av tipsa blei sende inn med
fullt namn på avsendaren. Kanalen er kryptert, og namnet på avsendaren
blir skjerma i arkivet. Når tipsaren sender med namn, er det mogleg
for Riksrevisjonen å kommunisere med vedkomande.
</Pkt>
</Liste>
</Seksjon4>
</Seksjon3>
<Seksjon3 Id="i1000467">
<Tittel>Måloppnåing innan dei strategiske måla</Tittel>
<Seksjon4 Id="i1000469">
<Tittel>Riksrevisjonen skal vere den fremste
leverandøren i samfunnet av aktuell og relevant offentleg revisjon</Tittel>
<Subsek5>
<Tittel>Bidrag til Stortingets kontroll med forvaltninga</Tittel>
I Innst. 41 L (2024–2025) Innstilling
frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Rapport fra utvalget til
å utrede Riksrevisjonens virksomhet viste kontroll- og konstitusjonskomiteen
til at Riksrevisjonen har vore eit organ for både Stortinget sin
konstitusjonelle kontroll og for den parlamentariske kontrollen
med regjeringa. Komiteen framheva igjen det han uttalte i samband med
førre lov om Riksrevisjonen, ref. Innst. O. nr. 54 (2003–2004):
<Sitat>
«Komiteen viser til at Riksrevisjonen
bidrar med viktige innspill til Stortingets egen kontroll og fører kontroll
med regjering og forvaltning på Stortingets vegne. Riksrevisjonen
legger viktige føringar for Stortingets kontrollarbeid gjennom sin
behandling og innstilling på desisjon av de sentrale statsregnskaper,
og sine rapporter som gir grunnlag for å vurdere om statsrådane
har følgt opp sitt ansvar. Dette gir muligheter for å rette opp
feil og mangler. Komiteen viser videre til at Riksrevisjonen har
selvstendige revisjons- og kontrolloppgaver i forhold til den underliggende
forvaltning».
</Sitat>
I samband med behandlinga av Dokument 2 (2023–2024)
understreka kontroll- og konstitusjonskomiteen «den svært viktige
oppgaven Riksrevisjonen har for å sikre en god, ryddig og profesjonell
offentlig sektor i Norge».
Riksrevisjonen kartla Stortinget sin bruk av
rapportane i 2023. Denne analysen viste at stortingsrepresentantane
i 2023 refererte til 45 undersøkingar frå Riksrevisjonen i arbeidet
sitt. Dette kjem i tillegg til den ordinære behandlinga av undersøkingane.
Dei 45 undersøkingane blei brukte i totalt 121 tilvisingar og fordelte
seg på debattar, innstillingar, skriftlege spørsmål, representantforslag
og spørjetimar.
</Subsek5>
<Subsek5>
<Tittel>Bidrag til forbetring av forvaltninga</Tittel>
Riksrevisjonen følgjer normalt opp undersøkingar to
til tre år etter at Stortinget har behandla dei. Oppfølginga av
tidlegare revisjonar viser at forvaltninga gjennomfører endringar
og forbetringar i etterkant av revisjonane. I nokre tilfelle avsluttar
Riksrevisjonen oppfølginga sjølv om det på tidspunktet for oppfølginga
er for tidleg å vurdere om dei endringane som er sette i verk, vil
føre til betre resultat. Dette kjem som hovudregel av at Riksrevisjonen
vurderer forvaltninga si oppfølging av Stortingets og Riksrevisjonens
merknader som tilfredsstillande.
I 2024 har Riksrevisjonen følgt opp 25 tidlegare
saker. I 22 av sakene avslutta Riksrevisjonen oppfølginga, men dei
resterande 3 sakene følgjast vidare.
Dei årlege brukarundersøkingane viser at forvaltninga
opplever at revisjonane er relevante og nyttige, og at dei blir
brukte til konkrete forbetringar. Tilbakemeldingane er gjennomgåande
gode, og variasjonane er små frå år til år. Den opplevde nytta har
lege stabilt høgt dei siste åra. Dette gjeld både for finansiell
revisjon og for forvaltningsrevisjon. Undervegs i revisjonane rettleiar
Riksrevisjonen departementa og verksemdene. Erfaringa er at rettleiinga
er godt eigna til å bidra til læring, utvikling og retting av feil
og manglar.
</Subsek5>
<Subsek5>
<Tittel>Nytte, truverd og relevans for allmenta</Tittel>
Undersøkingane er viktige bidrag i samfunnsdebatten,
og media er den viktigaste kanalen Riksrevisjonen har for å formidle
funn til innbyggjarane. I 2024 blei Riksrevisjonen omtalt rundt
5 500 gonger i media. Undersøkingane med flest omtalar i media:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Riksrevisjonen si
undersøking av Helseplattforma i Midt-Noreg
</Pkt>
<Pkt>
Riksrevisjonen si undersøking av arbeidsretta bistand
frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet
</Pkt>
<Pkt>
Riksrevisjonen si undersøking av styresmaktene
sitt arbeid med å redusere forseinkingar og innstillingar på jernbanen
</Pkt>
</Liste>
</Subsek5>
</Seksjon4>
</Seksjon3>
</Seksjon2>
<Seksjon2 Id="i1000473">
<Tittel>Ny strategisk plan for Riksrevisjonen
(2025–2027)</Tittel>
Ny strategisk plan skulle vore gjeldande frå
1. mai 2024, men blei vidareført ut 2024 i påvente av ei ny lov. Riksrevisjonens
strategiske plan for 2025–2027 blei derfor vedtatt av kollegiet
17. desember 2024. Planen er omtala i kapittel 4 i årsmeldinga.
<Subsek3>
<Tittel>Samfunnsmandat</Tittel>
Riksrevisjonen skal bidra til den demokratiske
kontrollen med at ressursane til staten blir forvalta forsvarleg
og effektivt og i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.
</Subsek3>
<Subsek3>
<Tittel>Visjon</Tittel>
Revisjon til nytte for morgondagens samfunn
</Subsek3>
<Subsek3>
<Tittel>Strategisk hovudretning for perioden 2025–2027</Tittel>
Riksrevisjonen skal
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
spesialisere seg
innan rekneskapsrevisjonen
</Pkt>
<Pkt>
utvikle ein meir variert portefølje av
forvaltningsrevisjonar
</Pkt>
<Pkt>
bruke nye teknologiske moglegheiter
</Pkt>
<Pkt>
effektivisere arbeidsprosessar og organisering
</Pkt>
<Pkt>
hente ut økonomiske gevinstar og investere
dei i kompetanse og teknologi
</Pkt>
</Liste>
</Subsek3>
</Seksjon2>
<Seksjon2 Id="i1000475">
<Tittel>Internasjonalt engasjement</Tittel>
Riksrevisjonen har stor breidd i det internasjonale arbeidet.
Det internasjonale engasjementet er omtala i
kapittel 5 i årsmeldinga. Riksrevisjonen er aktive medlemer i internasjonale
fagorganisasjonar for riksrevisjonar, inngår partnarsamarbeid for
å styrkje riksrevisjonar i svake demokrati, og deltek i revisjon
av internasjonale organisasjonar.
I den strategiske planen for 2025–2027 er det
ei konkret målsetjing om at Riksrevisjonen skal «bidra til utvikling
av offentleg revisjon internasjonalt og gi hjelp til riksrevisjonar
i land der vi kan bidra til auka kapasitet og sjølvstende». Under
satsingsområdet «sikre kompetanse» blir det slege fast at Riksrevisjonen
skal «samarbeide og dele erfaringar med andre riksrevisjonar, revisjonsmiljø
og akademia for å utvikle morgondagens revisjon».
<Seksjon3 Id="i1000477">
<Tittel>Utvikling av offentleg revisjon</Tittel>
Utviklinga av offentleg revisjon internasjonalt
skjer hovudsakleg gjennom The International Organization of Supreme
Audit Institutions (INTOSAI), som er den globale organisasjonen
for riksrevisjonar. Organisasjonen utviklar standardar og eit felles
internasjonalt rammeverk for offentleg revisjon, bidreg til kompetansedeling
og arbeider for at riksrevisjonar skal vere uavhengige.
Samarbeid med dei nordiske riksrevisjonane
er framleis ein prioritet.
<Seksjon4>
<Tittel>Fagleg hjelp til partnarinstitusjonar i utviklingsland
og nye demokrati</Tittel>
Felles internasjonale standardar for revisjon
gir eit godt utgangspunkt for å støtte andre riksrevisjonar i arbeidet
deira med å betre forvaltninga av fellesskapsressursane i landet.
Dette støttar opp om norske utanriks- og utviklingspolitiske målsetjingar
ved å bidra til utvikling av godt styresett og førebygging av korrupsjon.
I 2024 har Riksrevisjonen ført vidare det bilaterale institusjonelle
samarbeidet med riksrevisjonane i Nord-Makedonia, Namibia, Uganda
og Albania. Riksrevisjonen har bidrege til etablering og opplæring
av einingar for IT-revisjon / IT-revisjonsteam i fleire riksrevisjonar
i samarbeidsland. Desse teama har vore med på å kontrollere sentrale
IT-system i forvaltninga og styrkje evna landa har til å avdekkje
og førebyggje risikoar knytte til digitale styringssystem.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Spesielt satsingsområde i 2024: støtte til revisjon
av IT-tryggleik på Balkan</Tittel>
Offentleg forvaltning blir digitalisert i raskt
tempo over heile verda, og stadig fleire tenester og system er eksponerte
for internett. Talet på cyberangrep har stige parallelt med digitaliseringa.
For å verne data og offentlege tenester mot forstyrringar og eksponering
må IT-revisorar forstå korleis tryggleiksbrot skjer, og korleis dei
kan forhindrast. Internasjonalt opplever Riksrevisjonen stadig større
etterspurnad etter auka kompetanse på IT-system og betre forståing
av korleis dei påverkar tryggleiken og risikoar i ulike organisasjonar.
I 2024 brukte Riksrevisjonen 11,3 mill. kroner
i bistandsmidlar til OECD-DAC, mot 11,8 mill. kroner i 2023. Beløpet
omfattar kostnader til utviklingssamarbeidet, som direkte utgifter
og løn til medarbeidarane som deltek.
Finansiering av bistanden inngår i Riksrevisjonen sitt
budsjett utan øyremerking og må prioriterast innanfor den samla
budsjettramma. Riksrevisjonen sin bistandsverksemd er noko redusert
dei seinare åra. Dette kjem av ein kombinasjon av at det reelt er
mindre midlar som er stilte til rådvelde, og at det har vore ei
kostnadsutvikling for internasjonale reiser og opphald som langt
har overgått inflasjonen innanlands.
Budsjettet til bistandsverksemda er lågt i forhold
til det som blir rekna som nødvendig for å ha eit bistandsfagleg
godt tilbod over tid. Særleg er det utfordrande at det per i dag
ikkje er mogleg å finansiere stadlege rådgivarar i utlandet.
Stortinget har vedteke at det skal setjast ned
«eit utval som skal sjå på finansieringa og organiseringa av Riksrevisjonen
si deltaking i internasjonal bistandsverksemd, inkludert sekretariatsfunksjonen
for INTOSAI Development Initiative (IDI).»
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Revisjon av internasjonale organisasjonar</Tittel>
Riksrevisjonen ønskjer å medverke til større
openheit og betre forvaltning i internasjonale organisasjonar der
Noreg er medlem. Riksrevisjonen tek derfor på seg oppdrag som ekstern
revisor for internasjonale organisasjonar og har medlemer på oppdrag
i revisjonsstyra i somme organisasjonar. Oppdraga gir verdifull
kompetanse. Riksrevisjonen har likevel i seinare år gjort ei medviten
nedprioritering av internasjonale revisjonsoppdrag.
Riksrevisjonen har ein intensjonsavtale
om samarbeid med EFTAs overvakingsorgan, EFTA Surveillance Authority
(ESA). Avtalen blei inngått i 2020.
<Subsek5>
<Tittel>Rapport om arbeidet i INTOSAI Development Initiative
(IDI)</Tittel>
INTOSAI Development Initiative (IDI) er eit
globalt utviklingsorgan for riksrevisjonar i utviklingsland.
Uavhengige og effektive riksrevisjonar er ein
berebjelke i arbeidet for å sikre velfungerande demokrati, nedkjempe
korrupsjon og fremje god offentleg finansforvaltning og eit godt
styresett. Riksrevisjonar arbeid bidreg òg direkte til delmål 16.6
av FN sine berekraftsmål: utvikle effektive, ansvarlege og opne
institusjonar på alle nivå». Revisjon av bistandsmidlar (inkludert
frå Noreg) er òg ein del av mandatet til dei fleste riksrevisjonane
i IDI si målgruppe. Støtta til IDI bidreg dermed òg indirekte til
å styrkje kontrollen med norske hjelpemidlar.
Ei ekstern evaluering av IDI viser at IDI har
nådd måla sine i den strategiske planen 2019–2023 trass i den utfordrande
geopolitiske situasjonen og dei mange problema riksrevisjonar globalt
står overfor.
I 2024 heldt IDI fram med engasjementet for
å støtte riksrevisjonar, spesielt i land der dei økonomiske utfordringane
er store og korrupsjonen aukar på grunn av mellom anna krigar og
intern uro. Meir enn 4 750 tilsette frå totalt 162 riksrevisjonar
deltok i IDI sine kapasitetsbyggingsprogram og aktivitetar i 2024.
Av desse var 1 870 tilsette frå 47 riksrevisjonar frå sårbare og
veldig sårbare statar.
IDI har òg ei rekkje strategiske partnarar som
IDI har drege stor nytte av i arbeidet sitt. Desse omfattar mellom
anna Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken, diverse
FN-organ, Den interparlamentariske unionen (IPU), Organisasjonen
for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og dessutan norske og utanlandske
universitet og fagmiljø.
At riksrevisjonane er uavhengige, er avgjerande
for at dei skal kunne utføre arbeidet sitt effektivt og truverdig.
Likevel viser IDI sin rapport om utviklinga, utfordringane og moglegheitene
til riksrevisjonane, 2023 Global SAI Stocktaking Report, at tilbakegangen
for demokratiet i mange land har gått ut over sjølvstendet til riksrevisjonane.
Dette er ei alvorleg utvikling, og vi har no sett ti år med svekt
sjølvstende for riksrevisjonar på eit globalt nivå.
I 2024 har IDI mellom anna støtta riksrevisjonane
i Costa Rica, Polen, Kypros, Montenegro, São Tomé, Sierra Leone
og Spania, der det har vore konkrete forsøk på å undergrave sjølvstendet
deira. I tillegg har IDI gitt støtte til sivilsamfunn og det juridiske
rammeverket for å styrkje sjølvstendet til riksrevisjonane i Malawi,
Malta, Nigeria, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Salomonøyane og Zambia.
I tillegg til at riksrevisjonane er uavhengige,
er det heilt sentralt at riksrevisjonar i utviklingsland utfører revisjonar
på ein profesjonell måte i samsvar med dei internasjonale revisjonsstandardane
for riksrevisjonar.
</Subsek5>
<Subsek5>
<Tittel>Samandrag</Tittel>
IDI er avhengig av finansiering frå givarar
og dessutan store bidrag frå riksrevisjonar for å skaffe ressursar til
kapasitetsutvikling. Dei totale utgiftene og den inntektsførte støtta
på 129 mill. kroner for 2024 reflekterte at aktiviteten hadde auka
med 17 pst. sidan 2023, noko som var i tråd med det reviderte budsjettet.
Støtta til finansiering av IDI-programma kom frå givarar i tolv
land og frå EU, den asiatiske utviklingsbanken (ADB) og medlemskontingentar
frå INTOSAI. Utover finansieringa har IDI fått verdifull støtte
til aktivitetar i form av tid som tilsette hovudsakleg frå riksrevisjonar
har brukt på dei. Denne støtta utgjorde 3 767 dagsverk som er estimerte
til ein verdi på 17 mill. kroner eller 13 pst. av IDI sine kostnader.
IDI hadde ved årsskiftet 3,8 mill. kroner i frie reservar som ein
buffer for å sikre kontinuitet i drifta.
Årsmeldinga gjer nærare greie for finansieringa
av IDI og den økonomiske berekrafta.
Stortinget si løyving (gjennom Riksrevisjonen)
til drifta av IDI -sekretariatet i 2024 utgjorde om lag 23 pst. av
den inntektsførte støtte til IDI, samanlikna med 29 pst. i 2023
og 36 pst. i 2022. Ein vesentleg del av kostnadene for IDI-sekretariatet
(hovudsakleg løns- og reisekostnader) handlar om konkrete programaktivitetar, medan
ein mindre del dekkjer intern administrasjon. I 2024 blei tilskotet
frå Riksrevisjonen i stor grad brukt til intern administrasjon,
men òg til støtte av programaktivitetane. Driftstilskotet har vore
ein føresetnad for at Riksrevisjonen har kunna ta på seg oppgåva
med å vere vertskap for IDI.
Budsjettet for 2025 er på 154 mill. kroner og
reflekterer mellom anna ein framleis vekst i etterspurnaden etter
støtte frå IDI, styrking av organisasjonen for å dreie verksemda
frå fysiske møte til virtuelle og dessutan ein forventa pris- og
lønsvekst. Akkurat som i 2024 planlegg Riksrevisjonen at tilskotet
i stor grad skal gå til å støtte drifta av sekretariatet, men det
skal gå til støtte av programaktivitetane òg.
</Subsek5>
</Seksjon4>
</Seksjon3>
</Seksjon2>
<Seksjon2 Id="i1000483">
<Tittel>Framtidsutsikter</Tittel>
Riksrevisjonen har som visjon å vere <Uth Type="Kursiv">til nytte for morgondagens samfunn</Uth>. Noreg
står overfor store utfordringar. Døme på dette er klimautfordringane,
ei aldrande befolkning og det at inntekter frå oljeverksemda vil
ha mindre å seie framover. Dette vil få konsekvensar for offentlege
budsjett og stille nye og store krav til forvaltninga. Med dette
som bakteppe skal Riksrevisjonen levere aktuelle og relevante revisjonar
som bidreg til meirverdi for Stortinget, forvaltninga og innbyggjarane.
For å få til dette skal Riksrevisjonen prioritere
undersøkingar på områda klima, samfunnstryggleik, forbetring, ressurstilgang
og -bruk og dessutan varetaking av sårbare grupper.
I november 2024 arrangerte Riksrevisjonen Forbetringskonferansen
for andre gong. Riksrevisjonen planlegg ein ny konferanse i november
2025.
Riksrevisjonen spelar ei viktig rolle for forbetring
og omstilling av offentleg verksemd og har ein ambisjon om å styrkje
dialogen med forvaltninga for å forstå eigenarten og behovet deira.
Målet er å bidra til utvikling av forvaltninga, mellom anna ved
å leggje meir vekt på rettleiing. Derfor kontrollen av forvaltninga
balanserast med rettleiing og bidrag til forbetring av offentleg
verksemd.
Samfunnsutviklinga krev mykje av Riksrevisjonen når
det gjeld både kompetanse og måten Riksrevisjonen formidlar funna,
konklusjonane og tilrådingane på. I åra som kjem, vil Riksrevisjonen
derfor leggje vekt på å vidareutvikle kompetansen i organisasjonen
og rekruttere ny kompetanse der det er nødvendig.
Den nye strategiske planen , «Inn i ei ny tid»,
blei vedteken mot slutten av 2024 og gjeld for perioden 2025–2027.
Strategien skal hjelpe med å oppnå samfunnsoppdraget slik det er
formulert i § 1 i riksrevisjonslova:
<Sitat>
«Riksrevisjonen er Stortingets revisjons-
og kontrollorgan, og skal bidra til den demokratiske kontrollen med
at statens ressurser forvaltes forsvarlig og effektivt og i samsvar
med Stortingets vedtak og forutsetninger.»
</Sitat>
Hovudretninga i strategien er at Riksrevisjonen
skal spesialisere seg innan rekneskapsrevisjonen, utvikle ein meir
variert portefølje av forvaltningsrevisjonar, ta i bruk ny teknologi,
effektivisere arbeidsprosessar og organisering og hente ut økonomiske
gevinstar som skal investerast i kompetanse og teknologi. Gjennom
ein eigen handlingsplan har Riksrevisjonen fastsett og prioritert
tiltak som skal setjast i gang fram mot 2027 for å gjennomføre den
strategiske planen.
</Seksjon2>
</Kapittel>
<Kapittel Num="Ja">
<Tittel>Komiteens merknader</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø,
fra Høyre, lederen Peter Frølich og Svein Harberg, fra Senterpartiet, Eivind
Drivenes og Willfred Nordlund, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen,
fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Rødt, Seher
Aydar, og fra Venstre, Naomi Ichihara Røkkum</Uth>, viser til Dokument
2 (2024–2025) Riksrevisjonens årsrapport for 2024.
Riksrevisjonens oppdrag er gjennom revisjon,
kontroll og rettledning å bidra til at statens inntekter blir innbetalt,
og at midlene og verdiene staten rår over, blir forvaltet og brukt
på en økonomisk forsvarlig måte.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> understreker
den svært viktige oppgaven Riksrevisjonen har som Stortingets kontrollorgan for
å sikre at Stortingets vedtak følges lojalt opp og at Norge har
en god, ryddig og profesjonell offentlig sektor. Riksrevisjonen
har en historie helt tilbake til Grunnloven i 1814 og dannelsen
av det første kollegiet i 1816.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> mener Riksrevisjonen
har utført sitt arbeid på en tillitvekkende og grundig måte, men
understreker samtidig betydningen av at det arbeides kontinuerlig
med å utvikle og modernisere arbeidsformer og organisering. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merker seg derfor som positivt
at det foregår et målrettet utviklingsarbeid i organisasjonen for
å sikre fortsatt høy kvalitet og økt effektivitet i arbeidet som
gjøres.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merker
seg at Riksrevisjonen i 2024 har gjennomført 13 forvaltningsrevisjoner,
fem revisjoner av disposisjoner og 235 årsregnskapsrevisjoner, selskapskontroll
for 42 heleide statlige selskaper, 24 deleide aksjeselskaper, ett
ansvarlig selskap med delt ansvar, seks allmennaksjeselskaper, åtte
statsforetak, fire regionale helseforetak, 15 studentsamskipnader
og seks særlovsselskaper, samt revisjon av statsregnskapet.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> mener Riksrevisjonen
har utført sitt arbeid i tråd med Stortingets forventninger og på
en måte som har gjort det mulig både for komiteen og Stortinget
effektivt å ettergå regjeringens og forvaltningens oppfølging av
de vedtak Stortinget har gjort.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Ja">
<Tittel>Komiteens tilråding</Tittel>
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
for øvrig ingen merknader, viser til årsrapporten og råder Stortinget
til å gjøre følgende
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Dokument 2 (2024–2025) – Riksrevisjonens årsrapport
for 2024 – vedlegges protokollen.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 27. mai
2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="1" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="6.693in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Peter Frølich</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leder og ordfører
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>