<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 435
L</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
frå familie- og kulturkomiteen</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:259 L (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Kathy Lie, Ingrid Fiskaa og Marian
Hussein om styrking av språklova</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:
«Vedtak til lov
om endringar i lov om språk (språklova)
I
I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse
endringane gjerast:
§ 3 andre ledd skal lyde:
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
a.	kommunane
</Pkt>
<Pkt>
b. 	sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
</Pkt>
<Pkt>
c. 	interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
</Pkt>
<Pkt>
d. 	Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
</Pkt>
<Pkt>

<Uth Type="Kursiv">e. 	intern sakshandsaming.</Uth>

</Pkt>
</Liste>
Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
§ 11 første ledd skal lyde:

<Uth Type="Kursiv">Eit kommunestyre eller
eit fylkesting</Uth> kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal
bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med
kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen
skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune
skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko
slikt vedtak.
§ 13 fjerde ledd skal lyde:
Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt
statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale
statsorganet.
Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.
§ 16 andre ledd skal lyde:

<Uth Type="Kursiv">Statsorgan skal krevje</Uth> at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk <Uth Type="Kursiv">i
arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same.</Uth> Dette gjeld
likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring
i grunnopplæringa.
§ 17 skal lyde:
§ 17 <Uth Type="Kursiv">Klagerett</Uth>
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren <Uth Type="Kursiv">eller
organisasjonar på vegner av mottakaren</Uth> klage og krevje at
dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35
gjeld for saker etter første punktum.
§ 19 tredje ledd skal lyde:
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan <Endring>og
fylkeskommunar</Endring> etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12
til 17.
§ 20 skal lyde:
§ 20 <Uth Type="Kursiv">Opplysningsplikt
overfor Språkrådet</Uth>
Statsorgan <Endring>og fylkeskommunar</Endring> skal
gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om
som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»
Ein viser til dokumentet for nærare
utgreiing av forslaget.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Behandlinga i komiteen</Tittel>
Komiteen inviterte til skriftleg høyring om
saka, og fem aktørar sende inn skriftlege innspel.
Forslaget blei sendt til regjeringa for kommentarar, og
kultur- og likestillingsministeren sende eit utfyllande svarbrev
til komiteen 9. mai 2025. Svarbrevet ligg ved innstillinga.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på sakssida på stortinget.no.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Merknader frå komiteen</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein
Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og fung. leiar Tage Pettersen, frå
Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen og Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Silje
Hjemdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy Lie, og frå Venstre,
Naomi Ichihara Røkkum</Uth>, viser til representantforslaget om
styrking av språklova.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Venstre</Uth>, støttar forslaget om ein ny bokstav
e i § 3 andre ledd som slår fast at språklova §§ 12 til 18 ikkje
gjeld for intern sakshandsaming.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> støttar
vidare forslaget om å oppheve noverande tredje ledd: «Lova gjeld
ikkje for intern sakshandsaming.» Dette unntaket er etter intensjonen
ei vidareføring av unntaket i § 2 b i mållova for: «internt saksarbeid».
Det verkar derfor ikkje i tråd med intensjonen å unnta intern sakshandsaming
frå reglane i §§ 1 til 11. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> meiner
det er viktig å rette opp dette, slik at t.d. reglane i § 4 om at
norsk er nasjonalt hovud-språk også gjeld intern sakshandsaming.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at statsråden støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget,
og fremjar følgjande forslag:
«§ 3 andre ledd skal lyde:
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
a. 	kommunane
</Pkt>
<Pkt>
b. 	sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
</Pkt>
<Pkt>
c. 	interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
</Pkt>
<Pkt>
d. 	Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
</Pkt>
<Pkt>

<Uth Type="Kursiv">e. 	intern sakshandsaming.</Uth>

</Pkt>
</Liste>
§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.»

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> støttar
forslaget om å vidareføre regelen som no står i forskrift 5. desember
1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta)
§ 5 tredje ledd tredje punktum, om at sentrale statsorgan i skriv
til eit regionalt statsorgan skal nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen
til det regionale statsorganet. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at denne forskrifta på sikt vil bli oppheva når departementet
fastset ei ny språkforskrift.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> meiner
det er i tråd med føremålet med lova at sentrale statsorgan, for
eksempel eit departement, skriv til underordna organ eller regionale
statsorgan som har nynorsk som fleirtalsspråk, på nynorsk.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget,
og fremjar følgjande forslag:
«§ 13 fjerde ledd skal lyde:

<Uth Type="Kursiv">Sentrale statsorgan skal
i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket
i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.</Uth>

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte
ledd.»

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> støttar
forslaget om å endre ordlyden i § 16. Regelen i dag om at statsorgan
«skal kunne» er ein kan-regel meir enn ein skal-regel. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> vil presisere at formuleringa
i forslagets andre ledd: «Statsorgan skal krevje at tilsette skal
skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet.» ikkje inneber ei personleg
plikt etter lova for den enkelte tilsette til å bruke både nynorsk
og bokmål i arbeidet, slik regelen om tjenesteplikt i den gamle
mållova la opp til, og som departementet i arbeidet med språklova
gjekk bort frå. «Tilsette» står i ubestemt fleirtal i forslaget
og peikar ikkje ut «alle» tilsette. Føresegna vil likevel gi leiinga
i organet eit ansvar for og mynde til å organisere arbeidet i organet
på ein slik måte at lova blir etterlevd, jf. også § 16 første ledd.
Det er dessutan framleis unntak frå denne regelen, slik at dei som
ikkje har hatt sidemålsopplæring, kan unntakast frå å bli stilt
slike krav til. Kravet om at dei tilsette skal skrive bokmål og
nynorsk i arbeidet, hindrar ikkje den tilsette eller arbeidsplassen
i å bruke omsetjingsteknologi innanfor dei retningslinjene som til
kvar tid gjeld for forsvarleg saksbehandling. Dessutan vil reglane
i §§ 9 og 10, som stiller krav om klarspråk og bruk av offisiell
rettskriving, gjelde. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> legg
til grunn at det med formuleringa «arbeid» er forstått skriftleg
arbeid, slik som i den gamle mållova, og altså at munnleg bruk av
språk ikkje er omfatta av reglane.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> støttar
også formuleringa i forslaget til § 16 andre ledd: «Fylkeskommunar
kan krevje det same».

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget,
og fremjar følgjande forslag:
«§ 16 andre ledd skal lyde:

<Uth Type="Kursiv">Statsorgan skal krevje</Uth> at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk <Uth Type="Kursiv">i
arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same.</Uth> Dette gjeld
likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring
i grunnopplæringa.»

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> støttar
forslaget til endring av § 17. Det er eit vanleg prinsipp i forvaltninga
at ein part kan la seg representere i klagesaker av ein organisasjon
som personen er medlem av, t.d. dersom ein ikkje heilt vågar å føre
si eiga sak. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> vil framheve
at det er viktig at regelen blir avgrensa til dei situasjonane der
ein part blir representert av ein organisasjon denne parten er medlem
av. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> merkar seg at departementet viser
til at § 18 gir språkorganisasjonar høve til å ta opp saker, også
klagesaker, men dette er ikkje regulert som klagerett, nettopp fordi
organisasjonen ikkje er part i saka.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget,
og fremjar følgjande forslag:
«§ 17 skal lyde:
§ 17 <Uth Type="Kursiv">Klagerett</Uth>
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren <Uth Type="Kursiv">eller
organisasjonar på vegner av mottakaren </Uth>klage og krevje at
dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35
gjeld for saker etter første punktum.»

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> meiner
at lovendringane skal gjelde frå 1. juli 2025, og fremjar følgjande
forslag:
«Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet</Uth> viser til at språklova som
ble lagt frem av regjeringen Solberg i 2020, var historisk da den
kom. Den nye loven trådte i kraft 1. januar 2022.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre</Uth> viser til at i formålsparagrafen er det slått fast
at det offentlige aktivt skal fremme nynorsk som det minst brukte
av de to norske skriftspråkene. Det offentlige skal særskilt styrke
nynorsken og utjevne de skeive forholdene mellom nynorsk og bokmål.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet</Uth> viser til at regjeringspartiene, ved
behandlingen av språklova, stemte mot de endringsforslagene de rød-grønne
partiene foreslo. Dette representantforslaget inneholder de samme
fem forslagene, samt to nye. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> mener
dette er en ren omkamp, og vil stemme imot forslagene som er fremmet.

<Uth Type="Sperret">Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre</Uth> støttar
hovuddelen av forslaget og meiner det er viktig å sikre at nynorsk
får ein meir aktiv og forpliktande plass i offentleg sektor. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> meiner at også fylkeskommunane
er viktige aktørar med eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar, og
at Språkrådet difor bør føre tilsyn med dei på lik linje med andre
statsorgan. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> er likevel
samde med statsråden i at dei økonomiske og administrative konsekvensane
av ei slik lovendring først bør greiast ut.

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> fremjar
difor følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa greie
ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for
Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever
reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende
til Stortinget på eigna måte.»
</Kapittel>
<ForslagFraMindretall Num="Nei">
<Tittel>Forslag frå mindretal</Tittel>
<Fraksjon Fra="Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre">
<Tittel>Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre:</Tittel>
<Forslag Nr="1">
<Tittel>Forslag 1</Tittel>
Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og
administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn
med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10
andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna
måte.
</Forslag>
</Fraksjon>
</ForslagFraMindretall>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Komiteens tilråding</Tittel>
Tilrådinga frå komiteen blir fremja av medlemene
i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjere følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakL>
<VedtakTilLov>
<Tittel>vedtak til lov</Tittel>
<OmLoven>
om endringar i lov om språk (språklova)
</OmLoven>
I
I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse
endringane gjerast:
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 3 andre ledd skal lyde:</Stikktittel>
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
a. 	kommunane
</Pkt>
<Pkt>
b. 	sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
</Pkt>
<Pkt>
c. 	interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
</Pkt>
<Pkt>
d. 	Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
</Pkt>
<Pkt>

<Endring>e. 	intern sakshandsaming.</Endring>

</Pkt>
</Liste>
§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 13 fjerde ledd skal lyde:</Stikktittel>

<Endring>Sentrale statsorgan skal i dokument
som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket
i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.</Endring>

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte
ledd.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 16 andre ledd skal lyde:</Stikktittel>

<Endring>Statsorgan skal krevje</Endring> at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk <Endring>i arbeidet.
Fylkeskommunar kan krevje det same</Endring>. Dette gjeld likevel
ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i
grunnopplæringa.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 17 skal lyde:</Stikktittel>
<Tittel>§ 17 <Uth Type="Kursiv">Klagerett</Uth></Tittel>
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren <Endring>eller organisasjonar
på vegner av mottakaren</Endring> klage og krevje at dokumentet
blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker
etter første punktum.
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.
</Paragraf>
</VedtakTilLov>
</VedtakL>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 27. mai 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Tage Pettersen</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Torstein Tvedt Solberg</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
fung. leiar
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordfører
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
<Vedlegg>
<VedlNr>Vedlegg</VedlNr>
Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.
</Vedlegg>
</Innstilling>