<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 376
S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
frå finanskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Prop. 61 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling frå finanskomiteen om Samtykkje til å setje
i kraft ein avtale om endring av avtalen mellom Noreg og Den europeiske
union om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet, underteikna
i Brussel 2. oktober 2024</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Samandrag</Tittel>
Avtale mellom Noreg og Den europeiske union
(EU) om administrativt samarbeid, nedkjemping av svik og innkrevjing
av krav på meirverdiavgiftsområdet vart underteikna 6. februar 2018
og tok til å gjelde 1. september 2018. Målsettinga med avtalen er
å ha eit rammeverk for gjensidig bistand i kampen mot grensekryssande
meirverdiavgiftssvindel og ved innkrevjing av meirverdiavgift på
tvers av landegrensene. Avtalen har fungert godt og er eit effektivt
middel for dei norske skattestyresmaktene.
Den 2. oktober 2024 vart det i Brussel underteikna ein
avtale om endring av avtalen om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet.
Sidan avtalen vart inngått i 2018, har EU-statane
vidareutvikla samarbeidet sitt for å kunne nedkjempe grensekryssande
meirverdiavgiftssvindel på ein meir effektiv måte. Hovudmålsettinga
med endringsavtalen er å få nokre av dei nye samarbeidsverktøya
som EU-statane no nyttar, inn i avtalen. Eitt av dei nye samarbeidsverktøya
er teke inn som ein del av samarbeidet i Eurofisc-nettverket. Dette
gjeld koordinerte administrative under-søkingar (såkalla «follow-up
actions»). Eurofisc-nettverket har deltakarar frå skatteadministrasjonane
i EU-statane. Noreg deltek her gjennom avtalen frå 2018. I Eurofisc-nettverket
vert målretta opplysningar utveksla på ulike risikoområde for meirverdi-avgifta,
og som oppfylging av dette kan ein gjennomføre koordinerte administrative
undersøkingar i respektive land. Endringsavtalen er viktig for Noreg
for å sikre at våre kontaktpersonar i Eurofisc òg kan delta i slike
koordinerte administrative undersøkingar på bakgrunn av risikoanalysar
som vert gjort i nettverket. Endringsavtalen sikrar vidare at norske
skattestyresmakter kan delta ved sams kontroll av ei verksemd i
ein annan stat på same vilkår som gjeld for skattestyresmakter frå
EU-statane, med tilgang til lokale, dokument og dialog med den næringsdrivande.
Avtalen er inngått med heimel i lov 28. juli
1949 (dobbeltbeskatningsavtaleloven) § 1 nr. 2 og nr. 3, og er ikkje
ein del av EØS-avtalen.
Avtalen er inngått på norsk og alle dei offisielle
språka til medlemsstatane i EU. Som vedlegg til proposisjonen følgjer
avtalen på norsk og engelsk.
Generelle merknader og merknader til dei enkelte artiklane
er omtala i kapittel 2 og 3 i proposisjonen.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på sakssida på stortinget.no.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Merknader frå komiteen</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Eigil Knutsen, leiaren Tuva Moflag, Tellef Inge
Mørland, Bjørnar Skjæran, Maria Aasen-Svensrud og Rigmor Aasrud, frå
Høgre, Tina Bru, Mahmoud Farahmand, Heidi Nordby Lunde og Helge
Orten, frå Senterpartiet, Emilie Mehl, Ole André Myhrvold og Geir
Pollestad, frå Framstegspartiet, Hans Andreas Limi og Roy Steffensen,
frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas Sjalg Unneland, frå Raudt,
Marie Sneve Martinussen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, frå Miljøpartiet
Dei Grøne, Sigrid Zurbuchen Heiberg, og frå Kristeleg Folkeparti,
Kjell Ingolf Ropstad</Uth>, syner til at Noreg frå 2018 har hatt
eit administrativt samarbeid med EU på meirverdiavgiftsområdet,
med føremål om å betre innkrevjinga av krav og nedkjempe svik knytt
til meirverdiavgifta. Den 2. oktober 2024 vart det underteikna ein
avtale om endring av denne samarbeidsavtalen. Dette vart gjort for
å styrke arbeidet på feltet, blant anna gjennom å inkludere nye
samarbeidsverktøy som til dømes vert nytta i Eurofisc-nettverket. Gjennom
endringsavtalen legg ein til rette for at norske skattestyresmakter
kan delta i ein felles kontroll av ei verksemd i eit anna land på
lik line med EU-statane. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> syner
til at endringsavtalen vil gje eit meir effektivt samarbeid på feltet
og slik bidreg til å sikre meirverdiavgiftsinntekter til staten. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> stiller seg på dette grunnlaget
bak innhaldet i proposisjonen.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Tilråding frå komiteen</Tittel>
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla
komité.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Stortinget samtykkjer i å setje i kraft ein
avtale om endring av avtalen mellom Noreg og Den europeiske union
om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet, underteikna
i Brussel 2. oktober 2024.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i finanskomiteen, den 20. mai 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Tuva Moflag</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Tellef Inge Mørland</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leiar
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordførar
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>