<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 271
S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
frå transport- og kommunikasjonskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:100 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Terje Halleland,
Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Bård Hoksrud, Roy Steffensen og
Morten Wold om prøveordning for kolonnekjøring for tunge kjøretøy
på E134 over Haukelifjell</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre
en prøveordning med kolonnekjøring for tunge kjøretøy på E134 over
Haukelifjell.»
Ein viser til dokumentet for ei nærare
utgreiing om forslaget.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Behandlinga i komiteen</Tittel>
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård har uttalt
seg til forslaget i brev av 18.  mars 2025. Brevet følgjer som vedlegg
til denne innstillinga. Det blei opna for skriftlege innspel. De
fem mottekne innspela er gjort tilgjengelege på saka si side på
stortinget.no.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Merknader frå komiteen</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Jone Blikra, Tom Einar Karlsen og Marte Mjøs Persen,
frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen,
frå Senterpartiet, leiaren Sigbjørn Gjelsvik, Geir Adelsten Iversen
og Geir Inge Lien, frå Framstegspartiet, Gunnhild Meringdal og Morten
Stordalen, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, og frå Venstre,
André N. Skjelstad</Uth>, viser til Representantforslag 100 S (2024–2025)
fra stortingsrepresentantene Terje Helleland, Frank Edvard Sve,
Morten Stordalen, Bård Hoksrud, Roy Steffensen og Morten Wold om
prøveordning for kolonnekjøring for tunge kjøretøy over E134 Haukelifjell.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg at forslagsstillarane peikar på at det har blitt diskutert etablering
av eigne tungbilkolonnar gjennom fleire år, og at det er etablert
eigne oppstillingsplassar for tungbil på kvar side av fjellet. Forslagsstillarane
viser til at det alltid vil vere driftsansvarleg som avgjer om ein
kolonne skal gå, og kven som kan vere med i kolonnen.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser vidare
til statsrådens svarbrev av 18. mars 2025. Statsråden understrekar
at fjellovergangen er ein av dei mest trafikkerte fjellovergangane
i Noreg, og at kolonnar over fjellovergangen i dag går med både
små og store bilar. Vidare påpeikar statsråden at det har pågått
dialog mellom Statens vegvesen (SVV), Norsk Lastebileierforbund
(NLF) og driftsentreprenøren om kolonnekøyring med eigne kolonnar
for tyngre køyretøy over Haukeli. Statsråden påpeikar at det er
ei stor utfordring at tunge køyretøy set seg fast i stigninga opp
frå vest.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg også at Samferdselsdepartementet påpeikar at terskelen for å
halde vegen open ikkje kan senkast utan at driftsentreprenørens
sikkerheit vert utfordra. Vidare merkar <Uth Type="Sperret">komiteen</Uth> seg
at det er utført ein del tiltak for å betre trafikksikkerheita og framkome
for dei vegfarande. Vidare merkar <Uth Type="Sperret">komiteen</Uth> seg
at det er sett i gang eit pilotprosjekt for bilberging, og at departementet
ønsker å sluttføre dette prosjektet før ein startar nye pilotprosjekt.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> sende representantforslaget
på høyring og merkar seg at det er kome inn fleire høyringsinnspel,
som alle på ulike måtar støttar oppstart av ei prøveordning med
kolonnekøyring for tunge køyretøy på E134 over Haukelifjell.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
argumentasjon og bakgrunn for ønske om å etablere eigne tungbilkolonnar
over Haukeli.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg at det er sett i gang fleire tiltak og prosjekt, som alle bidreg
til at oppetida over Haukelifjell vinterstid er så optimal som mogleg,
noko ein har jobba med over fleire stortingsperiodar. Driftsoperatør,
Lastebileigarforbundet (NLF) og Statens vegvesen (SVV) er i kontinuerleg
dialog om tiltak som bidreg til at fjellovergangen er open så mykje
som mogleg, sjølv om været og fastkøyrte køyretøy utfordrar oppetida.
Eit av argumenta for at ein fram til no ikkje har kunna tillate tungbilkolonnar,
har vore at det fysisk ikkje har vore tilrettelagt for ei slik ordning.
Dette er no på plass på begge sider av fjellet, og er såleis ikkje
lenger eit hinder for å tillate eigne tungbilkolonnar.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser vidare
til innkomne høyringsinnspel og registrerer at samtlege er positive
til den foreslåtte prøveordninga.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
statsråden sitt svar, og merkar seg følgjande formulering:
<Sitat>
«Representantforslaget viser til at det
noen ganger er helt nødvendig å stenge veien, men med riktige forberedelser
kan det være mulig å kjøre tunge kjøretøy over strekningen. Dette
utgangspunktet er jeg enig i.»
</Sitat>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg vidare at statsråden ønsker å ferdigstille og evaluere prosjektet
«pilot for bilberging» utan at resultata blir påverka av nye prosjekt,
for å kunne vurdere effekten av bilbergingsprosjektet. På vegner
av næringsliv og transportsektoren ser ikkje <Uth Type="Sperret">komiteen</Uth> at
det er eit godt nok argument i høve til å utsette eit prøveprosjekt
for tungbil, då ei slik utsetting vil påverke kostnader og inntening
til bedrifter og næringsliv. Dette er for <Uth Type="Sperret">komiteen</Uth> eit
tungtvegande argument som er nok til å sette i verk prøveprosjektet
allereie for vinteren 2025/2026. Det føreset at sikkerheitsnivået som
driftsoperatøren set, blir ivaretatt på same nivå som i dag. Med
bakgrunn i denne argumentasjonen, ber <Uth Type="Sperret">komiteen</Uth> regjeringa
iverksette nødvendige tiltak som bidreg til oppstart av eit prøveprosjekt
for tungbilkolonnar over Haukeli med start komande vintersesong,
og fremjar følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa gjennomføre
ei271s er klar prøveordning med kolonnekøyring for tunge køyretøy
på E134 over Haukelifjell.»

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> meiner
vidare at det til ei kvar tid skal vere driftsoperatøren som har
det fulle og heile ansvaret for kolonnekøyringa. Det gjev dei også
rett til å vurdere situasjonen, og med det avgjere om det kan køyrast
eigen tungbilkolonne og kva køyretøy som får lov til å vere med
i denne kolonnen. Dette kan også bidra til at tungbilar som skal
over fjellet vinterstid, syter for at utstyr og bil til ei kvar
tid er tilpassa vær- og føreforhold på best mogleg måte.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Tilråding frå komiteen</Tittel>
Tilrådinga blir fremja av ein einstemmig komité.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til
å gjere følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei prøveordning
med kolonnekøyring for tunge køyretøy på E134 over Haukelifjell.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 6. mai
2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Sigbjørn Gjelsvik</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Liv Kari Eskeland</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leiar
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordførar
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
<Vedlegg>
<VedlNr>Vedlegg</VedlNr>
Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.
</Vedlegg>
</Innstilling>