<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 219
S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
fra næringskomiteen</Doktit>
<Kildedok Id="i998987">Meld. St. 12 (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar
for 2025 og fisket etter avtalane i 2023 og 2024</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Sammendrag</Tittel>
Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar.
Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og
inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2024 eksporterte
Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 44,9 mrd. kroner, som vart
ny rekord.
Noreg deler rundt 90 pst. av fiskeressursane
vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet.
Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege
fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er
berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd
om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner
om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.
I kapittel 2 inneheld meldinga ei kort innføring
i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Dei
ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i,
er presenterte i kapittel 3. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang
av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane. Kapittel
5 gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde
med andre land i 2023 og 2024.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Komiteens behandling</Tittel>
Sakens dokumenter er tilgjengelige på sakssiden
på stortinget.no.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Komiteens merknader</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tobias Hangaard Linge, Runar Sjåstad,
Rune Støstad og Solveig Vitanza, fra Høyre, Nikolai Astrup, Olve
Grotle, Sveinung Stensland og Lene Westgaard-Halle, fra Senterpartiet,
Nils T. Bjørke, Per Ivar Lied og lederen Erling Sande, fra Fremskrittspartiet,
Sivert Bjørnstad og Bengt Rune Strifeldt, fra Sosialistisk Venstreparti,
Kari Elisabeth Kaski, fra Rødt, Geir Jørgensen, fra Venstre, Alfred Jens
Bjørlo, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson</Uth>, viser
til at meldingen omtaler fiskeriavtalene Norge har inngått med andre
land for 2025 og fisket etter avtalene i 2023 og 2024.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at Norge er blant verdens fremste havnasjoner med rike fiskeressurser,
og er av de største sjømateksportørene. I 2024 eksporterte Norge
villfanget fisk og fiskeprodukter til en verdi på 44,9 mrd. kroner,
som er ny eksportrekord. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merker seg
at vi deler rundt 90 pst. av fiskeressursene med andre land gjennom
gjensidige ressursforvaltningsavtaler, for å sikre at høstingen
av fiskebestandene er bærekraftig. De er derfor basert på uavhengige
vitenskapelige råd om kvoter og forvaltningstiltak, og innebærer
forpliktende forutsetninger om kvotefordeling, forvaltningstiltak
og kontrollsamarbeid.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at Norge vanligvis inngår fire typer internasjonale fiskeriavtaler;
tosidige avtaler, trepartsavtaler, kyststatsavtaler og avtaler i
regionale fiskeriforvaltningsorganisasjoner. Norge inngår tosidige
avtaler med Russland, EU, Storbritannia, Færøyene, Island og Grønland.
Avtalene med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia
er de mest omfattende og gjelder felles forvaltning av bestandene
vi deler i henholdsvis Barentshavet og Nordsjøen.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merker
seg at den samlede fangstverdien av alle avtalene i 2024 var på
om lag 78 mrd. kroner, omregnet i norske priser for førstehåndsomsetning, hvorav
Norges del var en tredel på om lag 24 mrd. kroner.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
Norges holdning og fordømmelse av Russlands fullskala militærangrep
på Ukraina og har derfor innført historisk strenge sanksjoner. Det bilaterale
samarbeidet med Russland er nedskalert til et minimum. Samtidig
har Norge et ansvar for å forvalte fiskeriressursene i Barentshavet
på en måte som sikrer framtidig høsting av ressursene. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merker seg at Norge har valgt
å videreføre fiskerisamarbeidet innen forskning, regulering og kontroll
fordi dette er bærende element for en forsvarlig og bærekraftig
forvaltning av de bestandene som blir forvaltet av Norge og Russland,
og er av stor betydning, også for andre land. Norge og Russland
har avtalt totalkvoter på fellesbestandene i Barentshavet og fordelingen
mellom Norge, Russland og avsetning til tredjeland.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at det er tre overordnede mål som ligger til grunn for Norges medvirkning
i de ulike forhandlingsprosessene og de internasjonale organisasjonene
for ressursforvaltning:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Å fremme en bærekraftig
forvaltning av de levende marine ressursene, basert på den beste
tilgjengelige vitenskapelige kunnskapen og en økosystembasert tilnærming.
</Pkt>
<Pkt>
Å sikre Norge en rettferdig del ved kvotefordeling
av felles regulerte bestander.
</Pkt>
<Pkt>
Å sikre tilfredsstillende kontroll og håndheving innen
de forvaltningsregimene Norge tar del i.
</Pkt>
</Liste>

<Uth Type="Sperret">Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt</Uth> merkar
seg at det har vore svært krevjande forhandlingar med EU om fisket
i dei nordlege farvatna etter at Storbritannia gjekk ut av EU. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> vil framheve viktigheita
av nasjonal kontroll over fiskeriressursane og vidare at det er
Noreg aleine som skal fastsetje kvotar og reguleringar i norske
farvatn, inkludert fiskevernsona ved Svalbard. <Uth Type="Sperret">Desse
medlemene</Uth> merkar seg at Noreg den 28. april 2022 kom fram
til ei semje med EU om fisket i dei nordlege farvatna, i likskap
med semja som Noreg og Storbritannia inngjekk i desember 2021. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> vil understreke at denne
må ligge fast, og viser til følgjande utdrag frå meldinga:
<Sitat>
«Forståinga er basert på at det er Noreg,
og Noreg aleine, som kan fastsetje reguleringar av fisket i fiskevernsona.
Ho inneheld òg ei anerkjenning av at det etablerte fiskerisamarbeidet
mellom kyststatane i nord har gjeve berekraftige resultat gjennom
mange tiår. Forståinga gjekk vidare ut på at Noreg fastsette ein
høgare torskekvote for 2022 enn for 2021, for fartøy frå medlemsstatar
i EU. EU skulle på si side gjennomføre visse tekniske reguleringar
for å fremje berekraftig fiske i området.»
</Sitat>

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> merker
seg vidare at EU framleis ikkje har implementert krava som ligg
til grunn for denne forståinga, og at det etter fleire år med diskusjonar
og forhandlingar framleis ikkje er semje. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> merkar
seg at det ved siste forsøk på å kome til semje, i 2024, på nytt
vart slått fast at Noreg, i tråd med havretten, har rett til å fastsetje
kvotar, og rett til å regulere og forvalte fiskeriressursane i havområda som
er underlagde norsk suverenitet, og at dette inkluderer fiskevernsona
ved Svalbard.

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> merkar
seg at det står att å kome fram til ei semje med EU om bruk av oppsamlingspose
i Smottholet, og at Noreg held fram arbeidet med å få alle landa
til å slutte seg til forbodet.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Komiteens tilråding</Tittel>
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget
til å gjøre følgende
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Meld. St. 12 (2024–2025) – Noregs fiskeriavtalar
for 2025 og fisket etter avtalane i 2023 og 2024 – vedlegges protokollen.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i næringskomiteen, den 8. april 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Erling Sande</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Bengt Rune Strifeldt</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leder
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordfører
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>