<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 53 L</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
frå justiskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Prop. 115 L (2023–2024)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling frå justiskomiteen om Endringar i våpenlova
(heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Samandrag</Tittel>
Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til endringar i lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen,
skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova). Forslaget er eit
ledd i arbeidet med ei ny digital våpenforvalting.
Departementet foreslår eit nytt andre ledd i
§ 38 som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte
avgjerder i saker etter våpenlova. Endringsforslaget vil gje politiet
høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming åleine,
utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka resultatet.
I samanheng med dette foreslår departementet ei tilføying i § 41
nr. 32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk
av automatiserte avgjerder.
Departementet foreslår også ei endring i § 37
for å gje heimel for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar
gjevne i medhald av lova. I dag betaler publikum gebyr når politiet
utferdar løyve eller andre tillatingar. Endringsforslaget vil gje
politiet høve til å krevje gebyr sjølv om søknaden vert avslått.
Lovforslaget legg opp til at departementet gjev nærare føresegner
om gebyret i forskrift.
Forslaget om endringar i våpenlova §§ 38 og
41 nr. 32 vil ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Departementet
legg til grunn at bruk av heilautomatiserte avgjerder over tid vil
føre til at politiet sparer pengar gjennom at ressursane i våpenforvaltinga vert
betre utnytta.
Forslaget om endring i våpenlova § 37 har ikkje
i seg sjølv økonomiske konsekvensar, men vil venteleg føre til endringar
i gebyrføresegnene i våpenforskrifta. Med endringa vert det opna
for å fastsetje at publikum må betale gebyr sjølv om søknaden vert
avslått. Storleiken på gebyra vil verte vurdert når den nye berekningsmodellen
er ferdig utvikla og forslaget til nye gebyrsatsar er vurdert i
den ordinære budsjettprosessen, og etter at forslag til endring
av føresegnene om gebyr i forskrifta har vore på høyring.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Merknader frå komiteen</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Medlemene i komiteen frå
Arbeidarpartiet, Ragnhild Male Hartviksen, Odd Harald Hovland og
Hadia Tajik, frå Høgre, Aase Marthe J. Horrigmo og Mari Holm Lønseth,
frå Senterpartiet, Sandra Borch og Else Marie Rødby, frå Framstegspartiet, Tor
André Johnsen og leiaren Helge André Njåstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas
Sjalg Unneland, og frå Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik</Uth>,
merkar seg at ein i våpenlova foreslår eit nytt andre ledd i § 38
som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte
avgjerder i saker etter våpenlova, og at endringsforslaget vil gje
politiet høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming
åleine, utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka
resultatet. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> registrerer at
det i samanheng med dette vert foreslått ei tilføying i § 41 nr.
32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk av
automatiserte avgjerder.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg vidare at det vert foreslått ei endring i § 37 for å gje heimel
for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i
medhald av lova. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> registrerer
at endringsforslaget vil gje politiet høve til å krevje gebyr sjølv
om søknaden vert avslått, og at lovforslaget legg opp til at departementet gjev
nærare føresegner om gebyret i forskrift.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg at politiet i hovudinstruksen for etaten er gjeve pålegg om
å nytte teknologi som hever kvaliteten og effektiviserer arbeidsprosessane, mellom
anna i form av digitale publikumsløysingar.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> registrerer
at Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei ny digital
våpenforvalting med føremål om å utvikle ei betre og meir effektiv
våpenforvalting som skal møte publikum sine behov, og at digitalisering
av verksemda er framheva som ei prioritert oppgåve også i tildelingsbrevet
til politiet for 2024.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg at søknader som tidlegare vart handsama manuelt, i aukande grad
vert handsama maskinelt. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> merkar
seg vidare at heilautomatisert handsaming i eigna saker vil gje
ei endå meir effektiv søknadshandsaming og oppgåveløysing i våpenforvaltinga.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> registrerer
at det er lagt til grunn at våpenforvaltinga skal vere gebyrfinansiert,
og at gebyret skal svare til kostnadene, men at det ikkje er tilfellet
i dag, og at ein stor del av kostnadene som våpenforvaltinga har,
går med til å handsame søknader om løyve eller godkjenningar som
vert avslått, og til å utføre kontroll som krevst etter våpenlova
for at løyve som er utferda, skal kunne behaldast.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Venstre</Uth>, meiner at automatisert
sakshandsaming vil vere eit viktig verktøy for å effektivisere våpenforvaltinga
og gje publikum betre tenester. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> legg
til grunn at manuell handsaming berre vil vere naudsynt for avgjerder
som ikkje kan takast med automatisert handsaming, og for avgjerder
som vert klaga på etter avslag eller når den som avgjerda rettar
seg mot, krev det.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> meiner
at heilautomatiserte avgjerder vil kunne fremje likebehandling og
motverke at det veks fram ulik praksis i politidistrikta, og at
i dei sakene der ein kan nytte heilautomatisert handsaming, kan
avgjerder takast ut frå like kriterium nærast utan ventetid.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> vil understreke
at føresegnene i forvaltingslova og personvernforordninga gjeld
for våpenforvaltinga også når handsaminga er heilautomatisert. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> meiner at dei alminnelege
reglane tryggar parten sin rett til menneskeleg inngripen, til å
uttrykkje sine synspunkt, til å protestere mot avgjerda og til å
få ei forklaring i dei avgjerdene som kan heilautomatiserast. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser vidare til at i saker
der avgjerder ikkje kan klagast på, vert rettane trygga ved at det
vert innført ein rett til manuell overprøving når den som avgjerda rettar
seg mot, krev det.

<Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> viser
til at det varierer kor mykje tid og ressursar som går med til våpenforvaltinga
si handsaming av dei einskilde søknadene om løyve og godkjenningar. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> legg til grunn at det kan
krevje meir ressursar å avgjere søknader som endar med avslag, og
at skilnaden i ressursbruk mellom kurante saker som kan avgjerast
med heilautomatisert handsaming, og saker som krev manuell handsaming,
venteleg kan verte større. <Uth Type="Sperret">Fleirtalet</Uth> ser
det ikkje som urimeleg at ein søkjar må betale eit gebyr sjølv om
den einskilde søknaden vert avslått.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet</Uth> understreker at det er viktig
at forvaltningen blir så effektiv som mulig, slik at gebyrene for
brukerne blir så lave som mulig.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet</Uth> er positive til økt automatisering
av søknadsprosessen for våpensøknader og vil derfor støtte den delen
av proposisjonen som gjelder helautomatiserte avgjørelser i saker
om våpentillatelser. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> er
imidlertid negative til at gebyrplikten skal utvides til også å
gjelde i saker som ender med avslag, og vil ikke støtte denne delen
av proposisjonen, og stemmer derfor imot forslag til endring av
våpenloven § 37.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Tilråding frå komiteen</Tittel>
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla
komité med unntak av våpenlova § 37, som vert fremja av medlemene
frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Venstre.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakL>
<VedtakTilLov>
<Tittel>vedtak til lov</Tittel>
<OmLoven>
om endringar i våpenlova
(heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)
</OmLoven>
I
I lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen,
våpendelar og ammunisjon vert det gjort følgjande endringar:
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 37 skal lyde:</Stikktittel>
<Tittel>§ 37 <Uth Type="Kursiv">Gebyr og utgifter</Uth></Tittel>

<Endring>For å dekke utgiftene til våpenforvaltinga
kan politiet krevje gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar</Endring> gjevne
i eller i medhald av denne lova. Gebyret kan også omfatte naudsynte
utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild
fagdugleik.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 38 skal lyde:</Stikktittel>
<Tittel>§ 38 <Uth Type="Kursiv">Forholdet til forvaltningsloven
og bruk av automatiserte avgjerder</Uth></Tittel>
Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne
lova med dei særreglane som er fastsette <Endring>i paragrafen</Endring> her
eller i forskrift i medhald av § 41 nr. 32. Politiet kan krevje at
personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16
er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter
forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels
innførsel til jaktføremål.

<Endring>Politiet kan ta avgjerder i saker etter
denne lova som åleine er gjorde på grunnlag av automatisert handsaming av
personopplysingar, medrekna særlege kategoriar av personopplysingar
som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga
må trygge forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern
av personopplysingar. Avgjerda kan ikkje byggje på skjønnsmessige vilkår
i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er tvillaus. Den registrerte
har rett til manuell overprøving av avgjerda.</Endring>

</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 41 nr. 32 skal lyde:</Stikktittel>
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
32. 	forholdet til
forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar, reglar knytte
til intervju og unnatak frå teieplikta, <Endring>og bruk av automatiserte avgjerder,
jf. § 38 første og andre ledd,</Endring>
</Pkt>
</Liste>
II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
</Paragraf>
</VedtakTilLov>
</VedtakL>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i justiskomiteen, den 19. november 2024</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Helge André Njåstad</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Odd Harald Hovland</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leiar
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordførar
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>