<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 51 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
frå kontroll- og konstitusjonskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Dokument 3:17 (2023–2024)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen
si undersøking om Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge
utanfor arbeidslivet</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Ja">
<Tittel>Samandrag</Tittel>
<Seksjon2>
<Tittel>Innleiing</Tittel>
Fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
har vore det overordna målet for arbeids- og velferdspolitikken
gjennom mange år. I lengre tid har unge vore ei prioritert målgruppe
for arbeidsretta bistand frå Nav.
For enkeltpersonar er arbeid ei viktig kjelde
til trygg og stabil inntekt, sosialt fellesskap, auka livskvalitet
og personleg utvikling og læring. Arbeid kan også vere helsefremjande.
Det er eit stort tap for samfunnet når unge menneske blir ståande
varig utan jobb og dermed ikkje deltek i verdiskapinga i samfunnet.
At folk deltek i arbeidslivet, er sentralt for
å avgrense fattigdom, redusere ulikskap, fremje varig og berekraftig økonomisk
vekst og sikre gode velferdsordningar i framtida. Etter kvart som
befolkninga blir eldre og ein lågare andel er i yrkesaktiv alder,
blir det særleg viktig med tiltak for å få fleire i arbeid.
Bakgrunnen for undersøkinga er at mange unge
står utanfor arbeidslivet. Ein aukande del av desse får helserelaterte
ytingar. Talet på unge som får uføretrygd, har meir enn dobla seg
på ti år, frå 10 400 i 2013 til 21 800 i 2023. I tillegg er stønad
til livsopphald etter sosialtenestelova ei mykje brukt yting blant
unge under 30 år. Den arbeidsretta bistanden frå Nav er viktig for
å forhindre varig utanforskap og snu utviklinga i talet på unge
som får uføretrygd.
Ifølgje ein rapport frå OECD er andelen unge
som får uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar, mykje høgare i
Noreg enn i OECD-landa.
Betre inkludering av unge menneske i arbeidslivet har
vore eit sentralt politisk mål gjennom fleire år, og det har blitt
vedteke fleire politiske satsingar med mål om å få fleire unge inn
i arbeidslivet og bort frå helserelaterte ytingar. Eit døme på dette
er ungdomsinnsatsen, som blei innført på landsbasis i 2018. Ungdomsinnsatsen
skulle sikre at arbeids- og velferdsetaten prioriterte unge under
30 år både i oppfølgingsarbeid og ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak.
Innsatsen skulle også sikre rask oppfølging.
Den 1. juli 2023 blei det innført ein ny ungdomsgaranti.
Ungdomsgarantien gjeld for personar frå fylte 16 år og fram til
fylte 30 år som har fått fastslått at dei har eit behov for bistand
frå arbeids- og velferdsetaten for å kome i ordinært arbeid. Ungdomsgarantien
skal sikre god og tett oppfølging av unge mellom 16 og 30 år som treng
bistand til å fullføre utdanning og kome i arbeid. Alle unge i målgruppa
skal få tilbod om ein fast kontaktperson i Nav som skal følgje dei
opp regelmessig og mellom anna tilby rettleiing om utdanningsmoglegheiter og
moglegheiter i arbeidsmarknaden.
Det er særleg helseproblem og manglande kompetanse
som fører til at mange unge står utanfor arbeidslivet. Samstundes
har mange unge ofte lite arbeidserfaring.
Andelen unge som får helserelaterte ytingar,
har auka mykje dei seinare åra. Psykiske helseproblem er hovudårsaka
til at unge får helserelaterte ytingar. Ifølgje Nav-rettleiarar
er psykiske lidingar den enkeltårsaka som i størst grad reduserer
moglegheita for at unge kjem over i arbeid eller utdanning. Ved
utgangen av 2023 fekk 8,3 pst. av alle mellom 18 og 29 år helserelaterte
ytingar.
Målet med undersøkinga har vore å vurdere om
den arbeidsretta bistanden styresmaktene gir unge utanfor arbeidslivet,
er i tråd med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.
For å belyse den arbeidsretta bistanden som
styresmaktene gir unge, har Riksrevisjonen analysert dokument og
registerdata, gått gjennom saker og gjennomført intervju. Riksrevisjonen
har også sendt ut skriftlege spørsmål til koordinerande einingar
i kommunar og Nav-kontor. I tillegg har vi nytta data frå ei spørjeundersøking
blant Nav-rettleiarar som blei gjennomført av Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Undersøkinga har mellom anna teke utgangspunkt i
desse vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
lov om arbeids- og
velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningslova) [NAV-lova]
</Pkt>
<Pkt>
lov om folketrygd (folketrygdlova)
</Pkt>
<Pkt>
lov om sosiale tjenester i arbeids- og
velferdsforvaltningen (sosialtenestelova)
</Pkt>
<Pkt>
lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
(helse- og omsorgstenestelova)
</Pkt>
<Pkt>
lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
(psykisk helsevernlova)
</Pkt>
<Pkt>
Ot.prp. nr. 4 (2008–2009) Om lov om endringer
i folketrygdloven og i enkelte andre lover (arbeidsavklaringspenger,
arbeidsevnevurderinger og aktivitetsplaner), jf. Innst. O. nr. 28
(2008–2009)
</Pkt>
<Pkt>
Prop. 39 L (2014–2015) Endringer i arbeidsmiljøloven
og sosialtjenesteloven (adgang til midlertidig ansettelse mv. og
vilkår om aktivitet for stønad til livsopphold), jf. Innst. 208
L (2014–2015), Lovvedtak 54 (2014–2015)
</Pkt>
<Pkt>
Meld. St. 33 (2015–2016) NAV i en ny tid
– tid for arbeid og aktivitet, jf. Innst. 49 S (2016–2017)
</Pkt>
<Pkt>
Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga.
Gode liv i eit trygt samfunn, jf. Innst. 369 S (2018–2019)
</Pkt>
<Pkt>
budsjettproposisjonar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet
med tilhøyrande innstillingar
</Pkt>
</Liste>
Rapporten blei lagd fram for Arbeids-
og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet ved
brev av 22. mars 2024. Departementa har gitt Riksrevisjonen kommentarar
til rapporten i brev av 26. april 2024. Kommentarane er i hovudsak
innarbeidde i rapporten og i Riksrevisjonen sitt dokument.
Rapporten, oversendingsbrevet frå riksrevisorkollegiet
til departementa 24. mai 2024 og svaret frå statsrådane 19. juni
og 21. juni 2024 følgjer som vedlegg til Riksrevisjonen sitt dokument.
</Seksjon2>
<Seksjon2 Id="i1000865">
<Tittel>Konklusjonar</Tittel>
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Talet på unge som
får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, aukar betydeleg, og andelen
unge som får slike ytingar, er høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.
</Pkt>
<Pkt>
Den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene bidreg
ikkje til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning.
</Pkt>
<Pkt>
Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg
tilpassa unge utanfor arbeidslivet.
</Pkt>
<Pkt>
Måten som Nav og helsetenesta følgjer opp
unge med psykiske lidingar på, er ikkje tilstrekkeleg heilskapleg
og koordinert.
</Pkt>
</Liste>
</Seksjon2>
<Seksjon2>
<Tittel>Overordna vurdering</Tittel>
Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå
styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid
eller utdanning. Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg
tilpassa unge med samansette utfordringar, og unge med psykiske
lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg og koordinert
oppfølging av Nav og helsetenesta.
</Seksjon2>
<Seksjon2>
<Tittel>Utdjuping av konklusjonar</Tittel>
Mange unge som står utanfor arbeidslivet, har
samansette utfordringar som knyter seg til både helseproblem og
manglande utdanning og kompetanse. I tillegg har dei også ofte lite
arbeidserfaring. Dei samansette utfordringane til dei unge gjer
at dei har behov for å få koordinerte tenester frå ulike sektorar
på same tid. Desse sektorane er mellom anna Nav, helsetenesta og
utdanningssektoren.
Unge under 30 år har vore ei prioritert målgruppe
sidan 2017, både ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak og gjennom
styrkt oppfølging frå arbeids- og velferdsetaten. Den styrkte ungdomsinnsatsen
har vore eit verkemiddel for å få fleire unge i utdanning og arbeid
i heile perioden fram til 2023. Den 1. juli 2023 blei det innført
ein ny forskriftsfesta ungdomsgaranti. Garantien er ein oppfølgingsgaranti,
der alle i målgruppa skal få rask hjelp og tett oppfølging så lenge
det er nødvendig. Riksrevisjonen meiner det er positivt at arbeidet
med ungdomsinnsatsen blir ført vidare med ein ungdomsgaranti.
Sjølv om det er satsa på arbeidsretta oppfølging
av unge over fleire år, viser undersøkinga at det framleis er mange
utfordringar med å få unge inn i arbeid eller utdanning. Talet på
unge som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, aukar. Dette
talet var på om lag 51 250 personar i 2023. Undersøkinga viser at
den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje i tilstrekkeleg
grad bidreg til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning.
Den arbeidsretta bistanden er heller ikkje tilstrekkeleg tilpassa
unge som har samansette utfordringar og står utanfor arbeidslivet.
Unge med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad heilskapleg
og koordinert oppfølging av Nav og helsetenesta. Samla sett vurderer
Riksrevisjonen dette som kritikkverdig.
<Seksjon3>
<Tittel>Talet på unge som får arbeidsavklaringspengar
og uføretrygd, aukar betydeleg, og andelen unge som får slike ytingar, er
høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa</Tittel>
<Seksjon4>
<Tittel>Målet om at færre unge skal vere mottakarar av
ein stønad, er ikkje nådd</Tittel>
Nedsett arbeidsevne ligg til grunn for fleire
ytingar som skal gi inntektssikring frå Nav, først og fremst arbeidsavklaringspengar
og uføretrygd. Undersøkinga viser at mange unge får arbeidsavklaringspengar
over fleire år og i lange periodar utan arbeidsretta aktivitet.
Talet på unge som får arbeidsavklaringspengar,
har stige frå om lag 25 000 i 2018 til 29 500 i 2023. Av alle under
30 år som fekk sitt første vedtak om oppfølging frå Nav i 2018,
fekk ca. 5 000 personar (tilsvarande 17 pst.) arbeidsavklaringspengar
i perioden 2018–2022. I overkant av halvparten av desse fekk arbeidsavklaringspengar
i meir enn to år totalt, medan meir enn ein firedel fekk denne ytinga
i meir enn tre år.
Undersøkinga viser vidare at omtrent 69 pst.
av dei unge som fekk arbeidsavklaringspengar i perioden 2018–2022,
hadde ein psykisk diagnose som låg til grunn for arbeidsavklaringspengane.
Det utgjorde i overkant av 46 000 personar. Det er depressiv liding som
utgjer den største delen av psykiske diagnosar, med omtrent 10 500
personar. Diagnosegruppene «muskel- og skjelettsystemet» og «allmenn
og uspesifisert» utgjorde høvesvis 9,7 og 7,5 pst.
Talet på unge som får uføretrygd, har auka mykje
frå 2000 fram til 2023, og særleg i åra etter 2010.
I 2010 var det 8 500 personar under 30 år som
fekk uføretrygd. Tilsvarande tal for 2000 var 8 200 personar. Dette
utgjorde i overkant av 1 pst. av alle personar i aldersgruppa. I
2023 var talet auka til 21 800, tilsvarande 2,6 pst. av aldersgruppa.
Det betyr at både antalet og andelen unge som får uføretrygd, har
meir enn dobla seg. Fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
har vore det overordna målet for arbeids- og velferdspolitikken gjennom
mange år. Riksrevisjonen konstaterer at dette målet ikkje er nådd
for unge under 30 år, og meiner det er ei urovekkjande utvikling.
På grunn av koronapandemien var det fleire unge som
fekk dagpengar i åra 2020 og 2021, enn i dei andre åra i perioden
2018–2023.
Både i forsking og i Sysselsettingsutvalgets
utgreiingar blir det peikt på at det å få arbeidsavklaringspengar kan
ha uheldige konsekvensar for den tilknytinga dei unge har til arbeidslivet.
Det kjem fram av begge utgreiingane frå Sysselsettingsutvalget
at den aukande bruken av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd som
inntektssikring for unge menneske til ein viss grad kan vere eit
utrykk for at det skjer ei medikalisering. Medikalisering vil seie
at hendingar eller tilstandar som i utgangspunktet ikkje er knytte til
helse, blir omgjorde til medisinske problem. Det gjeld særleg unge
med svak tilknyting til arbeidslivet.
Det er fleire årsaker til auken i talet på unge
mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Det har vore
ein auke i andelen som blir uføretrygda som 18-åringar av medfødde
medisinske årsaker. Ut over dette kjem det fram av utgreiinga at
det ikkje er grunn til å tru at auken kjem av at helsetilstanden
i befolkninga generelt har blitt dårlegare dei seinaste tiåra. I
utgreiinga blir det peikt på at sjølv om inngangskriteriet til arbeidsavklaringspengar
er helseproblem, er det grunn til å tru at dagens ordning også rommar
mange unge som primært har andre utfordringar.
Undersøkinga viser at 69,5 pst. av dei som fekk
arbeidsavklaringspengar i perioden 2018–2022, har ein psykisk diagnose
som ligg til grunn for ytinga.
I Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet
blir det også vist til at det er påvist større risiko for varig
uføretrygd for ungdom som er i gråsona mellom arbeidsløyse og helseproblem,
og som får innvilga arbeidsavklaringspengar i staden for dagpengar
eller økonomisk sosialhjelp. Føremålet med å innføre arbeidsavklaringspengar
var å leggje til rette for at mottakaren skulle følgjast opp tidlegare
og tettare, slik at fleire skal kome raskare tilbake i arbeid eller
i arbeidsretta aktivitet.
I innstillinga til lova om endringar i folketrygdlova
sa arbeids- og sosialkomiteen at det er viktig at føremålet med
arbeidsavklaringspengar skal vere å sikre inntekt for personar medan
dei får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta tiltak eller
får anna oppfølging som skal skaffe dei arbeid eller hjelpe dei
med å halde seg i arbeid.
Oppfølgingsarbeidet skal innehalde ei arbeidsevnevurdering,
og undersøkinga viser at arbeidsevnevurderinga legg føringar som
bidreg til at helsesituasjonen blir dominerande i oppfølginga av
unge. Nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom er eit vilkår for
å få arbeidsavklaringspengar. Dette fører til eit uheldig diagnosefokus.
Helseplager kan bli betre over tid, og mange unge kan arbeide litt
sjølv om dei har helseutfordringar. Riksrevisjonen vurderer det
som uheldig at ressursane og dei moglegheitene dei unge har til
å kome i arbeid, ikkje er meir framståande i den arbeidsretta oppfølginga
mot målet om arbeid eller utdanning.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Delen unge som står utanfor arbeid, utdanning
og opplæring og får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er høgare
i Noreg enn i andre OECD-land</Tittel>
Kvart år bereknar OECD delen unge under 30 år som
er utanfor arbeid, utdanning og opplæring i kvart medlemsland. I
ein rapport frå OECD frå 2018 kjem det fram at dei unge som er utanfor
arbeid, utdanning og opplæring i Noreg, skil seg frå tilsvarande
unge i dei andre OECD-landa. I rapporten blir det mellom anna peikt på
at 70 pst. av norske unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring
ikkje søkjer aktivt etter arbeid. Den tilsvarande gjennomsnittlege
andelen i OECD var 50 pst.
Rapporten viser også til at Noreg har den høgaste delen
unge som står utanfor arbeid, utdanning og opplæring og får helserelaterte
ytingar. Delen unge i Noreg som får slike ytingar, er tre gonger
så høg som gjennomsnittet i OECD-landa. Rapporten peikar på uheldige
sider ved det norske velferdssystemet som kan bidra til at unge
blir «låste» i stønadene. Dette inneber at ytingane held dei unge
ute av arbeidslivet i lengre periodar.
Ifølgje OECDs oversikt for 2022 var 6,5 pst.
av dei unge under 30 år i Noreg utanfor arbeid, opplæring eller utdanning.
Gjennomsnittet for alle OECD-landa var 12,7 pst., og Noreg var det
landet som hadde nest lågast andel.
</Seksjon4>
</Seksjon3>
<Seksjon3>
<Tittel>Den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene bidreg
ikkje nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning</Tittel>
At befolkninga blir eldre og ein lågare andel
er i yrkesaktiv alder, har negative konsekvensar som vi må motverke.
Då er det svært viktig at dei unge ikkje fell utanfor arbeidslivet
og går over på helserelaterte ytingar. Tilknyting til arbeidslivet
har også stor betydning for kvar enkelt.
Arbeids- og velferdsetaten skal gi bistand til
arbeidsledige og personar med nedsett arbeidsevne for å lette overgangen
til arbeid eller utdanning og motverke at fleire fell varig ut av
arbeidslivet. Målet er at ledige og permitterte raskast mogleg skal
kome tilbake i arbeid eller utdanning, og at utsette grupper i arbeidsmarknaden
får hjelp til å kome i arbeid eller utdanning. Det har over fleire
år vore eit særskilt mål at fleire unge under 30 år skal gå over
i arbeid eller utdanning. Undersøkinga viser at det samla sett var
i overkant av 344 000 unge mellom 18 og 28 år som fekk arbeidsretta
bistand frå arbeids- og velferdsetaten i perioden 2018–2022. I 2022 var
det i underkant av 107 000 personar mellom 18 og 28 år som fekk
arbeidsretta bistand.
Nav har arbeidd med å hjelpe unge raskt over
i arbeid og utdanning, men det er vanskeleg å fastslå eksakt kva
effekt dette arbeidet har hatt. Likevel er det mogleg å undersøkje
om effekten endrar seg, ved å samanlikne resultat over tid.
Resultata frå analysane til Riksrevisjonen tyder
på at effekten av det arbeidet Nav har gjort, varierer relativt lite
i løpet av undersøkingsperioden. Analysane viser rett nok at delen
av dei unge som fekk arbeidsretta bistand og kom over i arbeid eller
utdanning, var større i 2022 enn i 2018. Men denne skilnaden kan
hovudsakleg forklarast med endringar i faktorar som Nav ikkje har kontroll
over, til dømes arbeidsmarknaden. Når ein tek høgd for at både Nav-brukarane
og arbeidsmarknaden har endra seg, ser ein at delen med overgang
til arbeid eller utdanning er omtrent den same i 2022 som i 2018.
Riksrevisjonen har estimert omfanget av overgangar
til arbeid eller utdanning ved å sjå på kor mange av dei unge som
fekk arbeidsretta bistand og ikkje var i arbeid ein bestemd månad,
og som var kome over i arbeid eller utdanning tre, seks eller tolv
månader seinare.
Delen som har overgang til arbeid eller utdanning, blir
større jo lenger fram i tid som vert observert. Tre månader fram
i tid er 15,3 pst. kome over i arbeid eller utdanning, medan seks
månader fram er delen 23,9 pst., og tolv månader fram er delen 31,9
pst.
Etter seks månader er det meir enn dobbelt så
mange i arbeid (15,7 pst.) som i utdanning (6,3 pst.), medan 1,9
pst. er både i arbeid og utdanning.
Analysane til Riksrevisjonen viser at blant
dei som ikkje har overgang til arbeid eller utdanning, får to tredelar
framleis arbeidsretta bistand seks månader etter måletidspunktet,
medan 10 pst. verken får arbeidsretta bistand frå Nav eller har
hatt overgang til arbeid eller utdanning.
Vidare viser undersøkinga at 16 pst. av personane med
overgang til arbeid eller utdanning er tilbake hos Nav eitt år etter
overgangen, medan 19 pst. er tilbake hos Nav to år etter overgangen.
I gjennomsnitt jobbar personane som har overgang til
arbeid, 11,5 timar per veke i månaden då utfallet blir målt. Dette
svarar til ei 31 pst. stilling. Nesten ni av ti arbeider mindre
enn det som svarar til 50 pst. stilling. Når det gjeld personane
som var kome over i utdanning seks månader seinare, var det omtrent
to av tre som hadde progresjon i utdanninga.
Undersøkinga viser at innsatsen frå Nav ikkje
i tilstrekkeleg grad bidreg til målet om at fleire unge skal kome
i arbeid eller utdanning. Riksrevisjonen peikar på at Arbeids- og
inkluderingsdepartementet har ansvaret for å sikre at måla på området
blir nådde. Satsingane og prioriteringa av dei unge har så langt
ikkje ført til vesentlege endringar i måloppnåinga. Riksrevisjonen meiner
at det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene
ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning.
</Seksjon3>
<Seksjon3>
<Tittel>Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg
tilpassa unge utanfor arbeidslivet</Tittel>
Arbeids- og velferdsetaten skal tilpasse tenestene etter
behova til kvar enkelt brukar. Kjenneteikn ved unge som har behov
for tenester frå Nav, er låge kvalifikasjonar, psykiske helseutfordringar,
sosiale utfordringar og/eller økonomiske problem. Litt over halvparten av
personane i undersøkinga hadde berre grunnskule. Somme av dei unge
slit med å handtere vaksenlivet, enkel livsmeistring og dei krava
dei blir stilte overfor i arbeidslivet. Det tek tid for Nav-kontora
å få tilstrekkeleg oversikt og innsikt i utfordringane, slik at
dei kan setje inn relevante tiltak.
<Seksjon4>
<Tittel>Fleire unge har samansette utfordringar og behov
for arbeidsretta bistand</Tittel>
Undersøkinga viser at talet på unge som har
samansette utfordringar og behov for arbeidsretta bistand for å
kome i arbeid eller utdanning, har auka.
Det har vore ein auke i talet på unge som har
behov for spesielt tilpassa innsats frå Nav. I perioden 2018–2023
steig talet på oppfølgingsvedtak med spesielt tilpassa innsats frå
19 000 til ca. 28 000. I 2018 utgjorde denne gruppa 17 pst. av vedtaka,
medan ho i 2023 hadde vakse til 29 pst. Spesielt tilpassa innsats
blir tilboden til brukarar som etter ei arbeidsevnevurdering har
fått fastslått at arbeidsevna er nedsett, samstundes som det blir
lagt til grunn at brukaren kan skaffe seg eller behalde arbeid gjennom
eigeninnsats og ved hjelp frå Nav eller andre samarbeidande aktørar.
Medan delen med nedsatt arbeidsevne og større innsatsbehov
veks, er det ein kraftig reduksjon i talet på brukarar under 30
år som kan ventast å kome over i arbeid eller utdanning ved hjelp
av eigeninnsats. Av dei unge som Nav forventar skal klare å skaffe
seg arbeid eller byrje på utdanning ved eigeninnsats, er omtrent halvparten
i jobb eller utdanning seks månader seinare. For personar som har
behov for spesielt tilpassa innsats, er denne delen berre 16 pst.
i gjennomsnitt for perioden 2018–2022.
Ei slik endring i behova for bistand gjer at
Nav må gi fleire brukarar tett og individuell oppfølging. Alle aktørane
som er intervjua i undersøkinga, framhevar at det er krevjande å
følgje opp unge med samansette utfordringar. Undersøkinga viser
at Nav-kontora har behov for ytterlegare støttemateriell for å sikre
at brukarane blir kartlagde og følgde opp på ein meir einsarta og
samstundes meir effektiv måte. Dette blir også illustrert i saksgjennomgangen
til Riksrevisjonen. Sjølv om eit fleirtal av Nav-kontora har organisert
oppfølginga av unge i ungdomsteam, slik at dei har færre brukarar
å følgje opp, opplever Nav-kontora i stor grad ressursknappleik.
Dette går også fram av intervju med Arbeids- og inkluderingsdepartementet
og av styringsdialogen mellom departementet og direktoratet.
I 2023 fekk Nav-rettleiarane ansvaret for å
følgje opp fleire unge brukarar. I tillegg har det blitt fleire
brukarar med større oppfølgingsbehov. Undersøkinga viser at det
er store variasjonar i storleiken på porteføljar på tvers av fylke
og på tvers av små og store Nav-kontor. I nokre fylke er det store
porteføljar og særskilt krevjande å redusere porteføljane til eit
nivå som kan tilfredsstille forventningane i ungdomsgarantien.
For brukarane er det viktig med føreseielegheit
og stabilitet i oppfølgingsløpet. Brukarane Riksrevisjonen har intervjua,
opplever hyppige byte av rettleiarar. Saksgjennomgangen stadfestar
dette. I fleire av sakene Riksrevisjonen har gått gjennom, blei
det bytt rettleiar seks til åtte gonger i løpet av perioden frå
2018 til 2022. Mental Helse Ungdom understrekar at det er viktig
med stabilitet. Etter at ungdomsgarantien blei innført 1. juli 2023,
skal unge med behov for arbeidsretta bistand få tilbod om ein fast
kontaktperson.
Undersøkinga viser at den arbeidsretta oppfølginga i
Nav kjem raskt i gang etter at den unge har kontakta Nav, ved at
mange får eit oppfølgingsvedtak med utfallet standard innsats. Det
vil seie at Nav ventar at brukaren skal kunne kome i arbeid hovudsakleg
gjennom eigenaktivitetar, i løpet av relativt kort tid og med liten innsats
frå Nav.
Undersøkinga viser også at ein stor del av dei
som først får eit oppfølgingsvedtak med utfallet standard innsats,
seinare blir plasserte i ei innsatsgruppe som inneber større behov
for arbeidsretta bistand. Ifølgje intervju med Nav-kontora er mange
unge registrerte med standard innsats over lang tid sjølv om dei
kan ha behov for meir bistand frå Nav. Riksrevisjonen meiner det
er uheldig at dei unge som har behov for arbeidsretta bistand, blir
verande lenge i ei innsatsgruppe som er meint for brukarar som er
forventa å kunne skaffe seg arbeid i løpet av relativt kort tid,
hovudsakleg gjennom eigenaktivitetar. Konsekvensen blir at for mange
unge blir passive og ikkje kjem raskt nok i ein aktivitet som kan
bidra til at dei kjem i arbeid.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Dialogen mellom Nav og brukaren handlar for lite
om overgang til arbeid</Tittel>
Den arbeidsretta oppfølginga av brukarar går
i hovudsak føre seg gjennom dialog mellom brukaren og rettleiaren
i ein chattefunksjon i den digitale aktivitetsplanen. Denne planen
gir brukaren og rettleiaren ei oversikt over aktivitetar, mellom
anna aktivitetar som kan få brukaren i arbeid. Det er ei utbreidd
oppfatning i samfunnet at unge har høg digital kompetanse, men undersøkinga
viser at det er stor variasjon i korleis den digitale aktivitetsplanen
fungerer for dei unge. Mange unge opplever dei digitale løysingane
til Nav som krevjande. Det som blir trekt fram som utfordrande,
er at det er vanskeleg å finne fram til aktivitetsplanen, og at fleire
dialogar som handlar om ulike tema, er aktive samstundes. Dette
gjer det vanskeleg for mange unge å halde oversikta og vite kva
dei skal svare på.
Frå Nav si side er det eit klart mål at dialogen
skal handle om arbeid og aktivitet. Undersøkinga viser likevel at
rettleiarane ofte må bruke tid på andre forhold enn arbeidsretta
bistand i oppfølginga. Brukarane har mange spørsmål om inntektssikring
eller liknande som må avklarast. I tillegg varierer det om mål for
brukaren er definerte i aktivitetsplanen. Når det er definert eit mål,
er dette ofte med formuleringar som «målet er å skaffe arbeid» eller
«målet er å få ein jobb», utan at det er ein konkret plan for korleis
brukaren skal nå målet. Det er viktig at unge i ein tidleg fase
av vaksenlivet får avklart kva moglegheiter og eventuelle avgrensingar
dei har når dei skal delta i arbeidslivet.
Forsking som er gjord på unge mottakarar av
arbeidsavklaringspengar og aktivitetsplanane deira, viser også at
brukarane sjølve i liten grad har definert tydelege mål for oppfølginga.
Fråværet av mål blir spegla i dialogen mellom brukaren og Nav, og
det er få spor av at Nav gjer brukaren medviten om kva som er målet
med avklaringa. Riksrevisjonen meiner dialogen mellom brukaren og
Nav i den arbeidsretta oppfølginga i for liten grad inneheld eit
mål om å kome i arbeid og ein plan som skal få brukaren i arbeid
eller utdanning.
Unge menneske har ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
Dei vi har intervjua, fortel om opplevingane sine med Nav-kontoret
på ulike måtar.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Arbeidsmarknadstiltaka er ikkje tilstrekkeleg
tilpassa for at unge skal kome i arbeid</Tittel>
Arbeidsmarknadstiltak kan nyttast for alle aldersgrupper.
Kostnadene som er knytte til tiltak, er reduserte dei seinare åra.
Viktige tiltak for unge er ulike kvalifiserings- og opplæringstiltak,
gjennomføring av vidaregåande skule, bruk av lønstilskot og tiltak
i eigenregi via ein jobbspesialist. Undersøkinga viser at det manglar
lågterskeltilbod som kan hjelpe unge til å førebu seg på arbeidslivet.
Rettleiarane i Nav opplever at tilgangen på relevante tiltaksplassar
er mest avgrensa for brukarar med dårleg oppmøteevne. Når det gjeld
brukarar med psykiske lidingar, opplever nesten ein av fire rettleiarar
at dei ikkje har tilstrekkeleg tilgang på relevante tiltaksplassar.
Undersøkinga viser at arbeidspraksis og oppfølging er
dei mest brukte arbeidsretta tiltaka for dei unge. Arbeidspraksis
inneber arbeidsførebuande trening og praksis i skjerma og ordinære
verksemder, medan oppfølgingstiltak omfattar jobbklubb, mentor,
individuell jobbstøtte (IPS) og meir omfattande oppfølging.
Nav-kontora trekkjer fram at tiltaket lønstilskot fungerer
bra for dei unge og gir best resultat. Tett og individuell oppfølging
er to faktorar som blir trekte fram som suksesskriterium for alle
typar tiltak.
Mange unge mellom 18 og 30 år får økonomisk
sosialhjelp. Dette er ei kommunal yting og ein økonomisk stønad
som blir gitt til personar som ikkje kan tene til livsopphald gjennom
arbeid eller ved å nytte seg av dei økonomiske rettane sine. Sosialhjelp
er ei av dei mest utbreidde ytingane blant personar som fekk sitt
første vedtak om oppfølging frå Nav i perioden 2018 til 2022. Frå
1. januar 2017 har kommunane hatt plikt til å stille vilkår om aktivitet
for sosialhjelpsmottakarar under 30 år gjennom ei endring i sosialtenestelova.
Føremålet med ei lovfesta aktivitetsplikt for unge stønadsmottakarar
er å styrkje dei moglegheitene den enkelte har til å kome i arbeid
og bli sjølvforsørgd. Dette kan bidra til å hjelpe unge ut av eit
passivt tilvære. Så langt viser forskinga ingen teikn til auka deltaking
i arbeid eller utdanning for unge mottakarar av sosialhjelp.
Ein rapport som blei publisert i 2023, viste
at blant unge under 30 år har 65 pst. fått krav om aktivitet, medan
35 pst. har fått unntak frå aktivitetsplikta. Den vanlegaste årsaka
til at det blir gitt unntak, er at helse- eller livssituasjonen
byr på store utfordringar. Rapporten viser vidare at mange av brukarane
sjølve ikkje er klare over om dei har hatt vilkår om aktivitet eller
ikkje.
Ifølgje rapporten meiner mange Nav-rettleiarar
at det å stille vilkår om aktivitet er nyttig for framgangen til kvar
enkelt brukar, til dømes fordi det sørgjer for at brukaren deltek
i utviklande aktivitetar, og at brukaren jamleg er i kontakt med
Nav.
Dersom ein person ikkje oppfyller vilkåra som
blir stilte, kan utbetalinga av sosialhjelp reduserast. Rapporten
frå 2023 viser likevel at dette sjeldan skjer. Årsaka er at rettleiarane
ikkje ønskte å gjere det vanskeleg for brukarane, som ofte er avhengige
av sosialhjelpsutbetalinga for å dekkje grunnleggjande behov.
Gjennom behandlinga av dei årlege budsjettforslaga
til Arbeids- og inkluderingsdepartementet dei seinaste åra har Stortinget
understreka kor viktig det er å prioritere utsette grupper, mellom
anna unge under 30 år. Undersøkinga viser likevel at Nav ikkje i
tilstrekkeleg grad har lågterskeltilbod til unge og kan tilby tiltak
som er tilpassa unge med psykiske lidingar. Riksrevisjonen meiner
det er urovekkjande at så mange Nav-rettleiarar opplever at det
ikkje er tilstrekkeleg tilgang på relevante tiltaksplassar.
</Seksjon4>
</Seksjon3>
<Seksjon3>
<Tittel>Måten som Nav og helsetenesta følgjer opp unge
med psykiske lidingar på, er ikkje tilstrekkeleg heilskapleg og
koordinert</Tittel>
Undersøkinga til Riksrevisjonen omfattar totalt
i overkant av 344 000 unge mellom 18 og 28 år som får arbeidsretta
bistand frå Nav i perioden 2018 til 2022. Om lag 81 000 av desse
(24 pst.) har blitt greidde ut for eller fått behandling for psykiske
helseutfordringar i spesialisthelsetenesta i same periode.
<Seksjon4>
<Tittel>Individuell plan og individuell jobbstøtte (IPS)
blir for lite brukt</Tittel>
Nav skal i samarbeid med andre tenesteytarar
leggje til rette for at brukarar som har behov for det, får eit heilskapleg
og koordinert tenestetilbod. Nav-lova fastslår at den som har behov
for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeidd
ein individuell plan. Nav-kontora skal samarbeide med andre tenesteytarar –
både i helsetenesta og i kommunane – om den individuelle planen
for å bidra til eit heilskapleg tenestetilbod. Ved uklarleik eller
usemje skal kommunen avklare kva velferdstenester som har hovudansvaret
for å utarbeide og følgje opp den individuelle planen. Personen har
også rett til å få ein eigen koordinator som leiar planarbeidet.
Undersøkinga til Riksrevisjonen viser at individuell plan
blir brukt i svært liten grad. Det var 9 675 personar som hadde
ein slik plan i perioden 2018–2022. Dette utgjer i underkant av
tre pst. av talet på personar som har fått arbeidsretta bistand
i same periode. Riksrevisjonen har likevel ikkje data som viser
kor mange av dei unge med behov for koordinerte tenester som burde
hatt ein individuell plan. Konsekvensen av at individuell plan blir
brukt i så liten grad, kan vere at personar som har behov for langvarige
og koordinerte tenester frå både Nav og helsetenesta, ikkje får
den heilskaplege oppfølginga som mange treng for å kome over i arbeid
eller utdanning.
Individuell jobbstøtte (IPS) er eit tilbod til
pasientar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller ruslidingar,
som får behandling i den psykiske helsetenesta, og som har eit ønske
om å jobbe eller kome i utdanning. Tiltaket er utforma som ein modell
for samarbeid mellom Nav og helsetenestene. Undersøkinga tyder på
at tiltaket har god effekt, men det er lite brukt. Talet på unge
som har delteke i tiltaket IPS, har auka frå 210 i 2018 til 2 629
i 2022. Dette er ei positiv utvikling, men Riksrevisjonen meiner
likevel at det er for få unge som får tilbod om dette tiltaket.
</Seksjon4>
<Seksjon4>
<Tittel>Samhandlinga mellom Nav og helsetenesta fungerer
ikkje godt nok</Tittel>
Samhandlinga mellom Nav og helsetenesta går
i stor utstrekning føre seg ved at dei utvekslar informasjon om
medisinsk dokumentasjon for retten til ytingar. Samstundes viser
undersøkinga at dagens digitale løysingar for informasjonsutveksling
er det største hinderet for at det skal bli betre informasjonsutveksling mellom
tenestene. Det er mellom anna ei stor utfordring for Nav at det
tek lang tid å innføre endringar i skjema som er integrerte i systema
til fastlegane for elektroniske pasientjournalar. Dette kjem av
at Nav er avhengig av at leverandørane utfører dei etterspurde endringane
individuelt i systema sine. Manglande digitale løysingar har vore
ei kjend utfordring gjennom mange år. Ei effektiv og trygg informasjonsutveksling
er avgjerande for å sikre god oppfølging av unge brukarar.
Det blir trekt fram at samarbeidsmøte mellom
Nav og ulike aktørar i helsetenesta gjer meir nytte enn ein individuell
plan. Undersøkinga viser likevel at fastlegane i svært liten grad
deltek i denne typen møte. Fastlegar søkte om refusjon for deltaking
i samarbeidsmøte for berre tre pst. av brukarane i 2022.
Kapasitetsutfordringar i både Nav og helsetenesta påverkar
samarbeidet negativt. Nav-kontora trekkjer fram at dei må ha tilstrekkeleg
med ressursar til å gi unge tett oppfølging. Ifølgje dei er dette
heilt avgjerande for at dei skal få til arbeidsretta bistand parallelt
med behandling i helsetenesta. Alle Nav-kontora opplever ressursknappleik,
med nokre variasjonar og til dels også svingingar i løpet av året.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet oppgir at manglande ressursar
og ventetid på behandling er ei av hovudutfordringane i samarbeidet med
helsetenesta. Dei unge som står utanfor arbeidslivet, er ei relativt
stor gruppe, og mange treng helsehjelp.
Arbeidsmarknadssektoren skal jobbe for å styrkje moglegheitene
for å kome over i arbeid og stå i jobb. Helsesektoren har eit anna
overordna mål, han skal førebyggje og behandle sjukdom og fremje
god livskvalitet. Pasientar skal prioriterast i tråd med kor alvorleg
tilstanden er. Dette følgjer av prioriteringsforskrifta og inneber
at helsetenesta ikkje kan prioritere unge som får arbeidsretta bistand,
framfor dei som skal prioriterast etter forskrifta.
Verken Nav eller helsetenesta har tilstrekkelege
verkemiddel til å hjelpe dei unge med å kome i arbeid. Samarbeidet
mellom Nav og helsetenestene har derfor mykje å seie. Dei overordna
myndigheitene har store forventningar til samarbeidet mellom Nav
og helsetenesta, men ulike samfunnsoppdrag bidreg til ulike prioriteringar
og ulike forventningar. Undersøkinga viser likevel at dei fleste
aktørane innan helsetenesta forstår kor viktig det er at det blir
gitt helsehjelp samstundes med arbeidsretta aktivitet.
Det er positivt at Arbeids- og inkluderingsdepartementet
og Helse- og omsorgsdepartementet legg til rette for betre samarbeid
mellom Nav og helsetenesta gjennom ulike satsingar og verkemiddel.
Undersøkinga viser likevel at tenesteytarane har liten kjennskap
til dei ulike satsingane. Riksrevisjonen meiner at samarbeidet mellom
departementa ikkje har bidrege nok til å styrkje samhandlinga mellom
dei ulike aktørane, slik at fleire unge med psykiske lidingar kjem
over i arbeid eller utdanning.
</Seksjon4>
</Seksjon3>
</Seksjon2>
<Seksjon2>
<Tittel>Tilrådingar</Tittel>
Den arbeidsretta oppfølginga av unge bør styrkjast slik
at fleire unge kjem over i arbeid eller utdanning. Derfor tilrår
Riksrevisjonen at
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
følgjer opp at arbeids- og velferdsetaten i større grad tilpassar verkemiddel
og tiltak etter behova til dei unge
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer
opp den plikta arbeids- og velferdsetaten har til å stille vilkår
om aktivitet for sosialhjelpsmottakarar under 30 år
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sørgjer
for at arbeids- og velferdsetaten oppfyller krava i ungdomsgarantien
om individuelt tilpassa oppfølging, slik at fleire unge får høve
til å kome i ordinært arbeid
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet og
Helse- og omsorgsdepartementet forsterkar arbeidet med å sikre betre
samhandling, slik at dei unge med samansette utfordringar får ei
meir heilskapleg og koordinert oppfølging, noko som inneber å
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
halde fram arbeidet
med å byggje ned kjende barrierar for samhandling
</Pkt>
<Pkt>
gjere felles satsingar og strategiar betre
kjende i Nav og helsetenesta
</Pkt>
</Liste>
</Pkt>
</Liste>
</Seksjon2>
<Seksjon2>
<Tittel>Svar frå statsrådane</Tittel>
Dokument 3:17 (2023–2024) Riksrevisjonens undersøking
av arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet,
blei sendt til statsrådane i Arbeids- og inkluderingsdepartementet
og Helse- og omsorgsdepartementet til uttale. Statsrådanes svar
følgjer som vedlegg til Dokument 3:17 (2023–2024).
</Seksjon2>
<Seksjon2>
<Tittel>Fråsegn frå Riksrevisjonen om svar frå statsrådane</Tittel>
Riksrevisjonen har ingen fleire merknader i
saka.
</Seksjon2>
</Kapittel>
<Kapittel Num="Ja">
<Tittel>Merknader frå komiteen</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Kirsti Leirtrø og Agnes
Nærland Viljugrein, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg,
frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I.
Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher
Aydar, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne,
Sigrid Zurbuchen Heiberg</Uth>, viser til Riksrevisjonen sitt Dokument
3:17 (2023–2024) Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge
utanfor arbeidslivet.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at bakgrunnen for undersøkinga er at mange unge under 30 år står
utanfor arbeidslivet. Ein aukande del av desse får helserelaterte
ytingar. Talet på unge som får uføretrygd, har meir enn dobla seg på
ti år, frå 10 400 i 2013 til 21 800 i 2023. I tillegg er stønad
til livsopphald etter sosialtenestelova ei mykje brukt yting blant
unge under 30 år. Den arbeidsretta bistanden frå Nav er viktig for
å forhindre varig utanforskap og snu utviklinga i talet på unge
som får uføretrygd.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at målet med undersøkinga har vore å vurdere om den arbeidsretta
bistanden styresmaktene gir unge utanfor arbeidslivet, er i tråd
med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.
<Subsek2>
<Tittel>Om Riksrevisjonen sine konklusjonar</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
Riksrevisjonen sine konklusjonar om at:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Talet på unge som
får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, aukar betydeleg, og andelen
unge som får slike ytingar, er høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.
</Pkt>
<Pkt>
Den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene bidreg
ikkje nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning.
</Pkt>
<Pkt>
Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg
tilpassa unge utanfor arbeidslivet.
</Pkt>
<Pkt>
Måten som Nav og helsetenesta følgjer opp
unge med psykiske lidingar på, er ikkje tilstrekkeleg heilskapleg
og koordinert.
</Pkt>
</Liste>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> sluttar
seg til Riksrevisjonen sine konklusjonar.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser
til Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 pkt. 3.5.3,
der det står:
<Sitat>
«Siden unge kan ha en lang yrkeskarriere
fremfor seg, vil det gi betydelige gevinster for den enkelte og samfunnet
å redusere antallet unge som ikke er i arbeid. Mange unge som ikke
kommer inn i arbeidslivet har sammensatte utfordringer, gjerne en
kombinasjon av manglende kompetanse, sosiale problemer og ulike psykiske
helseplager.»
</Sitat>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> vil peike
på at unge som står utanfor arbeid og utdanning, er ei samfunnsutfordring
som ikkje kan løysast av éin sektor åleine. Unge treng ofte bistand
på tvers av ansvarsområde. Det inneber støtte og føreseieleg, individuelt
tilpassa oppfølging frå ulike delar av hjelpeapparatet, og gjerne
samtidig.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Om Riksrevisjonen sin kritikk</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at Riksrevisjonen meiner det er kritikkverdig at den arbeidsretta
bistanden frå styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge
over i arbeid eller utdanning. Den arbeidsretta bistanden er ikkje
tilstrekkeleg tilpassa unge med samansette utfordringar, og unge
med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg
og koordinert oppfølging av Nav og helsetenesta.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> sluttar
seg til Riksrevisjonen sin kritikk.
</Subsek2>
<Subsek2 Id="i1000871">
<Tittel>Om Riksrevisjonen sine tilrådingar</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at Riksrevisjonen tilrår at:
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
følgjer opp at arbeids- og velferdsetaten i større grad tilpassar verkemiddel
og tiltak etter behova til dei unge
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer
opp den plikta arbeids- og velferdsetaten har til å stille vilkår
om aktivitet for sosialhjelpsmottakarar under 30 år
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sørgjer
for at Nav oppfyller krava i ungdomsgarantien om individuelt tilpassa
oppfølging, slik at fleire unge får høve til å kome i ordinært arbeid
</Pkt>
<Pkt>
Arbeids- og inkluderingsdepartementet og
Helse- og omsorgsdepartementet forsterkar arbeidet med å sikre betre
samhandling, slik at dei unge med samansette utfordringar får ei
meir heilskapleg og koordinert oppfølging, noko som inneber å
<Liste Type="Strek">
<Pkt>
halde fram arbeidet
med å byggje ned kjende barrierar for samhandling
</Pkt>
<Pkt>
gjere felles satsingar og strategiar betre
kjende i Nav og helsetenesta.
</Pkt>
</Liste>
</Pkt>
</Liste>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> sluttar
seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at betre inkludering av unge menneske i arbeidslivet har vore eit
sentralt politisk mål gjennom fleire år, og det har blitt vedteke
fleire politiske satsingar med mål om å få fleire unge inn i arbeidslivet
og bort frå helserelaterte ytingar. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser
til at individuell plan blir brukt i svært liten grad, og at undersøkinga
tyder på at tiltaket individuell jobbstøtte (IPS) har god effekt. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> ber difor Arbeids- og inkluderingsdepartementet
i gjennomføringa av tilrådingane om å vurdere kva som er årsaka
til at tiltak og satsingar har hatt liten effekt, og kvifor tiltak
som har effekt, vert nytta i for liten grad, og nytte kunnskapen
til å setje i verk tiltak som har effekt.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser til
at undersøkingsperioden i Riksrevisjonen si undersøking er frå 2018
til 2023.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre og Venstre</Uth> viser til at en nasjonal ungdomsinnsats
ble iverksatt fra 2017 og videreført i 2018. Ungdomsinnsatsen representerte
en systematisk styrking av oppfølgingsarbeidet av unge som står
utenfor arbeid og utdanning. Sammen med innføringen av en lovfestet aktivitetsplikt
for sosialhjelpsmottakere under 30 år understøttet dette Nav-kontorenes
arbeid med oppfølging av utsatte unge på tvers av statlige og kommunale arbeidsområder
og et bedre grunnlag for samarbeid med utdanningsmyndighetene.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> viser
også til at regjeringa innførte ein ny ungdomsgaranti i arbeids-
og velferdsetaten frå 1. juli 2023. Garantien skal sikre unge tidleg,
tett og tilpassa oppfølging heilt fram til arbeid. Unge i målgruppa skal
få tilbod om ein fast kontaktperson ved Nav-kontoret, som skal ha
ansvar for færre brukarar slik at dei kan gi meir systematisk og
heilskapleg oppfølging. Det vil også gi moglegheit for eit tettare
samarbeid med utdanningsmyndigheitene og helsetenesta. Ungdomsgarantien
inneber ei tydeleg prioritering av unge og skal redusere passive
periodar utanfor arbeid og utdanning. Målet er ei stabil tilknyting
til arbeidslivet og at andelen som får helserelaterte ytingar, går
ned.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> ser med
uro på funna i Dokument 3:17 (2023–2024) frå Riksrevisjonen. Komiteen meiner
at funna om manglande psykisk helsehjelp bør føre til ei politisk
vilje til å få ned ventetidene og gjere det lettare for unge å få
den helsehjelpa dei treng.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne</Uth> understreker
at selv om vi har et høyt antall unge stønadsmottakere, så har Norge
nest høyest deltakelse i arbeid, i utdanning eller opplæring i alderen
15–29 år i OECD. Det er en lang utredningsprosess som må til for
å kvalifisere til uføretrygd, og i avklaringsperioden er det viktig
at inntektssikring ligger fast. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> mener
at svaret på utfordringen om å få færre unge som stønadsmottakere
ikke kan være innskrenking av rettigheter og inntektssikring. Da
regjeringen Solberg kuttet i unges tilgang til arbeidsavklaringspenger
(AAP), ble antallet unge uføre doblet.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti</Uth> mener
regjeringens fjerning av karensåret på AAP var riktig og bør stå
fast også videre. Selv om tallene for unge utenfor arbeid og utdanning
ikke er høyere nå enn tidligere, er det fortsatt for mange som ikke
er i jobb. Det <Uth Type="Sperret">disse medlemmer</Uth> mener
er bekymringsfullt, er doblingen i andelen unge uføre de siste ti årene.

<Uth Type="Sperret">Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet
og Venstre</Uth>, mener det er klart best for den enkelte og viktig
for samfunnet at flest mulig er i arbeid eller utdanning. Veksten
i unge som står helt utenfor arbeidslivet er derfor bekymringsfull.
I perioden fra 2003 til 2019 var andelen mottakere av helserelaterte
ytelser i aldersgruppen 18 til 29 år stabil på mellom 6,6 og 7,2
pst. I kjølvannet av koronapandemien, har andelen økt til 8,1 pst.
i 2023. I en tid hvor både privat og offentlig sektor har større
behov enn på lenge for arbeidskraft, er det viktig at det offentlige
virkemiddelapparatet lykkes med å hjelpe unge utenfor jobb og skole
inn i aktivitet.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet</Uth> viser til at mange unge mellom 18 og
30 år får økonomisk sosialhjelp. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> merker
seg at det i for liten grad stilles vilkår om aktivitet for sosialhjelpsmottakere
under 30 år, til tross for at dette er en plikt som kommunene har. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> mener at å stille krav og
forventninger til den enkelte er et viktig bidrag til å hjelpe unge
ut av passivitet. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> viser
til at i en rapport publisert i 2023 fremkommer det at mange Nav-veiledere
mener at det å stille vilkår for sosialhjelp kan være nyttig for
den enkelte. Til tross for dette viser rapporten at bare 65 pst.
av sosialhjelpsmottakere har fått krav om aktivitet. Dersom den
enkelte ikke oppfyller aktivitetsplikten, kan det gjennomføres reduksjon
i utbetaling av sosialhjelp, dette brukes imidlertid i veldig begrenset
grad. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> forventer at plikten
kommunen har til å stille krav om aktivitet for sosialhjelpsmottakere
under 30 år, blir fulgt opp, og at dersom vilkår brytes, så får
det en konsekvens.

<Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> fremmer
derfor følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen følge
opp kommunene slik at plikten lokalforvaltningen har etter sosialtjenesteloven
til å stille vilkår om aktivitet for sosialhjelpsmottakere under
30 år, blir fulgt.»
</Subsek2>
</Kapittel>
<ForslagFraMindretall Num="Ja">
<Tittel>Forslag frå mindretal</Tittel>
<Fraksjon Fra="Framstegspartiet">
<Tittel>Forslag frå Framstegspartiet:</Tittel>
<Forslag Nr="1">
<Tittel>Forslag 1</Tittel>
Stortinget ber regjeringen følge opp kommunene slik
at plikten lokalforvaltningen har etter sosialtjenesteloven til
å stille vilkår om aktivitet for sosialhjelpsmottakere under 30
år, blir fulgt.
</Forslag>
</Fraksjon>
</ForslagFraMindretall>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Ja">
<Tittel>Tilråding frå komiteen</Tittel>
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til
å gjere følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Dokument 3:17 (2023–2024) –
Riksrevisjonen si undersøking om Arbeidsretta bistand frå styresmaktene
til unge utanfor arbeidslivet – vert lagt ved møteboka.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 19. november
2024</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Peter Frølich</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Agnes Nærland Viljugrein</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leiar
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordførar
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>