<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Innst. 31 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>Innstilling til Stortinget
fra utenriks- og forsvarskomiteen</Doktit>
<Kildedok>Meld. St. 25 (2023–2024)</Kildedok>
<Ingress>Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Eksport
av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt
ikkje-spreiingssamarbeid</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Sammendrag</Tittel>
Sidan 1996 har regjeringa lagt fram ei årleg
melding til Stortinget som gjer greie for eksporten av våpen, ammunisjon
og anna militært materiell, relatert teknologi og tenester for militære
føremål (heretter forsvarsmateriell), og fleirbruksvarer til militær
sluttbruk, frå norske verksemder. Regjeringa ønskjer at meldinga
skal bidra til betre kunnskap om denne delen av eksportkontrollen.
Meldinga gjer greie for korleis eksportkontrollregelverket og Utanriksdepartementets
retningsliner for handsaming av søknadar om eksport av forsvarsmateriell
vert praktisert, og ho viser omfanget av eksporten frå norske verksemder
i 2023. Meldinga gjer ikkje greie for kontrollen med eksport av
fleirbruksvarer til sivil bruk.
Forsvarsindustrien i Noreg speler ei viktig
rolle i å sikre både norsk og internasjonal tilgang til naudsynte varer
og teknologi for territorialt forsvar, og alliert samarbeid. Industrien
er avhengig av å kunne eksportere og delta i internasjonalt utviklings-
og produksjonssamarbeid. Norsk forsvarsindustri og kunnskapssektor
er verdsleiande innanfor einskilde teknologiområde, til dømes innanfor
det maritime segmentet. Industrien og forsking fremjar teknologiutvikling
og skaper arbeidsplassar over heile Noreg. Regjeringa stadfestar
i meldinga eit mål om framleis å sikre ein levedyktig norsk forsvarsindustri
som kan bidra til leveringstryggleik for både Noregs og allierte
lands forsvar.

<Uth Type="Kursiv">Om eksporten i 2023</Uth>

I 2023 vart det eksportert forsvarsmateriell
og fleirbruksvarer til militær sluttbruk, teknologi, tenester osb. for
ca. 12 mrd. kroner, mot nær 8,9 mrd. kroner i 2022. Samanlikna med
2022 auka verdien av denne eksporten med ca. 35 pst. Eksportverdien
av A-materiell i 2023 var nærmare 8,6 mrd. kroner mot ca. 6,5 mrd.
kroner i 2022. Eksportverdien av B-materiell utgjorde i 2023 om
lag 1,5 mrd. kroner som er ein oppgang frå ca. 800 mill. kroner i
2022. Totalt utgjorde eksporten av A- og B-materiell nærmare 10
mrd. kroner i 2023 mot ca. 7,3 mrd. kroner i 2022.
Samanlikna med 2022 var det i 2023 ein auke
i verdien av eksporten av A-materiell med om lag 32 pst., og ein
oppgang i verdien av eksporten av B-materiell med om lag 85 pst.
Samanlikna med eksporten i 2022 var det ein auke i verdien av den
samla eksporten av forsvarsmateriell (A- og B-materiell) på 38 pst.
i 2023.
Verdien av eksporten av fleirbruksvarer til
militær sluttbruk utgjorde ca. 398 mill. kroner i 2023, mot ca. 453
mill. kroner i 2022, ein nedgang på ca. 12 pst. I tillegg vart det
eksportert tenester, teknologi, formidla forsvarsmateriell og gjennomført
reparasjonar av forsvarsmateriell til ein verdi ca. 1,5 mrd. kroner
i 2023, mot ca. 1,1 mrd. kroner i 2022.
Hovudvekta av eksporten går framleis til NATO-land.
Medlemslanda i NATO og europeiske land fekk ca. 84 pst. av eksporten
av A-materiell, og ca. 91 pst. av B-materiell frå Noreg i 2023.
USA var den største mottakaren av norsk eksport i 2023, med ein
samla verdi på om lag 2,1 mrd. kroner.
Kapittel 10 i meldinga gjev full oversikt over
eksporten i 2023, med Utanriksdepartementets omtale av nøkkeltal
og utviklinga i eksporten.

<Uth Type="Kursiv">Openheit om eksporten
av forsvarsmateriell</Uth>

Dei årlege meldingane vert handsama i Stortinget, og
debatten bidreg til offentleg og parlamentarisk innsyn i praktiseringa
av norsk eksportkontroll. Regjeringa vil vidareføre praksisen med
å konsultere Stortingets organ om særskilde saker.
Til liks med i 2023 vil Noregs rapportering
til FNs våpenhandelsavtale (ATT) og eit engelsk samandrag av meldinga
til Stortinget verte offentleggjord i 2024.
Innsyn i eksporten av forsvarsmateriell skjer
innanfor dei avgrensingane som følgjer av den strenge teieplikta
i eksportkontrolloven § 2. Den strenge teieplikta kjem av at eksportkontrolloven
gjev forvaltninga vidt høve til å krevje verksemdsensitiv informasjon
då dette er naudsynt for å kunne handsame lisenssøknadar.
Kontrollen med eksport av forsvarsmateriell
baserer seg på nasjonal politikk. Avgjerder om å tillate eksport
av forsvarsmateriell er underlagde nasjonalt skjønn. Kontrollen
for å hindre spreiing av fleirbruksvarer og teknologi til masseøydeleggingsvåpen
eller terrorføremål er i hovudsak basert på arbeidet i det internasjonale
eksportkontrollsamarbeidet.

<Uth Type="Kursiv">Utanriksdepartementets
oppgåver og nasjonalt samarbeid om eksportkontroll</Uth>

Utanriksdepartementet er ansvarleg styresmakt
for eksportkontrollen i Noreg. Departementet har ansvar for politikkutvikling,
regelverksutvikling og norsk deltaking i det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet.
Utanriksdepartementet er òg utøvande styresmakt for
handheving av eksportkontrollregelverket, sanksjonar og restriktive
tiltak. Ein prioritert del av arbeidet til departementet er informasjon
og rettleiing om eksportkontroll for forsvarsindustrien, andre delar
av næringslivet, advokatverksemder, teknologimiljø og forskings- og
utdanningsinstitusjonar. Det vert lagt stor vekt på å sikre tilgjengelegheita
til departementet og nær kontakt med eksportverksemdene om konkrete
eksportsaker og for rettleiing innan eksportkontrollregelverket
generelt.
Utanriksdepartementet samarbeider tett med partane
i det nasjonale arbeidet om eksportkontroll. Politiets tryggingsteneste
(PST) og Tolletaten har lovpålagde oppgåver innanfor varekontroll,
handheving, førebygging og etterforsking av brot på eksportkontrollregelverket.
Etterretningstenesta har òg lovpålagde oppgåver knytte til eksportkontroll
og ikkje-spreiing. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik
(DSA) og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) kan trekkjast på i
konkrete eksportkontrollsaker.
Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til
styresmaktene med strategisk eksportkontroll vart lagd fram i 2021.
Utanriksdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak for å følgje
opp undersøkinga. Dette inneber m.a. å gå gjennom eldre landklareringar,
styrkje systematikken for kvalitetssikring av lisensvilkår, full
revisjon av rutinar og dessutan meir dokumentasjon av vurderingar
i sakshandsaminga. Anskaffing av nytt søknads- og sakshandsamingssystem
er ein viktig del av dette arbeidet. Styrkinga av arbeidet med eksportkontroll
held fram gjennom skipinga av Direktoratet for eksportkontroll og
sanksjonar (DEKSA) som vert oppretta frå 1. januar 2025 og skal
få ansvar for den utøvande kontrollen med eksport av forsvarsmateriell,
fleirbruksvarer, teknologi, tenester og kunnskap. Skipinga av Direktoratet
for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) er omtalt i kapittel 3
til meldinga.

<Uth Type="Kursiv">Kontroll av kunnskapsoverføring</Uth>

Utanriksdepartementet har erfart eit auka medvit
i universitets- og høgareutdanningssektoren knytt til eksportkontroll.
Fleire universitet har teke aktive grep og etablert forsterka kontrollsystem,
og dessutan rutinar for å sikre etterleving. Det å ha kontroll på
strategisk teknologi, kunnskap og forsking er ein viktig del av
vår forsvars- og sikkerheitspolitikk. I dette ligg det ei erkjenning
av at tryggingspolitiske omsyn kan vege tyngre enn akademisk fridom
i einskilde saker.
Sjølv om Noreg har eit kontrollregime for dette,
har regjeringa vedteke å styrkje kontrollen, for å svare på nye
utfordringar.
Utanriksdepartementet sende i mars 2022 forslag til
endringar i eksportkontrollforskrifta på alminneleg høyring. Målet
med dei føreslåtte endringane er å tydeleggjere og skjerpe kontrollen
som allereie skjer i dag.
Ferdigstilling av forskriftsendringane er venta
tidleg 2025 og vil skje samstundes med etableringa av Direktoratet
for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA). Direktoratet skal rustast
for ei saksmengd som aukar i omfang og kompleksitet, og vil ha fleire
ressursar knytte til kunnskapsoverføring, noko som vil føre til
auka kapasitet til rettleiing, og dessutan raskare sakshandsamingstid.
Medan arbeidet med skipinga av direktoratet går føre seg, held Utanriksdepartementet
fram med å vidareutvikle fagområdet, herunder sakshandsaming, rettleiing
og regelverk. Utanriksdepartementet vil òg intensivere kontakten
med likesinna land om korleis dei praktiserer kontroll med kunnskap.
Skipinga av Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA)
er omtalt i kapittel 3 til meldinga.

<Uth Type="Kursiv">Det internasjonale samarbeidet
om eksportkontroll og ikkje-spreiing</Uth>

Noreg er medlem i alle dei fire internasjonale
eksportkontrollregima som dannar grunnlaget for nasjonal gjennomføring
av eksportkontrollen. I tillegg bidreg nasjonal gjennomføring av
eksportkontrollen til å sikre etterleving av folkerettslege avtalar
på ikkje-spreiingsområdet. Eksportkontrollregima komplementerer
dei internasjonale ikkje-spreiingsavtalane og konvensjonane når
det gjeld plikter om kontroll med eksport av varer og teknologi
som kan nyttast i utvikling, produksjon og bruk av masseøydeleggingsvåpen,
og leveringsmiddel til slike våpen. Gjennom medlemskap i regima pliktar
Noreg m.a. å gjennomføre kontrollen i nasjonal rett og praksis,
og dessutan å dele og ta omsyn til relevant informasjon som er utveksla
innanfor ramma av regimesamarbeidet.
Det har òg utvikla seg eit stadig større samarbeid om
kontroll med våpeneksport, både innanfor FN, EU og det internasjonale
eksportkontrollsamarbeidet Wassenaar. Alle avgjerder om å tillate
eksport eller ikkje er likevel underlagde kvar einskilde eksportstat
sitt nasjonale skjønn. Nasjonal suverenitet med retten til sjølvforsvar,
og såleis eksport og import av forsvarsmateriell, er nedfelt i FN-pakta
artikkel 51. Innanfor EU er desse spørsmåla òg haldne unna den felles
utanriks- og tryggingspolitikken i unionen.
Utanriksdepartementets oppgåver som styresmakt for
den strategiske eksportkontrollen i Noreg omfattar politikkutvikling
og regelverksutvikling. Norsk politikk og styresmaktsutøving må
til ei kvar tid tilpassast det nasjonale, regionale og globale tryggingsbiletet.
Utanriksdepartementets oppgåver inkluderer utvikling av norsk eksportkontrollpolitikk,
å fremje norske interesser i eit omfattande multilateralt samarbeid,
rettleiing og informasjonsverksemd overfor forsvarsindustrien, næringslivet
og akademia, rapportering om eksport i den årlege meldinga til Stortinget,
og handheving av eksportkontroll- og sanksjonsregelverket. Ei av
hovudoppgåvene er den vesentlege forvaltningsoppgåva knytt til handsaming
av søknadar om eksportlisensar. Departementet er i tillegg ansvarleg
for gjennomføring av folkerettsleg bindande sanksjonsregime vedtekne
i Tryggingsrådet i FN og for restriktive tiltak frå EU som Noreg har
slutta seg til.
I samband med lanseringa av EUs tiande pakke
av restriktive tiltak mot Russland vart Noreg gjeve status som partnarland
innan eksportkontroll og restriktive tiltak, særleg innan fleirbruksvarer
og annan sensitiv teknologi. Resten av landa med tilsvarande partnarlandsstatus
er USA, Japan, Storbritannia, Sør-Korea, Australia, New Zealand
og Canada. Dette styrkjer det allereie tette samarbeidet mellom
Noreg og EU om eksportkontroll og restriktive tiltak. Partnarlandsstatusen er
ei anerkjenning av Noregs effektive implementering av EUs restriktive
tiltak mot Russland.
Partnarlandsstatusen inneber mellom anna informasjonsdeling
for å hindre omgåingar av sanksjonane og styrkjer dialogen for å
sikre lik etterleving av regelverket. Omgåingar av sanksjonane er
straffbart, og det er ønskjeleg å styrkje arbeidet med å unngå omgåingar på
tvers av EU- og partnarland. Det er som ledd i dette arbeidet opna
for å listeføre juridiske personar som omgår sanksjonane. Dersom
norske aktørar omgår sanksjonane, kan dei i verste fall ende opp
på ei slik liste.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Komiteens behandling</Tittel>
Komiteen avholdt 30. september 2024 åpen høring om
Meld. St. 25 (2023– 2024) Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg
i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid.
Det ble mottatt seks skriftlige innspill, og ni instanser deltok
i høringen.
</Kapittel>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Komiteens merknader</Tittel>

<Uth Type="Sperret">Komiteen,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug,
Eva Kristin Hansen og Trine Lise Sundnes, fra Høyre, Hårek Elvenes,
Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og lederen Ine Eriksen Søreide,
fra Senterpartiet, Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe,
fra Fremskrittspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, fra Sosialistisk
Venstreparti, Ingrid Fiskaa, fra Rødt, Bjørnar Moxnes, fra Venstre,
Guri Melby, og fra Kristelig Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig
representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>, merker seg at regjeringens
ambisjon med meldingen er å utvise mest mulig åpenhet om norsk utenriks-
og sikkerhetspolitikk, hvor eksport av forsvarsmateriell har sin
naturlige plass. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> støtter denne
ambisjonen.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> tar til
etterretning at norsk eksport av våpen, ammunisjon og annet militært
materiell økte i volum i 2023, og at dette har gitt staten betydelige
merinntekter gjennom skatt og utbytte gjennom statens eierskap i
våre to største forsvarsindustribedrifter, Kongsberg Gruppen ASA
og NAMMO. Regjeringen viser til at den totale eksporten av militært
materiell i 2023 utgjorde 12 mrd. kroner. Det er en økning fra 8,9
mrd. kroner i 2022. Den største økningen i eksporten var til Norges NATO-allierte
Ungarn, Tyskland, Romania og Storbritannia.

<Uth Type="Sperret">Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet,
Venstre og Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian
Tybring-Gjedde</Uth>, er tilfreds med at norsk forsvarsindustri
har bidratt til økt sysselsetting og utvikling av høyteknologi. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> er samtidig oppmerksom på
at økningen i eksport har et alvorlig bakteppe, og at økningen må
sees i lys av Russlands fullskala krig mot Ukraina innledet ved
invasjonen 24. februar 2022.

<Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> deler
regjeringens ambisjon om at det norske forsvaret bør styrkes betydelig,
og viser til den nylig vedtatte tverrpolitiske langtidsplanen for
Forsvaret (LTP). I meldingen gjør regjeringen det klart at eksport av
forsvarsmateriell inngår som en naturlig del og som en konsekvens
av denne satsingen. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> deler denne
forståelsen og innser at eksport av forsvarsmateriell er nødvendig
for å få enhetsprisen for komponenter, delsystemer og systemer ned.
Uten eksport vil norsk forsvarsindustri ikke overleve. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> viser også til høringsuttalelsen
fra Forsvars- og Sikkerhetsindustriens forening (FSI) og er enig
i analysen om at forsvarsindustrien er en strategisk ressurs og
avgjørende for å opprettholde norsk beredskap.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> deler
regjeringens syn om at kontrollen med eksport av forsvarsmateriell
og flerbruksvarer er en viktig del av norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk. Som
en konsekvens av dette varsler regjeringen at den i januar 2025
vil opprette et eget direktorat for eksportkontroll og sanksjoner
(DEKSA). <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> ser behovet for å
få en samlet oversikt over internasjonalt samarbeid, eksportlisenser,
regelverk og klagehåndtering, og støtter regjeringens beslutning.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlem,
uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>, vil samtidig
minne om at mer detaljregulering av markedet kan få utilsiktede
konsekvenser og føre til unødvendig lange beslutningslinjer og sendrektighet.

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> mener
det er naturlig at de første erfaringene med etableringen av DEKSA
inngår som en del av budsjettproposisjonen for 2026.
Regjeringen presenterer i meldingen
en oversikt over hvilke begrensninger som inngår i eksport av forsvarsmateriell
til Ukraina. <Uth Type="Sperret">Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre, og
Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>,
ser behovet for at forsvarsindustrien får tydelige retningslinjer
for hvordan eksport og samarbeid kan foregå, men <Uth Type="Sperret">flertallet</Uth> vil
samtidig poengtere at de internasjonale begrensningene har vært
i kontinuerlig bevegelse, og at det ligger et betydelig ansvar på
regjeringen for at Norge leder an i vår støtte til Ukrainas frihetskamp. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> mener derfor at Norges fokus først
og fremst må være å stimulere til økt produksjon av forsvarsmateriell
og gi forutsigbare rammevilkår for eksporten.

<Uth Type="Sperret">Et annet flertall,
medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti,
og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>, viser
i den forbindelse også til NAMMOs høringsuttalelser, hvor bedriften poengterer
at teknologilisenser i større grad må kunne gis direkte til ukrainsk
industri, slik at Ukraina selv får muligheten til å utvikle teknologisk
avansert forsvarsmateriell. <Uth Type="Sperret">Dette flertallet</Uth> støtter
dette og understreker samtidig at Ukrainas kamp for frihet også
er Norges kamp.
Regjeringen viser i meldingen til
ulike internasjonale konvensjoner og multilaterale avtaler som har
som formål å sikre ansvarlige rammer for internasjonal eksport og ikke-spredning.
Av disse er ikke-spredningsavtalene for kjernevåpen (NPT), Kjemivåpenkonvensjonen
(CWC) og Biologivåpenkonvensjonen (BTWC) de viktigste. Regjeringen
viser til at disse er gjennomført i norsk rett. <Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> støtter
dette.
Regjeringen poengterer i meldingen
at alliert materiellsamarbeid er viktig for vår trygghet og forsvarsevne. <Uth Type="Sperret">Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti,
og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>, deler
denne vurderingen. I dette inngår delleveranser, inkludert komponenter
til allierte land. Definisjonen av disse er at de ikke har en selvstendig
funksjon.
Regjeringen presiserer videre at salg av slike
komponenter ikke er brudd på norsk eksportkontrollregelverk, og
poengterer at slikt salg også er et viktig bidrag til alliert forsvarsindustrielt
samarbeid og avgjørende for opprettholdelsen av norsk forsvarsindustri.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti</Uth> merker
seg at norsk næringsliv må forholde seg til en stadig mer omfattende
og kompleks eksportkontroll, særlig som følge av krigen i Ukraina.
Arbeidet med å håndheve eksportkontrollen fra myndighetenes side har
blitt mer krevende og omfattende over tid, både i forbindelse med
lisenssøknader og sanksjonssaker. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> viser
til at Høyre tidligere har gitt regjeringen støtte for å opprette
en ny etat for eksportkontroll og sanksjoner, som skal sikre effektiv
og forutsigbar behandling av eksportsøknader og øke forvaltningens
evne til å håndtere komplekse saker.

<Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> merker
seg at regjeringen nå arbeider med å opprette Direktoratet for eksportkontroll
og sanksjoner (DEKSA), som skal underlegges Utenriksdepartementet
og være operativt fra 1. januar 2025. I forslaget til statsbudsjett
for neste år foreslår regjeringen 60 mill. kroner til lønns- og
driftsutgifter i DEKSA. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> etterlyser
mer informasjon om den konkrete innretningen av DEKSA enn det som
fremkommer i eksportkontrollmeldingen og forslaget til statsbudsjett. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> ber derfor regjeringen
om nærmere avklaringer av grensesnittet mot departementet, hvordan
kompetansen på feltet fortsatt ivaretas i departementet, ressurssetting
og øvrig relevant informasjon.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti</Uth> understreker videre at
den sikkerhetspolitiske situasjonen gjør at det haster med økt kontroll
med kunnskapsoverføring ved norske universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner.
Det er derfor bekymringsfullt at regjeringen fortsatt ikke har ferdigstilt
arbeidet med en ny eksportkontrollforskrift, som ble startet av
regjeringen Solberg i 2021. Arbeidet ble omtalt i Meld. St. 35 (2020–2021).
Forslag til endringer i forskriften ble sendt på høring i mars 2022. Høringsfristen
gikk ut i juni 2022.
I eksportkontrollmeldingen varsles
det nå at den nye forskriften skal være klar tidlig i 2025, «parallelt med
etableringen av DEKSA». I en pressemelding fra september 2024 opplyser
UD at forskriften i stedet vil være klar «i løpet av første halvår
2025». Ferdigstillelse og iverksetting av den nye eksportkontrollforskriften utsettes
stadig.

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti</Uth> mener
det er uheldig at arbeidet med ny forskrift fortsatt ikke er ferdigstilt,
tre år etter at det ble påbegynt og snart to år etter Stortingets
anmodningsvedtak nr. 539 (2022–2023).

<Uth Type="Sperret">Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt</Uth> meiner at
ein streng og føreseieleg kontroll med eksport av forsvarsmateriell
er ein føresetnad for tryggleik for Noreg og verda. Ein norsk forsvarsindustri
trengst for å sikre den nasjonale forsvarsevna. Samtidig har det
vore god norsk politikk sidan 1959 at me ikkje skal selje våpen
og ammunisjon til område der det er krig, borgarkrig eller der krig
trugar. I ei tid då historisk mange menneske har lagt på flukt frå
krig og konflikt, står dette prinsippet seg godt.

<Uth Type="Sperret">Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet</Uth>,
viser til at det aldri har vært et forbud mot salg av våpen og ammunisjon
til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land der
det er borgerkrig. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> viser
til at Stortinget i 1959 understreket prinsippet om at eksport av
våpen og ammunisjon fra Norge kun måtte skje etter en omhyggelig vurdering
av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område,
og at denne vurderingen skulle være avgjørende for om eksport kunne
finne sted. <Uth Type="Sperret">Flertallet</Uth> viser videre
til Innst. S. nr. 35 (1967–68) for en grundig og god gjennomgang
av det såkalte 1959-vedtaket vedrørende norsk våpeneksport.

<Uth Type="Sperret">Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt</Uth> har i ei årrekkje
peika på at det er hol i regelverket som må tettast. I løpet av
det siste året har me fått dystre bevis på det. Norskproduserte
F-35-komponentar eksporterte til USA har enda opp i Israel og blitt
brukte i krigen mot Gaza. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> viser
til kriteria for vurdering av eksport av forsvarsmateriell som vil
medføre avslag. Ifølgje kriterium 2 skal det ikkje eksporterast
forsvarsmateriell til land der det er openberr fare for at eksporterte
varer kan bli brukte til å utøve alvorlege brot på humanitærretten,
men Israel har i krigføringa si mot Gaza beviseleg brote humanitærretten
gjentekne gonger. Dessutan forpliktar ATT-artikkel 6 Noreg til å
hindre eksport av forsvarsmateriell der det føreligg kunnskap om
at det vil kunne bli brukt til å utføre folkemord, brotsverk mot menneskeslekta
eller krigsbrotsverk. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> minner
om at Israel er under etterforsking for moglege brot på folkemordkonvensjonen.
Reeksporten av norske F-35-komponentar til Israel via USA viser
tydeleg at det er naudsynt å krevje sluttbrukarerklæring med reeksportklausul
også til allierte land.
På dette grunnlaget fremjar <Uth Type="Sperret">desse
medlemene</Uth> følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa om at
krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av
forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.»

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> viser
til regjeringas geopolitiske utgreiing og stiller seg bak analysen
om at stormaktrivalisering og Russlands angrepskrig mot Ukraina påverkar
Noreg, og at «kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer
og annan avansert teknologi aldri har vore viktigare». <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> merkar seg at sakshandsamingskapasiteten
er auka med opprettinga av DEKSA. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> viser
vidare til høyringsinnspel frå Redd Barna, der dei reiser bekymring
for at dagens regelverk vil gjere det vanskeleg for det nye direktoratet
å «gjennomføre en forsvarlig saksbehandling i tråd med rådene fra
Riksrevisjonen og våre folkerettslige forpliktelser.» Ifølgje høyringsinstansen
er det fyrst og fremst retningslinjene som skjermar våre allierte
frå å legge fram sluttbrukarerklæring med reeksportklausul. Høyringsinnspelet frå
Amnesty Norge peikar samtidig på at regelverket legg opp til at
ein ikkje treng å krevje dokumentasjon om sluttbruk for norske varer
som inngår i våpen produsert i allierte land, føresett at det ferdige
våpenet ikkje framstår som norsk. Som Amnesty uttrykkjer framstår regelverket
som utdatert og «farlig nær en utvanning av Norges uttalte intensjon
om at norske produkter ikke skal bidra til å bryte folkeretten og
undergrave den internasjonale rettsordenen» i lys av korleis dagens
våpenproduksjon føregår.
På denne bakgrunnen fremjar <Uth Type="Sperret">desse
medlemene</Uth> følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa om ein
uavhengig heilskapleg gjennomgang av regelverket for kontroll av
våpeneksport.»
«Stortinget ber regjeringa endre
retningslinjene for handsaming av søknader om eksport av forsvarsmateriell
ved å fjerne unntaket frå krav om dokumentasjon av sluttbruk for
komponentar til våpensystem som eksporterast frå allierte land.»
Openheit om den norske kontrollen
av eksport av forsvarsmateriell er viktig, og den utfyllande utgreiinga om
eksport av forsvarsmateriell til Ukraina er eit godt eksempel på
dette. <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> støttar Ukrainas
forsvarskamp og norsk våpenstøtte til den legitime forsvarskrigen
mot Russland. Også her bør me ha kontroll og sikre at våpena me
donerer og eksporterer ikkje hamnar på avvegar. <Uth Type="Sperret">Desse
medlemene</Uth> merkar seg at regjeringa krev dokumentasjon om sluttbrukar
med reeksportklausul av ukrainske styresmakter.

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> ser
samtidig ikkje eitt ord i stortingsmeldinga om krigen i Midtausten
sjølv om den også påverkar tryggleiken vår. Regjeringa skriv at
«historikken viser at det berande prinsippet må vere dei omsyna
som til ei kvar tid speglar Noregs utanriks- og tryggingspolitiske
interesser». <Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> meiner
ei regelstyrt verd med respekt for folkeretten er i norsk interesse.
Israels manglande respekt for krigens folkerett det siste året utgjer
på sikt ein trussel også mot Noreg fordi Vestens, og spesielt USAs,
aksept av folkerettsbrota sender ein klar beskjed til resten av
verda om at krigens folkerett kan brytast. Verda blir ein farlegare stad
om me ikkje handterer krigens folkerett på ein universell måte og
likebehandlar statar som bryt med reglane. Noreg må stå opp for
dette.

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> viser
til at eksporten av forsvarsmateriell til Ungarn har auka sterkt
i løpet av 2023, og at Ungarn no er eit av dei tre landa me eksporterer mest
til. I lys av den autoritære utviklinga i landet undrar <Uth Type="Sperret">desse medlemene</Uth> seg over denne endringa
og minner om at eit samla storting i 1997 slo fast at demokratiske
rettar og respekt for grunnleggande menneskerettar i mottakarlandet
skal inngå i den heilskaplege vurderinga av lisenssøknadar.

<Uth Type="Sperret">Desse medlemene</Uth> har
i ei årrekkje ytra liknande bekymring rundt den storstilte eksporten
av forsvarsmateriell til Qatar, og meiner det er ei god utvikling at
eksporten til Qatar er nær halvert i løpet av 2023.

<Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> viser
til artikkel i Dagbladet 24. oktober 2024, hvor Kongsberg Defence
& Aerospace bekrefter at Joint Strike Missile (JSM) og Naval
Strike Missile (NSM) vil være underlagt norsk eksportkontroll selv
om de produseres på selskapets nye missilfabrikk i USA. Kommunikasjonsdirektør
Ivar Simensen uttaler til Dagbladet:
<Sitat>
«NSM og JSM er underlagt både det norske
eksportregelverket og sikkerhetsloven, så selv om det sammenstilles
eller produseres utenfor Norge, vil salget av missilene gjøres fra
Norge under norsk regelverk.»
</Sitat>
Simensen legger til at Norge ikke tillater eksport
av våpen til Israel. Det har med andre ord vist seg mulig å la den
norske stats deleide våpenproduksjon i utlandet følge norsk eksportregelverk,
i stedet for reglene til landet der produksjonen foregår. Det ser <Uth Type="Sperret">disse medlemmer</Uth> på som et gjennombrudd.
I lys av de folkerettslige problemstillingene
som kan oppstå ved en annen stats videresalg av våpen som Norge
har bidratt til å framstille, mener <Uth Type="Sperret">disse
medlemmer</Uth> at Kongsbergs løsning bør tjene som modell for all våpenproduksjon
i utlandet som den norske stat har eierskap i.
På denne bakgrunn fremmer <Uth Type="Sperret">disse
medlemmer</Uth> følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen sikre
at salg fra våpenselskaper som den norske stat har eierskap i, skjer
gjennom selskapenes kontor i Norge og er gjenstand for norsk eksportkontroll.»
Disse medlemmer viser til forsvarsministerens
svar på skriftlig spørsmål nr. 1970 av 3. mai 2024, hvor statsråden
bekrefter at Norge ikke har noen politisk mekanisme for å gi egne
behov, nære naboland eller donasjoner til Ukraina prioritet foran
forsvarsindustriens øvrige, kommersielle kontrakter. Forsvarsministeren
svarer:
<Sitat>
«Det er så langt ikke praksis at norske
myndigheter prioriterer leveranserekkefølgen fra norsk forsvarsindustri.
For leveranser i henhold til kontrakt gjelder normale kommersielle
vilkår i forsvarsindustrien som for øvrig næringslivsvirksomhet
i Norge. Ved behov kan dette endre seg gjennom eksisterende beredskapslovgivning.»
</Sitat>

<Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> viser
til at USA, et land den norske forsvarsindustrien understreker behovet
av å ha forutsigbare markedsvilkår i, allerede underlegger sin produksjonskø
politiske prioriteringer. 21. juni 2024 annonserte Det hvite hus
at USA ville omdirigere planlagte leveranser av NASAMS og Patriot
luftvernsmissiler bort fra allierte land og over til Ukraina.
I lys av den geopolitiske situasjonen, den pressede produksjonskøen
og de rekordstore inntektene til norsk forsvarsindustri, mener <Uth Type="Sperret">disse medlemmer</Uth> det haster å styrke den
demokratisk forankrede, strategiske kontrollen over industriens
leveranser, på bekostning av kommersielle hensyn.
På denne bakgrunn fremmer <Uth Type="Sperret">disse
medlemmer</Uth> følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen i sin
eksportkontroll ikke bare vurdere hvorvidt eksport kan tillates,
men også hvilken prioritet den skal ha opp mot nasjonale hensyn.»

<Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> viser
til at regjeringen 11. september 2024 gjenopptok behandlingen av
eksporttillatelser til Tyrkia og opphevet restriksjonene innført
i 2019. Bakgrunnen for restriksjonene var Tyrkias angrep på Nord-Syria. <Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> vil påpeke at siden 2019
har Tyrkia fortsatt å angripe både Syria og Irak, senest 24. oktober
2024. I Irak har Tyrkia utført over 1 076 angrep i kurdiske områder
bare mellom januar og juli. Tyrkias aggresjon i regionen har både rammet
sivile og svekket kampen mot IS.
I svar på skriftlig spørsmål nr. 2800 av 13. september 2024
henviser ikke utenriksministeren til at Tyrkia har opphørt å angripe
sine naboland, men til at landet er medlem av NATO:
<Sitat>
«For det andre er Tyrkia ein alliert
av Noreg i NATO. Norsk eksport av forsvarsmateriell skal til ei
kvar tid ivareta våre utanriks- og sikkerheitspolitiske interesser. Støtte
til NATO-allierte er vurdert som ei kjerneinteresse i norsk utanriks-
og sikkerheitspolitikk.»
</Sitat>

<Uth Type="Sperret">Disse medlemmer</Uth> kan
ikke se at hensynet til å behage NATO eller ett av NATOs medlemmer
veier tyngre enn suverene staters folkerettslige vern mot væpnet makt
nedfelt i FN-paktens artikkel 2.
Begrunnelsen for å stanse norsk våpeneksport
var at Tyrkia bryter folkeretten ved å angripe sine naboland, og
som Meld. St. 25 (2019–2020) redegjorde for, var beslutningen avklart
å være i overensstemmelse med Stortingets vedtak av 1967. I og med
at begrunnelsen i høyeste grad fortsatt er til stede, kan ikke <Uth Type="Sperret">disse medlemmer</Uth> se at det er grunnlag
for regjeringen til å oppheve restriksjonene på våpeneksport til
Tyrkia.
På denne bakgrunn fremmer <Uth Type="Sperret">disse
medlemmer</Uth> følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen stanse
behandlingen av lisenssøknader til Tyrkia og holde tilbake utførsel
basert på eksisterende lisenser.»

<Uth Type="Sperret">Komiteens medlem,
uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde</Uth>, er glad for at
regjeringen begynner å forstå hvilken verdi forsvarsindustrien representerer
for landet. Våre store og mindre forsvarsbedrifter samt Forsvars-
og Sikkerhetsindustriens forening har i mange år forsøkt å forklare
ulike regjeringer hvilket industrielt og teknologisk potensial forsvarsindustrien
representerer. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> mener landets
forsvarsindustri kan oppfattes som den «nye oljen», og at forsvarsindustrien
gir ringvirkninger som skaper innovasjon, og som åpner for fremtidens
teknologi. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> anser det som
helt avgjørende at forsvarsindustrien gis stabile og gode rammevilkår
for eksport, og at industrisamarbeid med våre allierte bidrar til
å knytte NATOs medlemsland tettere sammen. <Uth Type="Sperret">Dette
medlem</Uth> konstaterer at utvikling og produksjon av avanserte
våpensystemer krever store ressurser, og at dette ikke vil være
regningssvarende uten eksport. Nettopp derfor må vi ikke lete etter
grunner for å slå bena under forsvarsindustrien, men tvert imot
sette pris på all eksport av forsvarsmateriell som norsk forsvarsindustri oppnår. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> er positiv til regjeringens
nylig fremlagte «Veikart for økt produksjonskapasitet i forsvarsindustrien». <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> er glad for satsingen på
mindre industribedrifter, og ønsker velkommen vedtaket om å bidra
til å finansiere små industribedrifter. <Uth Type="Sperret">Dette
medlem</Uth> er også tilfreds med at regjeringen omsider har forstått
betydningen av NAMMOs bidrag til europeisk sikkerhet. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> vil imidlertid samtidig
advare mot at forsvarsindustrien blir en ny næring som baserer innovasjon,
utvikling og produksjon på subsidier. Industrien må heller ikke
bli offer for distriktspolitikk. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> er
overbevist om at industrien selv vil bruke markedet til å videreutvikle eksisterende
produkter samt benytte ny teknologi der det er relevant. <Uth Type="Sperret">Dette medlem</Uth> mener forsvarsindustrien
vil bli driveren for utvikling av ny teknologi innenfor en rekke
områder som eksempelvis cyber, romvirksomhet, kunstig intelligens
og laserteknologi. Det vil igjen gi grobunn for nisjeteknologi.
</Kapittel>
<ForslagFraMindretall Num="Nei">
<Tittel>Forslag fra mindretall</Tittel>
<Fraksjon Fra="Sosialistisk Venstreparti, Rødt">
<Tittel>Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:</Tittel>
<Forslag Nr="1">
<Tittel>Forslag 1</Tittel>
Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon
vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land
og nære allierte.
</Forslag>
<Forslag Nr="2">
<Tittel>Forslag 2</Tittel>
Stortinget ber regjeringa om ein uavhengig heilskapleg
gjennomgang av regelverket for kontroll av våpeneksport.
</Forslag>
<Forslag Nr="3">
<Tittel>Forslag 3</Tittel>
Stortinget ber regjeringa endre retningslinjene
for handsaming av søknader om eksport av forsvarsmateriell ved å
fjerne unntaket frå krav om dokumentasjon av sluttbruk for komponentar
til våpensystem som eksporterast frå allierte land.
</Forslag>
<Forslag Nr="4">
<Tittel>Forslag 4</Tittel>
Stortinget ber regjeringen sikre at salg fra
våpenselskaper som den norske stat har eierskap i, skjer gjennom
selskapenes kontor i Norge og er gjenstand for norsk eksportkontroll.
</Forslag>
<Forslag Nr="5">
<Tittel>Forslag 5</Tittel>
Stortinget ber regjeringen i sin eksportkontroll
ikke bare vurdere hvorvidt eksport kan tillates, men også hvilken
prioritet den skal ha opp mot nasjonale hensyn.
</Forslag>
<Forslag Nr="6">
<Tittel>Forslag 6</Tittel>
Stortinget ber regjeringen stanse behandlingen
av lisenssøknader til Tyrkia og holde tilbake utførsel basert på
eksisterende lisenser.
</Forslag>
</Fraksjon>
</ForslagFraMindretall>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Komiteens tilråding</Tittel>
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
<Komiteen>

<Uth Type="Sperret">Komiteen</Uth> har
for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget
til å gjøre følgende
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>vedtak:</Tittel>
Meld. St. 25 (2023–2024) – Eksport av forsvarsmateriell
frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid
– vedlegges protokollen.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 5. november
2024</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.344in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.349in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ine Eriksen Søreide</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Christian Tybring-Gjedde</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">
leder
</entry>
<entry colname="2" align="left">
ordfører
</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>