<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
274 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Torgeir Knag Fylkesnes, Kathy
Lie, Marian Hussein
og Ingrid Fiskaa</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:274 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Torgeir
Knag Fylkesnes, Kathy Lie, Marian Hussein og Ingrid Fiskaa om å
setja fredsarbeid i sentrum av norsk utanrikspolitikk</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Valdsbruken i verda er aukande. 59 stader i
verda opplevde væpna konflikt i 2023, nær ei dobling av talet på
konfliktar samanlikna med starten av 2000-talet. Krigane påfører
sivile enorme lidingar, øydeleggingane av bustader og sivil infrastruktur
er massive, og historisk mange har lagt på flukt. Nokre av dei pågåande
krigane dominerer nyheitsbiletet, det offentlege ordskiftet, pengebruk
og politiske prioriteringar både i Noreg og andre land som ikkje
sjølve er direkte ramma. Andre store krigar, som dei i Sudan, Jemen
og Kongo, taper kampen om merksemda.
Frå ei tid med internasjonal nedrusting ser
me no aukande opprusting og tillitskrise mellom land i FN. Russland
har gjort atomvåpentrusselen meir reell, og framveksten i bruk av
kunstig intelligens og autonome våpen flyttar dei moralske grensene
i krig. Dei internasjonale reglane for å hindra krig og krigsbrotsverk
er under sterkt press, ettersom stormakter tar seg til rette i staden
for å respektera folkeretten.
Den nye sikkerheitspolitiske situasjonen har
ført til at eit samla storting ser behov for å styrka den nasjonale forsvarsevna.
Men førebygging og handtering av krig krev innsats på langt fleire
felt. Satsinga på militært forsvar har overskygga det nitide, men
heilt sentrale internasjonale fredsarbeidet. Slik treng det ikkje
vera, og slik kan det ikkje vera dersom målet er å hindra meir krig
og væpna konflikt og unngå at dei spreier seg til Noreg.
Noreg har ei lang historie for å drive freds-
og forsoningsarbeid internasjonalt. No er det på tide å igjen styrka
dette arbeidet og utvida Noregs innsats for fred. Fredsarbeid er
tidkrevjande og blir ikkje alltid vellykka, men når ein lukkast,
er gevinsten stor.
Forslaga i dette representantforslaget handlar
om internasjonal nedrusting, fredsbygging, diplomati og forsvar
av folkeretten. Dei spenner frå arbeid mellom statar i og utanfor
FN til arbeid på bakken i konkrete konfliktar, via sivilsamfunn,
forsking og folk til folk-samarbeid. Det er i samspelet mellom ulike
former for arbeid ein kan legga til rette for ei fredelegare verd
og hindra at krigar oppstår på nytt.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen vert det fremma
følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
<Liste Type="Num">
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa
syta for at Noreg sluttar seg til FNs atomvåpenforbod.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa arbeida for at
NATO går bort frå strategien om førstebruk av atomvåpen.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa arbeida for eit
internasjonalt forbod mot bruk av upresise eksplosive våpen i byar
og tettbygde strøk.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa arbeida for ein
internasjonal juridisk bindande avtale som regulerer autonomi i
våpen og sikrar meiningsfull menneskeleg kontroll.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa forsterka norske
mineryddingsprogram.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa forsterka norsk
innsats for fred i Sudan.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa støtta Ukraina
i forhandlingar om ein rettferdig fred.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa ta initiativ
til ein internasjonal våpenembargo mot Rwanda for å stoppa krigen
i Kongo.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa etablera eit
program for vennskapskommunar i samarbeid med KS, for å støtta opp
under dette verkemiddelet.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa sørga for at
sivil forsking på fred og sikkerheit får auka finansiering og stabile rammevilkår,
inkludert at forskingsinstitutt som forskar på fred og sikkerheit,
får auka grunnløyvingar.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa styrka tilskotsordninga
for freds- og nedrustingsorganisasjonar i Noreg i framlegg til statsbudsjett
for 2026, og gjera denne meir føreseieleg og langsiktig for organisasjonane.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa setta ned ein
fredskommisjon som skal vurdera korleis Noreg kan styrka det konfliktførebyggande
og fredsskapande arbeidet, både i nærområda og globalt.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa føreslå eit forbod
mot handel og anna næringsverksemd som bidrar til å oppretthalda
Israels ulovlege okkupasjon og nærvær i Palestina.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa koma tilbake
til Stortinget med forslag til reviderte etiske retningslinjer for oljefondet
som set ein stoppar for fondets investeringar i selskap som sel
våpen til land som bryt FN-pakta og/eller krigens folkerett.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa auka Noregs kapasitet
til å straffeforfølga brotsverk mot menneskeslekta.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa fremma sak om
å ratifisera Kampala-tillegget til Roma-vedtektene slik at Den internasjonale
straffedomstolen får jurisdiksjon til å straffeforfølga aggresjonsbrotsverk.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa fremma forslag
om å styrka det norske bidraget til Den internasjonale straffedomstolen
(ICC) med finansielle og menneskelege ressursar i statsbudsjettet
for 2026.
</Pkt>
</Liste>
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>10. april 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="4" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="4" colname="4" colwidth="1.674in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Torgeir Knag Fylkesnes</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Kathy Lie</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Marian Hussein</Uth>

</entry>
<entry colname="4" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ingrid Fiskaa</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>