<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
267 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Torgeir Knag
Fylkesnes, Kathy Lie
og Marian Hussein</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:267 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid
Fiskaa, Torgeir Knag Fylkesnes, Kathy Lie og Marian Hussein om å
gjera Noreg tryggare</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Kriser og krig rykker nærmare. Også i Noreg
kjenner mange på at ein ikkje er så trygge som før. Truslar mot fred
og tryggleik kjem ikkje berre frå faren for tradisjonell krig mellom
statar. Digitale angrep, klimaendringar, helsekriser og låg sjølvforsyning
av mat er reelle utfordringar for Noreg.
Trump som president i USA set norsk sikkerheitspolitikk
i eit nytt lys. Den antatte grunnsteinen for norsk sikkerheit, USAs
sikkerheitsgaranti, er borte. Stormakta som i mange år har blitt
kalla «vår nærmaste allierte», truar nå sine allierte med bruk av
militærmakt. USA blir nå styrt av eit autoritært ytre høgre som
har meir til felles med Putins Russland enn med demokratiske land.
Den nye situasjonen viser eit behov for å tenka nytt om sikkerheits-
og alliansepolitikken og redusera avhengigheita av USA.
Samtidig er dei norske sikkerheitsutfordringane tidlause
og definert av Noregs geografiske plassering, i kombinasjon med
klimaendringar som opnar havområda utanfor kysten for større trafikk
og auka utnytting av naturressursar. Noreg må forhindra at nordområda utviklar
seg til ei geopolitisk konfliktsone, der stormakter tar seg til
rette. Låg spenning i nord er i Noregs kjerneinteresse som stat
og nasjon. Stormaktsrivaliseringa mellom USA, Kina og Russland må
dempast og haldast på avstand så langt det lar seg gjera.
Kombinasjonen av eit sterkt forsvar for folkeretten, ei
styrka nasjonal forsvarsevne, redusert avhengigheit av USA og alliansar
bygd på reelle interessefellesskap bør vera svaret på denne sikkerheitsutfordringa.
Forsvaret har vore bygd ned gjennom fleire tiår,
og det vil ta tid å bygga det opp igjen. Hovudproblemet er mangelen
på personell og at erfarent personell held fram med å slutta i Forsvaret.
Det hjelper lite med store investeringar i dyrt materiell dersom
det ikkje finst folk til å operera, drifta og halda det ved like.
Ubalansen mellom materiell og personell må rettast opp.
For å kunna møta ulike typar av kriser treng
me eit motstandsdyktig folk og samfunn. Sikkerheitspolitikken må
ikkje snevrast inn og militariserast, men sjåast i samanheng med
samfunnssikkerheit og beredskap i brei forstand. Sterke fellesskap,
tillit og demokrati er grunnsteinen i forsvaret av landet. Ein må
både ønska og kunna stilla opp for kvarandre. Busetting, industri
og ein godt fungerande infrastruktur i heile landet er avgjerande
for forsvarsevna og totalberedskapen.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunn blir det fremma
følgande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
<Liste Type="Num">
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa
sikra nasjonal kontroll over etterretningstenesta, mellom anna ved
at all finansiering kjem over det norske statsbudsjettet, og at
innhenta informasjon blir vurdert før eventuell vidaresending til
andre statar.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa setja all byggeverksemd
på USA-basane på pause og ta nødvendige steg for å seia opp tilleggsavtalen
mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid og sikra full nasjonal
råderett på norsk jord.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa redusera den
våpenteknologiske avhengigheita av USA ved å sikra at nye innkjøp
av forsvarsmateriell blir gjort frå nordiske og nord-europeiske
land.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa redusera den
våpenteknologiske avhengigheita av USA ved å planlegga for framtidig
ombygging og oppgradering av våpensystema ved hjelp av leverandørar
frå nordiske og nord-europeiske land.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa styrka den nasjonale
forsvarsberedskapen ved å avlysa det norske bidraget med fregatt
og andre styrkebidrag til Indo-Stillehavet i 2025.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa fremma ei justert
utdanningsordning i Forsvaret, både i innretning og omgang, som
gjer rekrutteringsmåla i Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036
realistiske.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa greia ut ei sivil
beredskapsretning i førstegongstenesta.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa sørga for at
all drift og vedlikehald av Forsvarets graderte og ugraderte system skal
utførast av Forsvarets eigne tilsette.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa sørga for at
alle Forsvarets data blir lagra på serverar som er under statleg
kontroll og fysisk plassert i Noreg.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa styrka vedlikehald
og sikring av kritisk infrastruktur som jernbane, kraftforsyning,
vatn, avløp og digital infrastruktur for å styrka totalberedskapen.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa etablera ei forsvarsindustriell
klynge i Nord-Noreg for å styrka totalforsvaret.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa arbeida for ein
gjensidig nordisk sikkerheitsgaranti, uavhengig av NATO.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa styrka det praktiske
samarbeidet med nordiske, baltiske og nord-europeiske land om øving
og trening, produksjon av forsvarsmateriell, forsyningslinjer og
forsvarsplanlegging.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa vidareutvikla
det nordiske beredskapssamarbeidet gjennom eit nordisk totalforsvarskonsept
som inkluderer avtalar om produksjon, lagring og leveransar av kritiske
varer.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa styrka infrastruktur
og kapasitet til forflytting av styrkar og forsvarsmateriell mellom
Noreg, Sverige og Finland.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa ta initiativ
til at Norden skal vera ei atomvåpenfri sone.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa halda på dagens
politikk og sørga for at Svalbard ikkje blir militarisert.
</Pkt>
<Pkt>
Stortinget ber regjeringa sørga for at
det framleis ikkje skal vera alliert trening i Aust-Finnmark, med mogleg
unntak for nordiske allierte.
</Pkt>
</Liste>
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>10. april 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="4" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="4" colname="4" colwidth="1.674in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ingrid Fiskaa</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Torgeir Knag Fylkesnes</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Kathy Lie</Uth>

</entry>
<entry colname="4" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Marian Hussein</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>