<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
259 L</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Kathy Lie, Ingrid Fiskaa og
Marian Hussein</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:259 L (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kathy
Lie, Ingrid Fiskaa og Marian Hussein om styrking av språklova</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar
2022. I føremålsparagrafen § 1 er det slått fast at det offentlege aktivt
skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka.
Lova er historisk og opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie:
Det offentlege skal særskilt styrkje nynorsken og jamne ut dei skeive tilhøva
mellom nynorsk og bokmål. Diverre følgjer ikkje resten av lova opp
dei viktige måla i føremålsparagrafen, og lova kunne vore endå betre
for nynorsken.
<Subsek2>
<Tittel>Oppfølging av forslag frå Innst. 253 L (2020–2021)</Tittel>
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti fann i opposisjon saman om fem forslag til endringar
i forslaget til språklov som Solberg-regjeringa la fram i Prop.
108 L (2019–2020). Desse endringane ville ha styrkt språklova.
Desse forslaga gjekk ut på 1) at det berre er
i intern sakshandsaming som reglane i språklova §§ 12 til 18 gjeld
(endring i § 3), 2) at statsorgan skal krevje at tilsette skriv
både bokmål og nynorsk i arbeidet, og at fylkeskommunar kan krevje
det same (endring i § 16), 3) at også organisasjonar skal kunne
klage på vegner av den som har motteke visse typar dokument på feil
skriftspråk (endring i § 17), 4) at Språkrådet også skal føre tilsyn
med korleis fylkeskommunar etterlever reglane i språklova om bruk
av bokmål og nynorsk (endring i § 19), og 5) at også fylkeskommunar
skal ha plikt til å sende rapportar til Språkrådet om bruk av bokmål
og nynorsk.
Forslagsstillarane viser til grunngjevingane
og merknadene i Innst. 253 L (2020–2021) til dei endringsforslaga
som vart fremja der.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Vidareføring av regelen i målbruksforskrifta § 5
tredje ledd tredje punktum</Tittel>
Då språklova 1. januar 2022 tok til å gjelde,
og mållova samstundes vart oppheva, heldt forskrifter gjevne med
heimel i mållova likevel fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid
med innhaldet i språklova, jf. språklova § 21. I juni 2022 sende
Kultur- og likestillingsdepartementet eit forslag til forskrift
til språklova på høyring. Departementet gjorde forslag om å oppheve
alle forskriftene som var gjevne med heimel i mållova, fordi «[i]nnhaldet
i desse forskriftene er no teke inn i språklova eller i dette forslaget
til forskrift til språklova».
I høyringa kom det til syne arbeidsuhell frå
departementet si side. Det viste seg at den plikta sentrale statsorgan
har til å skrive med regionale statsorgan på fleirtalsskriftsspråket
i deira tenestekrins, i realiteten blir oppheva når ein ser språklova
og forslaget til ny forskrift samla. Den aktuelle regelen finst
framleis i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg
teneste (målbruksforskrifta) § 5 tredje ledd tredje punktum (markert
i kursiv under):
<Sitat>
«Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale.
Eit sentralt statsorgan som skriv til eit anna språkleg nøytralt organ,
står fritt i val av målform. I skriv til eit regionalt statsorgan
skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv
til det lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet
nyttast. »
</Sitat>
Å oppheve denne regelen bryt med intensjonen
til lova og kan umogleg ha vore tilsikta. I praksis forsvinn kravet
om at til dømes eit departement må skrive nynorsk til Statsforvaltaren
i Vestland eller Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, eller at til
dømes Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet må
skrive nynorsk til ein tingrett eller ein politistasjon som har nynorsk
som fleirtalsskriftsspråk i tenestekrinsen sin. Dette vil forslagsstillarane
bøte på ved å føreslå å ta inn regelen i språklova § 13.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Oppretting av tilsynelatande arbeidsuhell i språklova
§ 11 første ledd</Tittel>
Forslagssstillarane føreslår her også å rette
opp eit tilsynelatande arbeidsuhell i språklova § 11 første ledd. I
paragrafen står det at «[e]in kommune eller ein fylkeskommune sjølv»
kan vedta å krevje at staten skal bruke berre nynorsk eller bokmål
i skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen. Ein
tilsvarande regel fanst i mållova § 5 første ledd, men der var det «kommunestyret»
eller «fylkestinget» som var omtalte. I Prop. 108 L (2019–2020)
på side 124 og 154 er det uttalt at føremålet var å vidareføre innhaldet
i regelen i mållova § 5 første ledd.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Oppsummering</Tittel>
Forslaga om endringar i språklova §§ 3, 16,
17, 19 og 20 vart fremja av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti
i Innst. 253 L (2020–2021) og fekk støtte av Senterpartiet i Stortinget.
For ordens skuld gjer forslagsstillarane merksam på at desse endringane
tilsvarar forslag 6, 7, 9, 10 og 11 i Innst. 253 L (2020–2021),
med somme reint redaksjonelle endringar.
Forslaget om endring i språklova § 13 går som
nemnt ut på å bøte på det tilsynelatande arbeidsuhellet frå departementets
side som ville føre til at den eksisterande regelen i forskrift
5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste § 5 tredje
ledd tredje punktum blir oppheva dersom heile forskrifta skal opphevast.
Regelen blir i staden teken inn i språklova § 13.
Forslaget om endring i språklova § 11 var som
nemnt ikkje del av handsaminga av Prop. 108 L (2019–2020) i Stortinget.
Forslaget tek sikte på å bøte på det som ser ut til å vere eit arbeidsuhell
i departementet då proposisjonen vart utarbeidd.
Forslaget går vidare ut på at lovendringane
skal gjelde frå og med 1. juli 2025.
</Subsek2>
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen vert det fremja
følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakL>
<Tittel>forslag:</Tittel>
<VedtakTilLov>
<Tittel>Vedtak til lov</Tittel>
<OmLoven>
om endringar i lov om språk (språklova)
</OmLoven>
I
I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse
endringane gjerast:
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 3 andre ledd skal lyde:</Stikktittel>
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
a.	kommunane
</Pkt>
<Pkt>
b.	sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
</Pkt>
<Pkt>
c.	interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
</Pkt>
<Pkt>
d.	Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
</Pkt>
<Pkt>

<Endring>e.	intern sakshandsaming.</Endring>

</Pkt>
</Liste>
Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 11 første ledd skal lyde:</Stikktittel>

<Endring>Eit kommunestyre eller eit fylkesting</Endring> kan
sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller
nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen,
eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.
Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral
så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 13 fjerde ledd skal lyde:</Stikktittel>
Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt
statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale
statsorganet.
Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 16 andre ledd skal lyde:</Stikktittel>

<Endring>Statsorgan skal krevje</Endring> at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk <Endring>i arbeidet.
Fylkeskommunar kan krevje det same</Endring>. Dette gjeld likevel
ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i
grunnopplæringa.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 17 skal lyde:</Stikktittel>
<Tittel>§ 17 <Uth Type="Kursiv">Klagerett</Uth></Tittel>
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren <Endring>eller organisasjonar
på vegner av mottakaren</Endring> klage og krevje at dokumentet
blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker
etter første punktum.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 19 tredje ledd skal lyde:</Stikktittel>
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan <Endring>og
fylkeskommunar</Endring> etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12
til 17.
</Paragraf>
<Paragraf>
<Stikktittel>§ 20 skal lyde:</Stikktittel>
<Tittel>§ 20 <Uth Type="Kursiv">Opplysningsplikt overfor Språkrådet</Uth></Tittel>
Statsorgan <Endring>og fylkeskommunar</Endring> skal
gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om
som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.
</Paragraf>
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.
</VedtakTilLov>
</VedtakL>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>10. april 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="3" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="2.230in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="2.231in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="2.231in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Kathy Lie</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ingrid Fiskaa</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Marian Hussein</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>