<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
146 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn,
Grunde Almeland
og Ola Elvestuen</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:146 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby,
Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere
norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten
i Den demokratiske republikken Kongo</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo
(DRC) er svært alvorleg og prega av intens konflikt, spesielt i
dei austlege delane av landet. 27. januar 2025 tok opprørsgruppa
M23 kontroll over Goma, den største byen i den austlege delen av
DRC. Deretter, i februar, tok M23 kontroll over byen Bukavu. Dei
humanitære konsekvensane for lokalbefolkninga er allereie enorme:
over 400 000 menneske vart tvinga til å flykte i januar åleine;
Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara om at risikoen for smittsame
sjukdomar har auka betydeleg på grunn av konflikten, og matvareprisane
i Goma har skote i vêret slik at mange innbyggjarar no slit med
å få tak i nødvendige varer. Vidare er det ein risiko for at dette
skal eskalere til ein større, regional væpna konflikt.
Tryggingsrådet i FN si ekspertgruppe på DRC
har i rapporten «Final report of the Group of Experts on the Democratic
Republic of the Congo» frå 4. juni 2024 slått fast at Rwandas militære
(Rwanda Defence Force (RDF)) de facto kontrollerer og styrer M23s
militære operasjonar, og dermed at Rwanda er ansvarleg for M23s
overgrep og ulovlege handlingar. M23 har stått for alvorlege menneskerettsbrot,
inkludert drap, valdtekt og tvangsrekruttering. Trass i internasjonalt
press har Rwanda halde fram med si militære støtte til M23.
Noreg har i mange år gitt bistand til Rwanda
for å støtte landet sin utvikling og nedkjemping av fattigdom, men
no er det nødvendig å revurdere denne bistanden i lys av Rwandas
rolle i konflikten i DRC.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen vert det fremja
følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
1. 	Stortinget ber
regjeringa umiddelbart suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil
landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære
styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo (DRC).
</Pkt>
<Pkt>
2. 	Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt
i internasjonale forum og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg
løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC)
og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.
</Pkt>
</Liste>
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>26. mars 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="4" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="1.673in" colsep="0" />
<colspec colnum="4" colname="4" colwidth="1.674in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Guri Melby</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Sveinung Rotevatn</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Grunde Almeland</Uth>

</entry>
<entry colname="4" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ola Elvestuen</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>