<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
95 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Mímir Kristjánsson, Tobias
Drevland Lund og Sofie Marhaug</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:95 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Mímir
Kristjánsson, Tobias Drevland Lund og Sofie Marhaug om å ta vare
på villgeitene</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
På Kvist mellom Høyanger og Balestrand i Sogn
finst det ein geiteflokk på om lag 50–60 geiter. Dei har vandra fritt
i over 80 år. Likevel har Mattilsynet avgjort at geitene kan bli
avliva etter 31. desember 2025, når dei blir overdradde til ein
ny eigar.
Den opphavelege avgjerda har vorte klaga på,
og sjølv om datoen for avlivinga vart utsett, kan dyra framleis
bli avliva.
Avgjerda har vekt store reaksjonar lokalt. Statsforvaltaren
i Vestland fylke har tidlegare peikt på at geitene har eit genmateriale
som ein bør ta vare på.
Forslagsstillarane meiner at avgjerda frå Mattilsynet er
uklok. Dei grunngjev ho med dyrevelferd, men forslagsstillarane
meiner det er underleg å handsame geitene som husdyr når dei i praksis
lever som villdyr. Forslagsstillarane synest dessutan at det er
rart at Mattilsynet ikkje tek innspelet frå statsforvaltaren på
større alvor.
Forslagsstillarane er overtydde om at det må
gå an å finne ei betre løysing enn å avlive villgeitene.
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen blir det fremja
følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
Stortinget ber regjeringa instruere Mattilsynet
om å stanse avlivinga av villgeitene i Sogn og finne ei minneleg
løysing med dei nye eigarane for å sikre dyrevelferda til villgeitene.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>18. februar 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="3" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="2.231in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="2.231in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="2.231in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Mímir Kristjánsson</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Tobias Drevland Lund</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Sofie Marhaug</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>