<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
53 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Olve Grotle, Helge Orten, Nikolai
Astrup, Liv Kari Eskeland, Mari Holm Lønseth, Erlend Svardal Bøe
og Sveinung Stensland</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:53 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olve Grotle,
Helge Orten, Nikolai Astrup, Liv Kari Eskeland, Mari Holm Lønseth,
Erlend Svardal Bøe og Sveinung Stensland om å avvikle normprisordninga
ved fastsetting av grunnrenteskatt i havbruket</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
<Subsek2>
<Tittel>Bruk av normpris og eit prisråd ved fastsetting
av skatteavrekningsprisar ved grunnrenteskatt i havbruksnæringa,
og behovet for å avvikle denne ordninga</Tittel>
Den 31. mai 2023 vedtok Stortinget å innføre
ein kontantstrømbasert grunnrenteskatt på oppdrett av laks, ørret
og regnbueørret. Skatten blei vedtatt på grunnlag av eit forlik
mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Pasientfokus.
Under behandlinga stemte òg Raudt for.
Grunnrenteskatten gjeld i den såkalla sjøfasen,
og for å unngå skattemessige tilpassingar blei det vedtatt at det
skulle innførast ei ordning med normprisar. Det heiter om dette
i Prop. 78 LS (2022–2023) pkt. 1.3, femte avsnitt:
<Sitat>
«I høringsnotatet foreslo regjeringen
at inntekter fra laks fastsettes med utgangspunkt i normpriser basert på
priser fra Nasdaq, i tråd med forslaget fra Havbruksskatteutvalget.
Normpriser vil redusere muligheten for skattemotivert tilpasning
mellom selskaper i interessefellesskap. I pressemelding 18. november
2022 ble det imidlertid varslet at regjeringen i stedet ville vurdere
å opprette et uavhengig organ for å fastsette priser som utgangspunkt
for skatten. I pressemeldingen ble det uttalt at ‘prinsippet om
at det er de reelle inntektene som skal ligge til grunn for grunnrenteskatten,
ligger fast’.»
</Sitat>
Den 20. desember 2023 fastsette Finansdepartementet
så ei eiga forskrift med særreglar for havbruksverksemd, kor det
mellom anna blei fastsett eit prisråd. Det blei òg oppnemnt medlemmer
av dette normprisrådet.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Skatteavrekningsprisar frå prisrådet – systematisk
feil normprisar</Tittel>
Grunnrenteskatten begynte å gjelde 1. januar
2023, men fram til 1. juli 2024 har grunnrenteskatten blitt basert
på havbruksselskapa sine innrapporterte prisar.
Frå 1. juli 2024 begynte skatteavrekningsprisane
frå prisrådet å gjelde, og i desember blei dei foreløpige prisane
sende ut. Frist for merknader blei sett til 17. januar.
Heilt sidan regjeringa lanserte grunnrenteskatten
i september 2022, har normprisordninga blitt kritisert, og det har
blitt peika på ei rekke med utfordrande sider ved ordninga.
Dei foreløpige skatteavrekningsprisane viser
nå at kritikarane har fått rett. Normprisane blir systematisk feil
og vil føre til ei gjennomgåande feil skattlegging av Noregs nest
viktigaste eksportnæring.
Norske havbruksselskap må rett og slett betale
skatt av inntekt dei ikkje har. Det er det motsette av det regjeringa
fleire gonger har slått fast, nemleg at det er dei reelle inntektene
som skal ligge til grunn for grunnrenteskatten.
Kritikken er nærmare konkretisert i fleire forhold, som
at normprisane blir feil fordi det ikkje finst ein marknadsverdi
for laks, at normprisane ikkje er forankra i oppnådd pris, at normering
av kostnader/sjablongfrådrag blir feil, at ASC-prisinga er feil,
at pris på ordinær laks ikkje er riktig, og at normpris på vekenivå blir
uriktig.
Forutan at normprisordninga er i strid med føresetnaden
om reelle inntekter, medfører ordninga eit kostbart byråkrati for
det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa. Vidare vil det
føre til tvistar og klageprosessar og eventuelle rettsprosessar.
</Subsek2>
<Subsek2 Id="i998921">
<Tittel>Manglande stortingsfleirtal for regjeringas
normprisordning</Tittel>
Utviklinga etter at Stortinget vedtok grunnrenteskatten
våren 2023, har vist at det nå truleg ikkje lenger er fleirtal for
ei normprisordning. Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti
stemte mot grunnrenteskatten og har vore mot normpris. I haust har
Venstre varsla at partiet nå òg er mot normprisordninga.
Vidare har sentrale talspersonar både i Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti uttalt seg på ein måte som kan oppfattast
slik at partia ikkje lenger støttar normprisordninga.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Avvikling av normpris ved fastsetting av grunnrenteskatten</Tittel>
Normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatten
blir systematisk feil, og det er stor risiko for at det vil føre
til ei gjennomgåande feil skattlegging av havbruket. Det vil vere
store utgifter til byråkrati for det offentlege og tidkrevjande
arbeid for selskapa med dertil høyrande kostnader, og det vil føre
til ressurskrevjande klageomgangar og eventuelle rettsprosessar.
Samtidig har utviklinga vist at det truleg ikkje lenger er eit fleirtal for
ei normprisordning på Stortinget.
Konsekvensen av alt dette må føre til at normprisordninga
blir avvikla, og at selskapa skal betale skatt av dei inntektene
dei faktisk oppnår ved sal, slik ordninga var før 1. juli 2023.
Grunnrenteskatten må basere seg på dei faktiske salsprisane, faktiske
inntektene og faktiske verdiane som selskapa oppnår.
</Subsek2>
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen blir det fremma
følgande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
Stortinget ber regjeringa fremme forslag om
at havbruksskatten blir utmålt basert på reelle marknadsprisar tilsvarande
som i selskapsskatten, og at dagens ordning med eit normprisråd
blir avvikla.
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>30. januar 2025</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="3" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="2.231in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="2.231in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="2.231in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Olve Grotle</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Helge Orten</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Nikolai Astrup</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Liv Kari Eskeland</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Mari Holm Lønseth</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Erlend Svardal Bøe</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" />
<entry colname="2">

<Uth Type="Halvfet">Sveinung
Stensland</Uth>

</entry>
<entry colname="3" />
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>