<Innstilling Status="Komplett">
<Startseksjon>
<Navn>Representantforslag
5 S</Navn>
<Aar>(2024–2025)</Aar>
<Doktit>frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Haitham El-noush,
Kari Elisabeth Kaski
og Marian Hussein</Doktit>
<Kildedok>Dokument 8:5 S (2024–2025)</Kildedok>
<Ingress>Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid
Fiskaa, Haitham El-noush, Kari Elisabeth Kaski og Marian Hussein
om å avslutta alle norske bidrag til Israels krigsbrotsverk og okkupasjon
av Palestina</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Den internasjonale domstolen har opna folkemordsak
mot Israel og har erklært at det er ein reell fare for folkemord
mot palestinarane i Gaza. Alle land som har slutta seg til folkemordkonvensjonen,
pliktar å gjera det dei kan for å forhindra og ikkje medverka til
folkemord. Uavhengig av om Israel til slutt blir dømt for folkemord,
er det klart at landet står bak svært alvorlege brot på humanitærretten.
Israel har okkupert palestinske område på Vestbreidda,
i Aust-Jerusalem og i Gaza i snart 60 år. Tidlegare i år vedtok
regjeringa å anerkjenna Palestina som stat, og det har lenge vore
norsk politikk at dei israelske busettingane må avviklast. Representantane
bak dette forslaget merkar seg regjeringa si tydelege stemme internasjonalt
for fred og fridom for det palestinske folket, men etterlyser ei
meir konsekvent haldning når det gjeld Noregs forpliktingar etter
folkeretten til å hindra norsk medverknad til den ulovlege okkupasjonen
og brot på humanitærretten.
Den 19. juli 2024 kom Den internasjonale domstolen
med ei rådgjevande erklæring som slo fast at Israel må avslutta
okkupasjonen, stoppa alle busettingsaktivitetar med ein gong, evakuera
alle busettarar og bøta på skadane dei har påført dei palestinske
områda. FN-domstolen går såleis lengre i å konstatera Israels folkerettsbrot
enn dei gjorde i 2004, då det blei slått fast at den israelske muren
bygd på okkupert palestinsk område var ulovleg. Erklæringa Den internasjonal
domstolen kom med i sommar, har følgjer for Noreg fordi domstolen
slår fast at Israels folkerettsbrot vedgår alle statar, og at alle
land er forplikta til å skilja mellom Israels territorium og dei
okkuperte palestinske områda i si samhandling med Israel.
Representantane bak dette forslaget meiner at
det er nødvendig med ein gjennomgang av norsk samhandling med Israel
i lys av den omtalte fråsegna. Utanriksdepartementets gjennomgang
av Noregs forpliktingar utført tidlegare i 2024 er ikkje dekkande,
då den berre vurderte Noregs forpliktingar etter folkemordskonvensjonen
artikkel 1. I tråd med domstolen si fråsegn av 19. juli 2024 må
norsk samhandling med Israel vurderast i lys av Genèvekonvensjonen
og av at Israel nå okkuperer dei palestinske områda i strid med
FN-pakta. Det vil mellom anna vera relevant å sjå på handel til
og frå ulovlege busettingar, investeringar i selskap som har tilknyting til
busettingane, og direktesal av varer som israelske styresmakter
brukar i folkerettsstridige handlingar på okkuperte område. Forslagsstillarane
meiner det er fleire døme på at Noreg ikkje skil mellom Israel og
dei ulovleg okkuperte områda.
<Subsek2>
<Tittel>Norsk handel med ulovlege busettingar</Tittel>
Noreg har gjennom EFTA ei frihandelsavtale med Israel
og ei bilateral handelsavtale med Israel om landbruksvarer. EFTA-Israel
frihandelsavtala inngått i 1992 nemner ikkje dei ulovlege busettingane.
Ifølgje Mattilsynet ligg den norske definisjonen av Israel som det
territoriet som var underlagt israelsk kontroll før 1967, til grunn
for frihandelsavtala, men det er ingenting i verken avtala eller
protokoll B som avgrensar Israel på denne måten. EFTA set menneskerettar
høgt, og alle nyare frihandelsavtaler har eit eige innleiande kapittel
om menneskerettar og miljø. Representantane bak dette forslaget
meiner det er på høg tid at EFTA reforhandlar avtala, inkluderer
eit kapittel om menneskerettar og humanitærretten og tilføyer ein
tydeleg definisjon av opphavsland som skil mellom Israel og dei
okkuperte palestinske områda. Regjeringa har innført obligatorisk
merking av næringsmiddel frå dei okkuperte palestinske områda, men
det er ikkje innført liknande merking av andre varekategoriar.
Med bakgrunn i den alvorlege opptrappinga av
busettingar og vald i dei okkuperte palestinske områda det siste
året kom regjeringa med eit råd til norsk næringsliv om ikkje å
samhandla med dei ulovlege busettingane. Regjeringa viser i den
offisielle frårådinga til norske bedrifter sitt ansvar etter åpenhetsloven,
men sidan internasjonale normer for kor vidt ein stat har rett til
å føre krig, ikkje er eksplisitt nemnde i lova, er norske bedrifter sitt
ansvar noko uklart. Forslagsstillarane meiner eit forbod mot handel
med selskap som støttar opp om dei ulovlege busettingane, vil vera
meir treffsikkert i denne samanhengen.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Indirekte sal av forsvarsmateriell</Tittel>
Etter eksportkontrollregelverket skal ikkje
forsvarsmateriell eksporterast til Israel. Som Sosialistisk Venstreparti
gjentekne gonger har påpeikt, er det fleire hol i regelverket, og
det siste året har ein sett fleire døme på at forsvarsmateriell
produsert av norske bedrifter har blitt brukt av Israel i den brutale
krigen mot Gaza. Komponentar til F-35-flya og olje til Hellfire-rakettar
produserte i Noreg kan enda opp i Israel via USA, som donerer og eksporterer
store mengder våpen til Israel. Utan krav om sluttbrukarerklæring
med reeksportklausul til allierte kan Noreg ikkje forsikre seg mot
at norskprodusert forsvarsmateriell blir brukt av Israel. Tvert
imot har avsløringar i media det siste året vist at tiltru ikkje
er tilstrekkeleg når Noregs allierte har ei heilt anna haldning til
våpeneksport enn Noreg. Den internasjonale Røde Kors-komiteen har
uttalt at statar er forplikta til å vurdera fare for reeksport av
våpen til statar der det er ein risiko for at varene blir brukte
i brot på humanitærretten.
Vidare har ein i dag ingen garanti mot at forsvarsmateriell
produsert av norske bedrifter i utlandet endar opp i Israel. På
gjentekne spørsmål frå Stortinget det siste året har regjeringa
svart at norske våpenprodusentar sine dotterselskap i utlandet må
retta seg etter regelverket i det landet dei opererer i, men at
det blir forventa at selskapa rettar seg etter åpenhetsloven og
eigarskapsmeldinga. Ifølgje desse skal norske selskap gjera skjerpa aktsemdsvurderingar
når det gjeld brot på humanitærretten. Men åpenhetsloven avgrensar
ansvaret til fyrste nedstraums ledd. Om forsvarsmateriell blir vidareselt
til land der det er risiko for at varene blir brukte i brot på humanitærretten,
er såleis ikkje å forstå som selskapet sitt ansvar. Her bryt den
norske lova med retningslinjene for ansvarleg næringsliv i OECD
og FN. Det er derfor naudsynt å revidera åpenhetsloven slik at han
er i tråd med bestestandard.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Oljefondets investeringar</Tittel>
Oljefondet er investert i fleire av dei selskapa
som FN har svartelista for å støtta opp om dei ulovlege busettingane.
Erklæringa frå Den internasjonale domstolen tilseier at fondet må
selja seg ut av desse selskapa. Det siste året har ein likevel vore
vitne til ei ballkasting mellom Finansdepartementet, Noregs Bank
og Etikkrådet som har ført til fullstendig ansvarsfråskriving. Som Etikkrådet
skreiv i sitt brev til Finansdepartementet i august 2024, har det
skjedd ei rettsutvikling dei siste åra der næringslivsaktørar har
fått eit langt større ansvar for å hindra brot på menneskerettane.
Denne utviklinga er ikkje reflektert i dei etiske retningslinjene
til fondet, og det er grunn til å spørja om retningslinjene har
gått ut på dato.
Eit døme som er talande for situasjonen i okkuperte palestinske
område, er dei etiske retningslinjene § 4 c om utelukking av selskap
som sel våpen til krigførande partar. Terskelen for utelukking av
våpenselskap frå oljefondet er langt høgare enn det folkeretten
tilseier, fordi det krevst både alvorlege og systematiske brot på
humanitærretten før Etikkrådet kan anbefale utelukking. I sommar
kom ei ekspertgruppe i FN med ei åtvaring om at finansinstitusjonar
som investerer i selskap som leverer våpen til Israel, kan bli medskuldige
i krigsbrotsverk.
Eit anna døme er åtferdskriteriet i dei etiske
retningslinjene § 4 b om alvorleg krenking av folks rettar i krig
og konflikt, der det blir lagt til grunn at det må vera ein nær
relasjon mellom selskapet si verksemd og folkerettsbrotet. Selskap
som sel generiske varer, vil såleis ikkje bli omfatta av kriteriet
sjølv om dei støttar opp om dei ulovlege busettingane. Forslagsstillarane
meiner at finansministeren bør ta ansvaret og gje same instruks
til Noregs Bank som ved Russlands fullskala invasjon av Ukraina
i 2022. Vidare har dette året vist at tida er inne for ei oppdatering
av dei etiske retningslinjene til oljefondet.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Offentleg innkjøp</Tittel>
Sporveiens kjøp av trikkar frå selskap som også
leverer trikkane til den nye ruta som knytter israelske ulovlege
busettingar i Aust-Jerusalem med israelske Vest-Jerusalem, er eit
av døma på korleis offentleg sektor i Noreg handlar med selskap
som støttar opp om okkupasjonen. Dei siste par åra har fleire kommunar
fatta vedtak som skal hindra slike kjøp, men det vil vera langt meir
effektivt om ny lov om offentlege innkjøp tar Noregs medansvar for
okkupasjon på alvor. I den andre delutgreiinga til ny lov om offentlege
innkjøp viser utvalet til at EUs innkjøpsdirektiv gir avvisingsrett
overfor selskap som kan knytast til folkerettsbrot. Forslagsstillarane
meiner at det bør forskriftsfestast ei plikt til at offentlege etatar
avviser leverandørar som kan knytast til folkerettsbrot.
Vidare framstår det som uklart om Forsvaret
er forplikta til å gjera aktsemdsvurderingar av om leverandøren
bidrar til brot på humanitærretten ved innkjøp av forsvarsmateriell.
Regelverket for innkjøp i forsvarssektoren viser til EØS-avtala
artikkel 123 og slår fast at ein avtalepart ikkje skal hindrast
i å treffa tiltak «som angår produksjon av eller handel med våpen,
ammunisjon og krigsmateriell eller andre varer som er uunnværlige
for forsvarsformål». Sidan Israel har ein forsvarsindustri som produserer
relevante varer for det norske Forsvaret, meiner forslagsstillarane
at det er behov for ei revidering av regelverket for innkjøp i forsvarssektoren
som gjer det tydeleg at også forsvarssektoren må gjera vurderingar
av om leverandørar bidrar til brot på humanitærretten.
</Subsek2>
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Forslag</Tittel>
<Komiteen>
På denne bakgrunnen blir det fremja
følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>forslag:</Tittel>
<Liste Type="Fri">
<Pkt>
1. 	Stortinget ber
regjeringa setja ned ei gruppe med uavhengige folkerettsekspertar
for å gjennomgå norsk samhandling med Israel i lys av Den internasjonale
domstolen si erklæring av 19. juli 2024.
</Pkt>
<Pkt>
2. 	Stortinget ber regjeringa reforhandla
EFTAs frihandelsavtale med Israel slik at avtala tydeleg skil mellom
Israel og okkuperte palestinske område.
</Pkt>
<Pkt>
3. 	Stortinget ber regjeringa legga fram
eit forslag til forbod mot handel med varer og tenester med selskap
som støttar opp om dei ulovlege israelske busettingane.
</Pkt>
<Pkt>
4. 	Stortinget ber regjeringa inngå ei
bilateral avtale med USA om at norskproduserte komponentar i F-35-programmet
ikkje skal inngå i fly som blir eksporterte eller donerte til Israel.
</Pkt>
<Pkt>
5. 	Stortinget ber regjeringa revidera
åpenhetsloven slik at norske selskap blir pålagde å gjera aktsemdsvurderingar
av nedstraums aktivitetar i tråd med UNGP (UN Guiding Principles
on Business and Human Rights) og OECDs retningslinjer for ansvarleg
næringsliv.
</Pkt>
<Pkt>
6. 	Stortinget ber regjeringa gje instruks
til Noregs Bank om raskt nedsal i oljefondet av selskap som svartelista
av FN, og våpenselskap som bidrar til Israels krigsbrotsverk og
ulovlege okkupasjon av palestinske område.
</Pkt>
<Pkt>
7. 	Stortinget ber regjeringa revidera
dei etiske retningslinjene til oljefondet i tråd med rettsutviklinga innan
ansvarleg næringsliv og menneskerettar og humanitærretten.
</Pkt>
<Pkt>
8. 	Stortinget ber regjeringa oppdatera
regelverket om offentlege innkjøp slik at det blir ei plikt å avvisa
selskap som blir knytte til folkerettsbrot.
</Pkt>
<Pkt>
9. 	Stortinget ber regjeringa sørga for
at Forsvaret ikkje inngår avtaler om kjøp av forsvarsmateriell med israelske
leverandørar.
</Pkt>
<Pkt>
10. 	Stortinget ber regjeringa revidera
regelverket for innkjøp i forsvarssektoren slik at også Forsvaret
blir pålagt ei plikt til å vurdera om leverandørar bidrar til brot
på humanitærretten, og setja i verk tiltak dersom dette skulle vera
tilfelle.
</Pkt>
<Pkt>
11. 	Stortinget ber regjeringa sørga for
at norske bidrag til EUs forskingsmidlar ikkje går til israelsk
sikkerheitsforsking.
</Pkt>
</Liste>
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>3. oktober 2024</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="2" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="3.346in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="3.347in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Ingrid Fiskaa</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Haitham El-noush</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Kari Elisabeth Kaski</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Marian Hussein</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>