<Innstilling Status="Arbeid">
<Startseksjon>
<Navn>Grunnlovsframlegg
31</Navn>
<Aar>(2023–2024)</Aar>
<Doktit>Grunnlovsframlegg frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken,
Birgit Oline Kjerstad,
Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa</Doktit>
<Kildedok>Dokument 12:31 (2023–2024)</Kildedok>
<Ingress>Grunnlovsframlegg frå Marian Hussein, Lars Haltbrekken,
Birgit Oline Kjerstad, Kirsti Bergstø og Ingrid Fiskaa om endring
i § 25 (om forbod mot atomvåpen på norsk jord) – MIDLERTIDIG</Ingress>
<TilStortinget>Til Stortinget</TilStortinget>
</Startseksjon>
<Hovedseksjon>
<Kapittel Num="Nei">
<Tittel>Bakgrunn</Tittel>
Bruk av atomvåpen vil ha katastrofale humanitære konsekvensar,
og den einaste garantien mot bruk av atomvåpen er fullstendig avskaffing
av desse våpena. Dette vart i 2010 slått fast av statspartane til
Ikkjespreiingsavtalen, avtalen som vert omtala som hjørnesteinen
i norsk nedrustingsarbeid. I avtalen står det:
<Sitat>
«All States need to make special efforts
to establish the necessary framework to achieve and maintain a world
without nuclear weapons.»
</Sitat>
Sluttdokumentet frå den nemnde tilsynskonferansen
legg vekt på at det er avgjerande at statar medverkar til rettsleggjering
av atomnedrustingspolitikk, slik dette grunnlovsforslaget tek sikte
på.
Noreg deler målet om ei verd utan atomvåpen
med NATO og FN. Målet er nedfelt i NATO sitt strategiske dokument,
seinast i 2022, og i september 2024 forplikta medlemslanda i FN
seg igjen til målet om total avskaffing av atomvåpen i framtidspakta
vedtatt på Framtidas toppmøte i FN i New York.
Det langsiktige målet om avskaffing av atomvåpen samsvarer
med den lange norske tradisjonen med å halda Noreg fritt for desse
masseøydeleggingsvåpena. Allereie på NATO-toppmøtet i Paris i 1957
proklamerte Einar Gerhardsen: «ingen atomvåpen på norsk jord i fredstid».
Til trass for at dette ikkje er lovfesta, har det hatt unison politisk
støtte i Noreg og tydeleg aksept blant Noreg sine allierte. Dagens
tilstand er derimot ingen garanti for framtida.
Derfor er det synet til forslagsstillarane at
det verdigrunnlaget som vert representert gjennom at Noreg er atomvåpenfritt
territorium, bør grunnlovfestast.
<Subsek2>
<Tittel>Om rustingskontroll og forslaget</Tittel>
Eit grunnlovsforslag om å forby produksjon,
innførsel, bruk og utplassering av atomvåpen er i tråd med lange
linjer i norsk forsvars- og tryggingspolitikk. Det er brei politisk
semje om at Noreg framleis skal spela ei pådrivarrolle for ikkje-spreiing
og nedrusting. Eit samrøystes storting støtta opp om dette i 2016
i behandlinga av stortingsmeldinga Globale sikkerhetsutfordringer
i utenrikspolitikken – Terrorisme, organisert kriminalitet, piratvirksomhet
og sikkerhetsutfordringer i det digitale rom (vedtak nr. 623 av
26. april 2016 frå behandlinga av Meld. St. 37 (2014–2015), jf.
Innst. 199 S (2015–2016)), og igjen under behandlinga av Forsvarsløftet
– for Norges trygghet. Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036
(Prop. 87 S (2023–2024), jf. Innst. 426 S (2023–2024)) i 2024.
Å nå målet om ei verd utan atomvåpen vil krevja
ein samla internasjonal innsats på fleire arenaer, men også at nokon
går føre og viser korleis dette kan gjerast i praksis.
Noreg har tradisjonelt vore mellom dei leiande
statane på nedrustingsfeltet. Forslagsstillarane meiner at dette
grunnlovsforslaget styrkar den tradisjonen. Å introdusera nasjonal
grunnlovgiving som forbyr bruk, produksjon, utplassering og introduksjon
av atomvåpen i Noreg, er ein naturleg del av norsk innsats for ei verd
utan atomvåpen. Forslaget er også ei oppfølging av Noreg sine internasjonale
forpliktingar ved at Noreg med dette yter ein ekstra innsats for
å legga til rette for ei verd utan atomvåpen i eige lovverk.
Ei grunnlovfesting av forbod mot atomvåpen i
Noreg vil vera eit verdimessig og politisk fundament for andre internasjonale
politiske verkemiddel og initiativ med same mål. Forslagsstillarane
meiner at ei slik grunnlov er i tråd med Noreg sine konstitusjonelle
tradisjonar ved at heilt sentrale verdiar og interesser for landet
vert grunnlovfesta.
</Subsek2>
<Subsek2>
<Tittel>Tilsvarande lovgiving i andre land</Tittel>
Fleire statar har innført tilsvarande og strengare
lovgiving for å forby atomvåpen nasjonalt enn det som vert føreslått
her. Nokre eksempel er:
New Zealand sementerte antiatomvåpenpolitikken
sin i New Zealand Nuclear Free Zone, Disarmament, and Arms Control
Act i 1987, som forbyr produksjon, introduksjon og oppbevaring av
atomvåpen i landet. Lovgivinga gjer det også ulovleg for borgarane
i landet å medverka til at andre personar gjer dette, inkludert transport
av atomvåpen på land eller i internasjonalt farvatn og dertil oppbevaring
i landet sine hamner. Statsministeren har rett til å nekta internasjonale
fly å landa i New Zealand dersom dei ber atomvåpen.
I 1987 vedtok Filippinene eit grunnlovstillegg
som konstaterer at landet innfører og vil forfølgja ein politikk
for eit atomvåpenfritt Filippinene (Article II seksjon 8 i grunnlova
av 1987). Denne grunnlovfesta politikken inneber at regjeringa ikkje
kan lagra, eller tillata andre å introdusera, atomvåpen på filippinsk
territorium. Vidare forbyr grunnlova fly, skip og køyretøy som ber
atomvåpen, å koma til landet.
I 1999 vedtok parlamentet i Austerrike samrøystes Federal
Constitutional Act for a Nonnuclear Austria, som slår fast at atomvåpen
ikkje skal produserast, lagrast, transporterast, testast eller brukast
i Austerrike, og at infrastruktur for å lagra atomvåpen ikkje skal
settast opp.
I tillegg til nasjonalt lovverk har mange statar
konsolidert innsatsen mot atomvåpen gjennom å inngå i atomvåpenfrie
soner. Gjennom Tlatelolco-traktaten (Treaty for the Prohibition
of Nuclear Weapons in Latin America and the Caribbean), Rarotonga-traktaten
(The South Pacific Nuclear Free Zone Treaty), Bangkok-traktaten
(Treaty on the Southeast Asia Nuclear Weapon-Free Zone), Pelindaba-traktaten
(African Nuclear-Weapon-Free Zone Treaty) og Treaty on a Nuclear-Weapon-Free
Zone in Central Asia er store område erklært atomvåpenfrie.
Også alle statane som har ratifisert FNs atomvåpenforbod,
har implementert forbodet i traktaten i eige lovverk. Det store
fleirtalet av statane i verda reknar atomvåpen som uakseptabelt
og fastset dette gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar.
</Subsek2>
</Kapittel>
</Hovedseksjon>
<Sluttseksjon>
<KomTilrading Num="Nei">
<Tittel>Framlegg</Tittel>
<Komiteen>
På dette grunnlaget gjer ein følgjande
</Komiteen>
<ForslagTilVedtak>
<VedtakS>
<Tittel>framlegg:</Tittel>

<Uth Type="Kursiv">Alternativ 1</Uth>:
§ 25 nytt fjerde ledd skal lyda:
Atomvåpen må ikke produseres, innføres, brukes
eller utplasseres i riket.

Atomvåpen må ikkje produserast, førast inn,
brukast eller setjast ut i riket.

<Uth Type="Kursiv">Alternativ 2</Uth>:
§ 25 nytt femte ledd skal lyda:
[Som alternativ 1]

<Uth Type="Kursiv">Alternativ 3</Uth>:
§ 25 nytt sjette ledd skal lyda:
[Som alternativ 1]

<Uth Type="Kursiv">Alternativ 4</Uth>:
Ny § 25 a skal lyda:
[Som alternativ 1]
</VedtakS>
</ForslagTilVedtak>
</KomTilrading>
<Sign>
<Dato>30. september 2024</Dato>
<Signtab>
<Tbl Kol="2" Tabletag="Tabell-B">

<tgroup cols="3" colsep="0">
<colspec colnum="1" colname="1" colwidth="2.677in" colsep="0" />
<colspec colnum="2" colname="2" colwidth="1.338in" colsep="0" />
<colspec colnum="3" colname="3" colwidth="2.678in" colsep="0" />

<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Marian Hussein</Uth>

</entry>
<entry colname="2" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Lars Haltbrekken</Uth>

</entry>
<entry colname="3" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Birgit Oline Kjerstad</Uth>

</entry>
</row>
<row rowsep="0">
<entry colname="1" align="left">

<Uth Type="Halvfet">Kirsti Bergstø</Uth>

</entry>
<entry colname="2" />
<entry colname="3">

<Uth Type="Halvfet">Ingrid
Fiskaa</Uth>

</entry>
</row>

</tgroup>

</Tbl>
</Signtab>
</Sign>
</Sluttseksjon>
</Innstilling>