Representantforslag 37 S(2026–2027)frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Maren Grøthe og Bengt FasterauneDokument 8:37 S (2026–2027)

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Maren Grøthe og Bengt Fasteraune om ei ny retning for barnevernet sitt institusjonstilbod

Til Stortinget
Bakgrunn

Barnevernet er ein sentral og viktig del av velferdssamfunnet vårt. Om lag 1000 born bur til kvar tid på barnevernsinstitusjon. Institusjonane er ikkje eit tilbod for dei mange, men for dei mest utsette som treng meir. Det er ulike årsaker til at desse borna i ein kortare eller lengre periode må bu på institusjon. Kvart av borna er unikt og har sine eigne behov og ressursar. Dei treng at samfunnet gjer alt ein kan for å gi dei stabile og trygge omsorgsrammer, og gir dei moglegheiter for utvikling og støtte slik at dei kan oppleve ein god barndom og eit godt vaksenliv. Samfunnet må lykkast betre med denne hjelpa enn i dag. Barnevernsinstitusjonsutvalet fremja forslag om ei ny retning for barnevernet sitt institusjonstilbod (jf. NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit). Utvalet viste til at kombinasjonane av eit differensiert tilbod, små og spreidde einingar, lite fleksibilitet og manglande kunnskap om bornas behov hadde ført til systemskapte flyttingar for born med eit særleg behov for ro, normalitet og trygge relasjonar. Mange av borna treng hjelp frå fleire sektorar samstundes. Svikt i samarbeidet fører til at borna ikkje får den hjelpa og omsorga dei treng. Våren 2025 behandla Stortinget Prop. 83 L (2024–2025) (Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet), med ein meldingsdel som skildra målet om ei ny retning for institusjonsbarnevernet. Det skal etablerast nye, fleksible institusjonar, «tun-modell», med tverrfagleg oppfølging og hjelp frå fleire sektorar – som til dømes helsesektoren –, der målet er at born kan vere i ro og på éin stad til ting ordnar seg.

Rask omstilling av institusjonstilbodet

Eit hovudmål i kvalitetsløftet er å gi borna eit meir heilskapleg, forutsigbart og tilpassa omsorgs- og hjelpetilbod. Institusjonstilbodet skal gradvis omstillast til meir fleksible institusjonar som betre kan ivareta born med ulike behov. Meldinga fekk brei støtte i Stortinget. Som eit ledd i oppfølginga av reforma er Bufdir og Bufetat i gang med å pilotere ei ny innretning av institusjonstilbodet ved fire institusjonar – alle statlege. Forslagsstillarane meiner at denne omstillinga går for sakte. Det er ingen forpliktande plan for korleis denne omstillinga skal skje, og regjeringa har heller ikkje fremma ei målsetjing for når ei slik omstilling skal vere gjennomført.

Forslagsstillarane meiner at utan ein viss fart på omstillinga, og større føreseielegheit for korleis omstillinga skal skje, vil det bli vanskeleg å få til ei slik ny retning. Forslagsstillarane meiner at regjeringa snarast mogleg må legge fram ein overordna og forpliktande plan for omstilling av institusjonane i barnevernet i tråd med kvalitetsløftet, jf. Prop. 83 L (2024–2025.)

Opphaldsdøgn i institusjonsbarnevernet var ved utgangen av 2025 fordelt med 26 prosent i ideelle barnevernsinstitusjonar, 36 prosent i private kommersielle institusjonar og 38 prosent i statlege barnevernsinstitusjonar. Forslagsstillarane er opptatt av å styrkje dei ideelle aktørane sin del i barnevernet. Då er det viktig at dei blir involverte og får ta del i omstillingsarbeidet og pilotutviklinga. Ideelle aktørar må få omstillingsstøtte for å kunne utvikle nye typar barnevernsinstitusjonar i tråd med ny retning.

Regional bistandsplikt

Born i barnevernet opplever altfor mange flyttingar. Barnevernsinstitusjonsutvalet foreslo å innføre rett til institusjonsopphald i eigen region for å hindre «langflytting» av born utanfor eigen landsdel. Dette vart ikkje tatt opp som forslag i kvalitetsløftet, Prop. 83 L (2024–2025) .

Forslagsstillarane meiner at born ikkje skal måtte oppleve flytting langt vekk frå eige nærmiljø, vener og familie, om ikkje dette blir sett på som til bornets beste. I dag er institusjonstilbodet ikkje i stor nok grad dimensjonert etter bornas behov, men etter kor det har vore mest attraktivt å opprette ein intsitusjon. I nokre regionar er det overetablering av barnevernsinstitusjonar, slik som i Agder, Alta og Østfold, med langt fleire institusjonsplassar enn det som folketalet tilseier.

Ei regional bistandsplikt kan ikkje innførast raskt, men må leggjast som premiss i utviklinga, dimensjoneringa og omstillinga av institusjonstilbodet. Regional bistandsplikt er å vise respekt og forståing for at born som treng hjelp frå barnevernet og må ha opphald på institusjon, må få dette nærmast mogleg der dei bur, og i eigen region. Å måtte flytte til ein ny og framand landsdel fordi det ikkje finst plassar i eigen region, er ikkje eit system som er til bornets beste.

Kommunal eigenandel

Med oppvekstreforma (jf. Prop. 73 L (2016–2017)) fekk kommunane eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernstiltak for born utanfor heimen. Målet var å gi kommunane betre moglegheiter og sterkare insentiv til førebygging og tidleg innsats. Eigenandelen for ein institusjonsplass blei kraftig auka. I 2026 er satsen på 197 225 kroner per månad per born ved opphald i barnevernsinstitusjonar. Barnevernsinstitusjonsutvalet problematiserte nivået på eigenandelar og foreslo ein kraftig reduksjon. Mindre kommunar kan slite mykje med økonomien og budsjettet dersom dei får ein eller fleire familiar med born som treng institusjonsopphald. Forslagsstillarane meiner at det framleis bør vere kommunal eigenandel for institusjonsopphald, men at nivået må reduserast betrakteleg. Dette gjeld ikkje berre for å gi kommunar mindre økonomisk risiko, men også for å sikre at born faktisk får det institusjonstilbodet dei treng, uavhengig av kommuneøkonomien.

Ny godkjenningsordning forå sikre kvalitet

A-krimsenteret i Tønsbergs rapport viser at kriminelle aktørar har hatt sentrale roller hjå fleire private leverandørar av barnevernstenester. I dag blir alle barnevernsinstitusjonar godkjende av ei eiga ordning der Bufetat både er godkjenningsmyndigheit og institusjonseigar. Denne rolleblandinga, og det faktum at godkjenningsordninga ikkje har hindra kriminelle aktørar i å bli godkjende til å drive barneverninstitusjonar i Noreg, er grunn til å gjere endringar. I NOU 2023: 24 blei det fremja forslag om å avvikle dagens ordning og etablere ei ny nasjonal godkjenningseining som får ansvaret for godkjenning av alle barnevernsinstitusjonar, inkludert institusjonane i Oslo kommune. Forslagsstillarane meiner at avsløringane i A-krimsenteret i Tønsbergs rapport syner at det er stort behov for å etablere eit nytt godkjenningssystem, og meiner som utvalet at dette må leggjast organisatorisk under Barne- og familiedepartementet.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa innan juni 2027 leggje fram ein overordna og forpliktande plan for omstilling av institusjonane i barnevernet i tråd med kvalitetsløftet, jf. Prop. 83 L (2024–2025).

  2. Stortinget ber regjeringa sikre at born blir gitt lovfesta rett til institusjonsopphald i eigen region (regional bistandsplikt), jf. forslag i NOU 2023: 24, og at dette blir lagt til grunn for dimensjonering og omstilling av institusjonsbarnevernet.

  3. Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag for Stortinget om ei eiga omstillingsstøtte for ideelle tilbydarar innan institusjonsbarnevernet som vil omstille drifta til ny institusjonsmodell (tun-modell), jf. kvalitetsløftet i institusjonsbarnevernet.

  4. Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å etablere ei ny nasjonal godkjenningseining underlagd departementet, som får ansvar for godkjenning av alle barnevernsinstitusjonar, jf. forslag i NOU 2023: 24.

  5. Stortinget ber regjeringa foreslå ei omlegging av finansieringssystemet for institusjonsbarnevernet, med sikte på å redusere kommunens eigenandelar ved institusjonsopphald betydeleg, jf. forslag i NOU 2023: 24.

4. november 2026

Kjersti Toppe

Maren Grøthe

Bengt Fasteraune