<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<detaljert_sporsmal xmlns:i="http://www.w3.org/2001/XMLSchema-instance" xmlns="http://data.stortinget.no">
  <begrunnelse>EU-president Ursula von der Leyen lanserte ideen om eit europeisk/internasjonalt sikkerheitsråd i sin "State of the Union"-tale til EU-parlamentet 16. september.  I tillegg til EU lanserte ho også Noreg, Storbritannia, Canada og Ukraina som medlemmer i dette nye rådet. Ho antyda også fleire medlemmer, utan å konkretisera desse.&lt;br/&gt;&lt;br/&gt;Utanriksminister Eide kommenterer dette i Dagens Næringsliv same dag, og er utvetydig positiv. Her blir også Island nemnt som mogleg medlem. Utanriksministeren seier likevel at dette strategiske partnarskapet ikkje skal utfordra NATO som ramma for "det norske kollektive forsvaret". Utanriksministeren blir gjengitt på at han meiner at NATO og EU må ha eit tett samarbeid.&lt;br/&gt;&lt;br/&gt;Frå von der Leyen si side vert dette sikkerheitsrådet grunngitt med motstand mot Russlands angrep på Ukraina, og på antatte russiske droneangrep innan EUs grenser, og at dette krev felles svar. EU-presidenten vil dessutan etablera ein europeisk beredskapsmekanisme for hendingar som truar nasjonal sikkerheit, og nemner mellom anna cyberangrep og sabotasje. Ho ønskjer ein mekanisme som skal "supplera NATOs artikkel 4", ifølgje Dagens Næringsliv. Ho varsla også ein ny europeisk sikkerheitsstrategi.</begrunnelse>
  <besvart_av>
    <respons_dato_tid>2026-10-14T17:13:47.8397002+02:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Eide</etternavn>
    <foedselsdato>1964-05-01T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Espen Barth</fornavn>
    <id>EBE</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </besvart_av>
  <besvart_av_minister_id>UD</besvart_av_minister_id>
  <besvart_av_minister_tittel>utenriksministeren</besvart_av_minister_tittel>
  <besvart_dato>2026-10-07T04:52:40</besvart_dato>
  <besvart_pa_vegne_av i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_id i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_tittel i:nil="true" />
  <dagsorden_saknummer>-1</dagsorden_saknummer>
  <datert_dato>2026-10-01T12:52:32.077</datert_dato>
  <flyttet_til>ikke_spesifisert</flyttet_til>
  <fremsatt_av_annen i:nil="true" />
  <id>127494</id>
  <legacy_id>110277</legacy_id>
  <rette_vedkommende i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_id i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_tittel i:nil="true" />
  <sendt_dato>2026-10-02T13:46:56.066</sendt_dato>
  <sesjon_id>2026-2027</sesjon_id>
  <sporsmal>EU-presidenten har lansert ideen om eit europeisk/internasjonalt sikkerheitsråd, der også Noreg blir nemnt som mogleg medlem. &lt;br/&gt;Korleis vil dette forhalda seg til Noregs posisjon som medlem av FN og NATO, og kan det koma til å utfordra norsk suverenitet?</sporsmal>
  <sporsmal_fra>
    <respons_dato_tid>2026-10-14T18:07:09.7814493+02:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Fiskaa</etternavn>
    <foedselsdato>1977-04-16T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Ingrid</fornavn>
    <id>INF</id>
    <kjoenn>kvinne</kjoenn>
    <fylke>
      <respons_dato_tid>2026-10-14T06:56:49.5590323+02:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <historisk_fylke>false</historisk_fylke>
      <id>Ro</id>
      <navn>Rogaland</navn>
    </fylke>
    <parti>
      <respons_dato_tid>2026-10-14T01:00:18.6640908+02:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <id>SV</id>
      <navn>Sosialistisk Venstreparti</navn>
      <representert_parti>true</representert_parti>
    </parti>
    <vara_representant>false</vara_representant>
  </sporsmal_fra>
  <sporsmal_nummer>8</sporsmal_nummer>
  <sporsmal_til>
    <respons_dato_tid>2026-10-14T17:13:47.8397002+02:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Eide</etternavn>
    <foedselsdato>1964-05-01T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Espen Barth</fornavn>
    <id>EBE</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </sporsmal_til>
  <sporsmal_til_minister_id>UD</sporsmal_til_minister_id>
  <sporsmal_til_minister_tittel>utenriksministeren</sporsmal_til_minister_tittel>
  <status>besvart</status>
  <svar>Europa står i ein svært alvorleg tryggingspolitisk situasjon. Det er positivt at presidenten i Europakommisjonen tek initiativ til å styrkje tryggleikssamarbeidet i Europa og ønskjer Noreg med på laget. Vi må avvente nærare presiseringar frå EU om kva dette framlegget konkret vil innebere i praksis før vi kan ta stilling til innhaldet. &lt;br/&gt;&lt;br/&gt;Ei eventuell norsk deltaking i eit slikt organ kan naturlegvis ikkje vere i strid med norsk suverenitet eller Noregs forpliktingar som medlem av FN og NATO. NATO er framleis hjørnesteinen for forsvar og tryggleik i Europa. FN-pakta og FN si unike rolle i internasjonalt samarbeid står fast med heilhjarta norsk støtte, uavhengig av eit europeisk tryggingsråd. Posisjonen til Tryggingsrådet i FN vil difor ikkje kunne utfordrast. Samstundes både opnar og oppmodar FN-pakta medlemslanda til å skipe regionale ordningar for å ivareta fred og tryggleik.&lt;br/&gt;</svar>
  <tittel>EU-presidenten har lansert ideen om eit europeisk/internasjonalt sikkerheitsråd, der også Noreg blir nemnt som mogleg medlem. 
Korleis vil dette forhalda seg til Noregs posisjon som medlem av FN og NATO, og kan det koma til å utfordra norsk suverenitet?</tittel>
  <type>skriftlig_sporsmal</type>
</detaljert_sporsmal>