<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<detaljert_sporsmal xmlns:i="http://www.w3.org/2001/XMLSchema-instance" xmlns="http://data.stortinget.no">
  <begrunnelse>Stord lufthamn har etter at ruta Stord–Oslo vart teke inn i dei statlege FOT-rutene frå 1. april 2024 opplevd ein svært sterk trafikkvekst. I 2025 vart det sett passasjerrekord med om lag 52 700 reisande, ein auke på nærare 45 prosent frå året før. Lufthamnleiinga peikar på at veksten i hovudsak skuldast FOT-ordninga, som har gitt fleire avgangar, stabile og lågare prisar og dermed gjort flytilbodet langt meir attraktivt for både næringsliv og innbyggjarar i Sunnhordland. Trafikkutviklinga held fram inn i 2026.&lt;br/&gt;Ei rapport frå Menon Economics, omtalt i same samanheng, viser at Stord lufthamn bidreg med rundt 33 millionar kroner årleg i verdiskaping og om lag 31 arbeidsplassar, i tillegg til betydelege ringverknader for næringslivet i regionen. Lufthamna spelar òg ei viktig rolle for beredskap, tilgjenge og som avlasting for veg- og ferjesamband i ein region med store avstands- og reisetidsutfordringar.&lt;br/&gt;Samtidig vert det åtvara mot at grunnlaget for vidare drift kan falle bort dersom Stord–Oslo-ruta ikkje vert teke med vidare når gjeldande FOT-kontrakt går ut i oktober 2027. Lufthamnleiinga har peika på at utan FOT-ruta vil det vere svært krevjande å oppretthalde eit stabilt og føreseieleg rutetilbod, trass i dokumentert etterspurnad og samfunnsnytte.</begrunnelse>
  <besvart_av>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T10:01:54.0468347+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Nygård</etternavn>
    <foedselsdato>1973-01-02T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Jon-Ivar</fornavn>
    <id>JONN</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </besvart_av>
  <besvart_av_minister_id>SD</besvart_av_minister_id>
  <besvart_av_minister_tittel>samferdselsministeren</besvart_av_minister_tittel>
  <besvart_dato>2026-04-13T14:43:24.2303668</besvart_dato>
  <besvart_pa_vegne_av i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_id i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_tittel i:nil="true" />
  <dagsorden_saknummer>-1</dagsorden_saknummer>
  <datert_dato>2026-04-03T18:20:47.79</datert_dato>
  <flyttet_til>ikke_spesifisert</flyttet_til>
  <fremsatt_av_annen i:nil="true" />
  <id>120585</id>
  <legacy_id>108062</legacy_id>
  <rette_vedkommende i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_id i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_tittel i:nil="true" />
  <sendt_dato>2026-04-07T08:58:38.623</sendt_dato>
  <sesjon_id>2025-2026</sesjon_id>
  <sporsmal>Kan statsråden gjere greie for om han legg til grunn at Stord–Oslo-ruta framleis skal inngå i FOT-ordninga også etter utløpet av gjeldande kontrakt i 2027?</sporsmal>
  <sporsmal_fra>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T10:43:46.693619+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Njåstad</etternavn>
    <foedselsdato>1980-06-05T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Helge André</fornavn>
    <id>HNJ</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
    <fylke>
      <respons_dato_tid>2026-11-23T05:53:54.8543403+01:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <historisk_fylke>false</historisk_fylke>
      <id>Ho</id>
      <navn>Hordaland</navn>
    </fylke>
    <parti>
      <respons_dato_tid>2026-11-23T01:00:19.5318962+01:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <id>FrP</id>
      <navn>Fremskrittspartiet</navn>
      <representert_parti>true</representert_parti>
    </parti>
    <vara_representant>false</vara_representant>
  </sporsmal_fra>
  <sporsmal_nummer>2267</sporsmal_nummer>
  <sporsmal_til>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T10:01:54.0468347+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Nygård</etternavn>
    <foedselsdato>1973-01-02T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Jon-Ivar</fornavn>
    <id>JONN</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </sporsmal_til>
  <sporsmal_til_minister_id>SD</sporsmal_til_minister_id>
  <sporsmal_til_minister_tittel>samferdselsministeren</sporsmal_til_minister_tittel>
  <status>besvart</status>
  <svar>Ordninga med statleg kjøp av flyruter (FOT) skal bidra til å sikre eit tilfredsstillande flytilbod i område der det ikkje er grunnlag for kommersiell drift, og vert utforma på bakgrunn av transportfaglege vurderingar og overordna prioriteringar.&lt;br/&gt;I arbeidet med ny konkurranse om drift av FOT-ruter i Sør-Noreg frå 1. november 2027 gjer departementet samla vurderingar av rutetilbodet, mellom anna i lys av omsynet til eit tenleg transporttilbod, statens utgifter og kva som er praktisk og politisk gjennomførbart.&lt;br/&gt;Eg tek sikte på å kunngjere konkurransen i løpet av april. Kva for ruteområde som vil inngå i konkurransen, vil gå fram av kunngjeringa.</svar>
  <tittel>Kan statsråden gjere greie for om han legg til grunn at Stord–Oslo-ruta framleis skal inngå i FOT-ordninga også etter utløpet av gjeldande kontrakt i 2027?</tittel>
  <type>skriftlig_sporsmal</type>
</detaljert_sporsmal>