<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<detaljert_sporsmal xmlns:i="http://www.w3.org/2001/XMLSchema-instance" xmlns="http://data.stortinget.no">
  <begrunnelse>Eg viser til tidlegare spørsmål nr. 2131 (2024-2025) om same sak.&lt;br/&gt;Fire år gamle Manal vart medisinsk evakuert frå Gaza for behandling i Noreg for eit år sidan og kom hit saman med mor Tamara. Far Ahmad og veslebror Rajab er igjen i Gaza. &lt;br/&gt;Ahmad og Rajab har fått opphaldsløyve av UDI, men vedtaket går ut i februar og den humanitære situasjonen i Gaza er frykteleg. Teltet dei bur i er oversvømt grunna vinteren og avløpssystemet som er øydelagt av israelske angrep. Vatn, kloakk og søppel flyt i gatene og madrassane dei søv på er gjennomvåte. &lt;br/&gt;Den Internasjonale Raude Krosskomiteen kan hjelpa faren og veslebroren med å koma seg til grensa, men det er naudsynt med konsulær bistand for å få familien trygt ut av Gaza, gjennom Israel, Jordan eller Egypt og hit til Noreg.&lt;br/&gt;ICRC har uttrykt at dei i visse tilfelle kan hjelpa med delar av evakueringa, men dette gjeld prosessen inne på Gaza. Grensekryssinga ut av Gaza, videre reise gjennom Israel, grensekryssing inn i Jordan og vidare reise til Noreg er umogleg  utan konsulær bistand frå norske styresmakter.</begrunnelse>
  <besvart_av>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T17:15:44.4281736+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Eide</etternavn>
    <foedselsdato>1964-05-01T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Espen Barth</fornavn>
    <id>EBE</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </besvart_av>
  <besvart_av_minister_id>UD</besvart_av_minister_id>
  <besvart_av_minister_tittel>utenriksministeren</besvart_av_minister_tittel>
  <besvart_dato>2026-01-12T09:27:56.1718276</besvart_dato>
  <besvart_pa_vegne_av i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_id i:nil="true" />
  <besvart_pa_vegne_av_minister_tittel i:nil="true" />
  <dagsorden_saknummer>-1</dagsorden_saknummer>
  <datert_dato>2025-12-22T13:32:44.5</datert_dato>
  <flyttet_til>ikke_spesifisert</flyttet_til>
  <fremsatt_av_annen i:nil="true" />
  <id>114031</id>
  <legacy_id>106156</legacy_id>
  <rette_vedkommende i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_id i:nil="true" />
  <rette_vedkommende_minister_tittel i:nil="true" />
  <sendt_dato>2025-12-22T13:34:57.561</sendt_dato>
  <sesjon_id>2025-2026</sesjon_id>
  <sporsmal>Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra.&lt;br/&gt;Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg særskilt ansvar for gjennom medisinsk evakuering - den grunnleggande menneskeretten det er å ha eit familieliv?</sporsmal>
  <sporsmal_fra>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T18:13:46.4867679+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Fiskaa</etternavn>
    <foedselsdato>1977-04-16T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Ingrid</fornavn>
    <id>INF</id>
    <kjoenn>kvinne</kjoenn>
    <fylke>
      <respons_dato_tid>2026-11-23T17:53:56.3395788+01:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <historisk_fylke>false</historisk_fylke>
      <id>Ro</id>
      <navn>Rogaland</navn>
    </fylke>
    <parti>
      <respons_dato_tid>2026-11-23T01:00:19.5318962+01:00</respons_dato_tid>
      <versjon>1.6</versjon>
      <id>SV</id>
      <navn>Sosialistisk Venstreparti</navn>
      <representert_parti>true</representert_parti>
    </parti>
    <vara_representant>false</vara_representant>
  </sporsmal_fra>
  <sporsmal_nummer>975</sporsmal_nummer>
  <sporsmal_til>
    <respons_dato_tid>2026-11-23T17:15:44.4281736+01:00</respons_dato_tid>
    <versjon>1.6</versjon>
    <doedsdato i:nil="true" />
    <etternavn>Eide</etternavn>
    <foedselsdato>1964-05-01T00:00:00</foedselsdato>
    <fornavn>Espen Barth</fornavn>
    <id>EBE</id>
    <kjoenn>mann</kjoenn>
  </sporsmal_til>
  <sporsmal_til_minister_id>UD</sporsmal_til_minister_id>
  <sporsmal_til_minister_tittel>utenriksministeren</sporsmal_til_minister_tittel>
  <status>besvart</status>
  <svar>Norske styresmakter har over lang tid bistått personar som kan få konsulær bistand frå Noreg med å reise ut av Gaza. Det er gitt tilbod om assistert utreise til norske borgarar og utanlandske borgarar som er busette i Noreg, samt til nære familiemedlemmer av desse som har gyldig opphald i Noreg og reiser saman med dei. Vi har bistått om lag 300 personar med utreise.&lt;br/&gt;For å kunne bistå denne gruppa personar med assistert utreise frå Gaza, har ein i praksis òg måtta sørgje for vidare transport ut av regionen og til Noreg. Norske styresmakter har måtta yte ein betydeleg grad av konsulær bistand i desse sakene, både når det gjeld sjølve grensekryssinga og med etterfølgjande hjelp til vidare reise.&lt;br/&gt;I sakene som representanten sitt spørsmål gjeld, er mor og dotter i Noreg gjennom Medevac-ordninga, medan far og eit barn er i Gaza. Medisinsk evakuering frå Gaza vart etablert for å hjelpa og tilby behandling til flest moglege pasientar innanfor ein kvote på 100 for å avlasta helsesystemet i Gaza. Val av pasientar og deira oppførte følgjepersonar baserer seg på lister frå Verdshelseorganisasjonen. Diverre  er det slik at familiar kan bli splitta i samband med at pasientar får tilbod om medisinsk behandling i Noreg eller andre land gjennom Medevac-ordninga.&lt;br/&gt;I sakene som representanten sitt spørsmål gjeld, dreier det seg om å bistå utanlandske borgarar som nyleg har fått opphaldsløyve i Noreg, men som ikkje er busette i Noreg, med både grensekryssing og vidare hjelp. Norske styresmakter kan dessverre ikkje påta seg å yte same type bistand til denne gruppa som til norske borgarar. Ei innvilga opphaldsløyve i Noreg gir ein rett til innreise i riket, men norske styresmakter kan ikkje påta seg å sørgje for at alle som har fått ei løyve, kan kome seg hit og ta i bruk løyvet. Det gjeld både personar som oppheld seg på Gaza og andre stader det kan vere vanskeleg å reise til Noreg frå.&lt;br/&gt;Eg har tidlegare svara på spørsmål om bistand til utreise frå Gaza for dei denne saka gjeld, samt andre personar i liknande situasjon. Eg viser her til mine tidlegare svar til representant Fiskaa den 13.05.2025, samt til representant Hege Bae Nyholt den 26.11.2025.</svar>
  <tittel>Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra.
Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg særskilt ansvar for gjennom medisinsk evakuering - den grunnleggande menneskeretten det er å ha eit familieliv?</tittel>
  <type>skriftlig_sporsmal</type>
</detaljert_sporsmal>